lørdag 10. mai 2014

Mavrovo, Vevchani, Ohrid; Macedonia (2:5)

Med hotellet i Ohrid som base, og med eigen, kunnskapsrik guide (Nebojsa), fekk vi stort utbyte av dei to dagane vi hadde på denne vakre staden. 


We had the hotel in Ohrid as our base, and our fantastic guide Nebojsa took us to so many interesting and beautiful places during our two days here that I can hardly believe we reached it all.


Med eigen buss, kom vi oss rundt "over alt"! Denne dagen er vi på tur i nasjonalparken Mavrovo, som mellom anna inneheld dei høgste fjella i landet - opptil 2764 moh (Korab). Her oppi fjella blømde ville tre som skulle dei hatt betaling for det!
We are on tour in Mavrovo National Park, in which the highest mountains are situated: up to 2764 meters above sea level (Golem Korab - higher than the highest Norwegian mountain - argh!) 

Mavrovo-sjøen er oppdemd, og dermed ligg den gamle kyrkja nesten alltid under vatn. 
  The Lake Mavrovo is dammed, at the expenses of a church - most of
the time, only the tower rages above the water surface. 

Dagens høgdepunkt: St. Jovan Bigorski-klosteret (Døyparen Johannes, 11. århudre) - laaangt oppi fjellom. Heile dalen er full av blømande tre, og saueflokkar med gjetarar som passar på.
This day's highlight: Sv.Jovan Bigorski monastery (St.John the baptist, 11th century). Far up in the mountains, with a beautiful view towards the valley with its white-blooming trees and flocks of sheep ---

Her er det ikkje tillate å fotografera innvendig, heller ikkje å ta bilete av munkane. Men du verda - det er nok å festa til minnebrikken utvendig -! 
We are not supposed to take photos inside, nor of the monks -
but there are certainly enough motives outside -!

Uvanleg vakkert! Korset står tydeleg fram utan å vera prangande -
Outstanding! The cross is very visible, yet not showy -

og på motsett side av dalen, ragar minaretane trimferande opp. Makedonia er eit kristent land, men med 30% muslimar. Gjennom alle år har det vore maktkamp mellom dei to religionane, og som guiden sa: "Når muslimane byggjer ein moske, svarar alltid dei kristne med å byggje ei kyrkje. Det er veldig mange gudshus i dette landet ---" 
- and on the opposite side of the valley, the minarets are looming. Macedonia is a Christian country, still there are 30% Muslims. Throughout the years, the two religions have had a battle  of power - as the guide said: "When the Muslims build a mosque, the Christians answer by building a church. We have very many places of worship in this country ---"

Uansett: utsynet frå klosteret er aldeles nydeleg!
Anyway: this view is so nice!

Vel, vi forlet klosteret, og kjem til den vesle byen Vevchani, der vi ruslar rundt i gatene. Inni eit portrom heng desse maiskolbene til tørk 
Well, we leave the monastery, and arrive at Vevchani, a small town where we take a stroll in the streets. Inside a patio I can see this corn on the cob 

- og utanfor står den siste rest av Jugoslavia parkert! 
- and outside, the last remnants of Yugoslavia is parked!

For andre gong kjem vi til ei oppkome, som resulterer i ei skikkeleg elv. 
For the second time, we come to a well which makes a great river!

Bak meg er det ikkje vatn i det heile teke - elva byrjar rett ved føtene mine! 
Behind me there is no water at all - the river starts just by my feet!

Langt om lenge kom vi tilbake til byen, og dagen etter var det tid for ein lang runde i gamlebyen i Ohrid. Her er St. Clemet av Ohrid; opphavsmannen til det kyrilliske alfabetet. 
Finally, we returned to the city, and the following day, we went to see the old town of Ohrid. It all started at the statue of St. Clemet of Ohrid; the man who created the Cyrillic alphabet.

Husa var bygde slik at det skulle vera plass for kjerrer å passere i gatene, men dei skulle også beskytta mot sola - så dei vart bygde ut i dei øvste etasjane. 
The houses were built so that the road was broad enough for carriages to pass each other, but to protect against the sun, the second floor was wider.

St. Sofia-kyrkja, som skriv seg tilbake til det 11. hundreåret. 
The St. Sophia Church from the 11th century.

Ohrid er ein vakker by, med om lag 42.000 innbyggjarar. 
Ohrid is a friendly and pleasant city, with about 42.000 inhabitants.

Ein liten fiskarlandsby rett utanfor byen - 
A small fishing village, just outside the city -

på vegen til Johanneskyrkja i Kaneo.
- on the way to St. John's church in Kaneo.

Her er det vakker natur!
So lush in April!

Vi klatrar oppover, og kjem til staden der dei driv og byggjer det nye universitetet i Ohrid, sjølvsagt kalla opp etter St. Clemet. Som overalt elles: klart dei finn interessante funn når dei grev ut grunnen her!
Above the church in Kaneo, the new university of Ohrid is being built. Lots of ongoing excavations!

Og heilt på toppen: Sjølvsagt festninga, som vert kalla Samuel
sitt fort. Ein interessant artikkel om dette, er:
And at the very top of the hill, there is certainly a fortress - Samuel's fortress. Here is a very interesting article: Samuel's Fortress 

No for tida: Fredeleg og kjempeflott på toppen av borga! 
Today: Peaceful and great on top of the fortress!

Det er ikkje ende på historie - Jammen er det ikkje eit skikkeleg amfiteater i byen også! 
An endless stream of historical sites: here a great amphitheater!

Her står vi utanfor kyrkja  Sv.Bogorodica Perivlepta frå det 13. århundret, som innvendig har ei freske som skal forestilla Gud; skildra som ein kvinneskapnad med venger og tre glorifiserte hovud! 
Outside the church  Sv.Bogorodica Perivlepta from the 13th c.. Inside, there is a fresco showing God as a woman with three glorified heads!

Meir prosaisk: utsal av ekte Ohrid-perler, laga av fisk! Faktisk er varemerket beskytta, og det er berre to familiar som kjenner til korleis perlene vert laga. Veldig fine saker!
More prosaic: here they sell pure Ohrid pearls - made of fish! In fact, the  trademark is protected, and there are only two families who know how to produce them. Really nice stuff! 

Så er siste kvelden i Ohrid komen. Klare for nye eventyr!
Last evening in Ohrid - ready for new adventures!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar