onsdag 17. august 2011

Madland - himmeltur igjen!

Sommaren - og ferien - syng på siste verset. Og eg som nesten ikkje har fått vore i fjellet ! I rein desperasjon og med ein solid dose trass (var uvanleg lite opplagt), pakka eg i går fotosekken med 4,2 kg fotoutstyr (d.v.s. rubbel og bit av det eg har), nok mat til ein heil dag, bikini og ullstillongs. Vermeldinga var helst diffus; det kunne bli "alt". Heldigvis for meg vart det berre noko; regnet kom ikkje før i natt!

 Madland er eit fjellområde eg oppdaga på slutten av 70-talet. Den gongen vart det mest brukt til skiutfart, men etter kvart som snøen kraup lenger og lenger opp i høgda, minka det på vinterbruken. Stiane har likevel vore mange og i god bruk på sommarstid, fram til for nokre få år sidan. Då vart det slutt på sauehaldet i denne heia, noko som - i lag med ein generell auke i temperaturen - har gjort at det sprett opp med skog der det tidlegare aldri har vakse eit tre. Eg ser det frå år til år: området vert mindre og mindre brukt, og der det tidlegare var tydeleg sti, må ein no vera kjend for å finna han. Vel, det gode med det er jo at ein finn fred og ro og urørt natur og kan - om det trengst - gå bak ein stein sjølv om steinen manglar!

Så kan ein altså gå der i ro og mak og suga inn lyden av stillhet, nyta synet av dei skiftande, vakre lysspela over fjell og vatn, og registrera dei små teikna på at naturen førebur seg på vinteren. 

 Eit siste desperat forsøk på å strekka 
sommaren med eit nytt blad ---

 Bjønnkam; nydeleg bregne som trivst i Madland

 Næh - hei, du!!

Mest lilla i fjellet no for tida - men ei og 
anna tepperot smyg seg fram innimellom 

 Ja, og så vert det meir og meir gult 
i bjønnskjegget og.

 Raude fristerinner - skinnet bedrar!

Hjelpe meg - dette var Fisketjønnbu! 

Ein eller annan kjuke på ein nedhogd 
bjørkestubbe.  

Visste ikkje at mose et sopp?? 

Skyene - og dermed lyset - skifta heile tida. 
Spennande! 

Pause ved Fisketjønn(bu) 

Eitt av måla var å fotografera soldogg. Første gongen eg oppdaga han her, var i 1978, med nytt Canon AE1. Med snudd, handhalde normalobjektiv og manuelt innstilt lukkartid på gefühlen, vart resultatet eit trykk i plakatstørrelse! Den gongen heldt eg på å detta i vatnet då eg tok biletet - denne gongen valde eg ein litt annan vinkel. Planten står nede i mosen - du ser han vel? 

Eg stemmer for at soldoggen må bli flat! 
Umulig å få alt i fokus på ein gong --- 

OK, så får vi heller konsentrera oss om detaljar, då. 

Oisan - rypebærblada har begynt å få den 
umiskjennelege raudfargen. Har det allereie 
vore frost her? 

På dette stadiet var eg så trøytt at det ikkje var 
snakk om å leggja seg ned for å ta bilete lenger. 
Orka framleis setja meg - men soldoggfotogra-
feringa tok siste piften! Fint at det vaks røsslyng 
rett ved rypebæra; så sat eg på same staden.

Ein og annan rome var framleis optimistisk gul 

- men dei fleste hadde kapitulert og kledd seg for hausten. 

Det var ein gong --- No kan ein gå kvar ein vil! 

Raud haust på veg 

Har kome meg i bilen og køyrer nedover Gjesdal, 
då denne flotte bisola oppstår. Det får ikkje 
hjelpa: om eg er aldri så trøytt, må eg stoppa! 

Det er ikkje berre naturen sjølv som førebur vinteren 

 Bisola heldt seg i nesten ein time, og vart endå 
meir intens då eg nådde Ålgård. Flaks at 
flyet letta frå Sola akkurat i rette tid for meg -!

Guri malla, det vart ein lang dag. Lang og anstrengande og veldig avslappande: ein skikkeleg HIMMELTUR!