torsdag 13. oktober 2011

Påfyll i haustfjellet

Den helga som starta i september og slutta i oktober, var eg blant dei superheldige som var på rett stad til rett tid: på fjellet. Nærare bestemt i området rundt Børsteinen i Lyseheiane, og Hilleknuten / Jogledalen i Sirdal. Maken til varm og strålande hausthelg skal ein leita lenge etter!!

The last day in September and the first day of October gave me and my companions a wonderful experience in the mountains of Sirdalen. Splendid sunshine and temperatures like in Summertime!


OK då - det starta med tett skodde. 
All right - it was very foggy in the beginning. 

Men etter ganske kort tid vart det lettare og lettare, og 
dei mest fantasiske lysspela openberra seg for oss. 
But quite soon, the fog disappeared, the sun broke 
through, and fantastic sceneries were revealed  

Komne til Turistforeinga si hytte Børsteinen, 
var skodda så og seia vekke - 
Within an hour, the fog was gone - 

og den vesle tjønna like ved hytta var spegel så god som nokon. 
and the little tarn close to the Tourist cabin served as mirror

Etter mykje regn dagane før, var det meir enn nok vatn
som sola kunne sola seg i 
The previous days had been terribly rainy 

- og som naturen kunne spegla seg i. 
- so all over the place, the nature could view itself in ponds

 Utpå ettermiddagen nærma vi oss bilvegen igjen, 
og fekk flott utsyn vestover Børsteinsvatnet -
In the afternoon, we got beautiful views towards the western sun -

- der rennande vatn laga sølvstriper over gråsvart berg.
- and running water made silver rays over the grey cliffs. 

Morgonen etter letta tåka tidlegare -
Next morning started with clear, silent weather 

- dagen var klår og blank då vi nærma oss Hilleknuten - 
- which continued as we climbed to 1209 m asl -

- og fargane gnistra mot oss! 
- and the colours sparkled!

Det er heilt sant: det VAR slik! 
No kidding: this is what it was like! 

Frisk fjellbekk over frisk mose - herleg! 
Healthy little streem over healthy moss gives health to us! 

Det vart ettermiddag denne dagen og, 
med den låge sola som følgjer med. 
Afternoon sunshine 

Heile landskapet var gyllent, same kva farge det 
elles brukar ha! 
Whatever colour the landscapes might have in 
daytime: just before sunset, everything is golden 

Vi har nytta heile dagen på tur; er slitne i heile 
skrotten, men også tilsvarande oppkvikka! 
Almost in an instant, the world becomes blue 

Skumringa tek oss før vi er nede ved bilen igjen - 
Dusk arrives - 

 naturen stenger for dagen; det er tid for å gå til ro.
nature closes its eyes to go to sleep, and tells us to do the same. 

mandag 3. oktober 2011

Italia, 15.-25. september

 Her kjem ein litt annleis blogg enn dei eg har laga før: Etter åtte heile dagar på tur i Italia, må det nødvendigvis bli litt meir enn berre reine naturbilete. Denne gongen vert det både nedfallssitronar, fyrverkeri og mopedar -!

 Vi var heldige og fekk plass på eit pittelite hotell i Minori; ein pitteliten by på Amalfikysten. Her lever folk av sitrondyrking og turisme

- og alle må vera i god kondisjon! Amalfikysten er så bratt og ulendt at det ikkje vart laga veg langs heile kysten før på 60-talet. Bussturen hit frå Salerno (20 km)  tok ein time, og det var jamen ikkje fordi sjåføren køyrde for seint -!

 Vi fekk billett til Capri, og cruisa forbi Amalfi i god fart. Sjølve båtturen ut til øya var nok til å dekka dagens behov for opplevingar; fantastisk flott!!

"Port of love" vert dette holet i klippa kalla. Klart vi køyrde inn der!

Den brå grotta er visst oppskrytt, og overfylt av turistar, skal ein tru hotellverten vår. Vi fekk likevel ein smakebit av fargen ein annan stad langs kysten, og det var så avgjort fint! 

Ugras som er noko av det vakraste ein kan tenkja seg --- 

På Capri var det også mange turistar. Vi valde å vandra vekk frå sjølve byen, og opp til Villa Jovis - feriehuset til keisar Tiberius frå rett rundt år null. Herifrå var det fantastisk utsyn over havet! 

Ein kunne bli reint ør av alt det vakre og trivelege som folk omgav seg med.

Maria er sentral i mange folk sitt liv. Her er eit altar midt uti ein hage, med bøn til henne om å velsigna "dette huset".

 Tilbake i Marina Piccola, der krystallklårt, lunka vatn og trolske formasjonar får jubelen til å stå i taket - ser ikkje vekk frå at eg kanskje kan ha kome med eit lite halleluja her!

Neste dag skal bli den store styrkeprøven: 500 høgdemeter oppover i 30 graders varme kan knekka nokon kvar! Men oss -? Nå nei, her går vi på, sa'n! Trappegåande maskin i framgrunnen. 

Fin by, eller -? Herleg strand også!! 

Vi hadde fått med oss at det skulle vera ein Maria-festival i Torello, ein knøttliten landsby ca. 350 høgdemeter oppi lia.  Det får ein seia, dei kan å pynta der i garden! 

Dessutan kan dei det der med fyrverkeri! Til og med midt på lysaste føremiddagen eksploderer det rakettar --- 

Vi høyrde helikopterdur nesten heile dagen. Alltid var der ein eller annan skogbrann å sløkkja, så helikoptera flaug i skytteltrafikk mellom havet og fjella utan stans (bortsett frå når dei hadde matpause, då fekk brann vera brann, sa hotellverten vår --)

Åtte stivpynta menn har bore Maria gjennom første port, på veg i prosesjon opp til nabokyrkja. Ho skal på visitt til den Maria'en som er der -! Det er ei stor ære å få bera statuen, og vervet går i arv frå far til son.

Vi slår oss med i prosesjonen, vi og. Stussar litt på at dei har pynta husa med glorete lyspærer, men tenkjer at det er denne sydlandske smaken --- 

-heilt til nokon dultar oss i sida og seier at vi må sjå nedover: heile landsbyen er omskapt til pepparkakeby!! 

Maria har kome fram til Maria, og er klar til å berast ned att til si eiga kyrkje.

Janitsjarorkesteret frå Minori spelar under heile seremonien, og dei er heilproffe! Guri, for ein konsert!!!! 

Så kjem det alle har venta på: eit fyrverkeri som tek fullstendig piften frå oss. Det nyttar ikkje å bruka "fyrverkeri"-innstillinga på kameraet; den tek fire sekund og gjer at bileta vert nærmast kvite. Nei, her er det ISO 400 og 0,5 sekund som gjeld - har aldri opplevd maken i heile mitt liv!!!

Etter tre enorme dagar i og ved Minori, tek vi bussen til Salerno igjen, og hentar leigebilen vi har bestilt. Via kysten og ruinbyen Paestum (flott!!!), reiser vi opp til fjellbyen Matera. Her er det synet som møter oss like ved hotellet vi er så heldige å finna - vakkert! 

Matera er ein by som det budde 30000 menneske i, fram til myndigheitene tvangsflytta  halvparten til andre byar på 1960-talet: dei budde i holer i fjellet, under elendige forhold. Barnedødeligheten var 50% ---

No står byen på Unesco si verdsarv-liste, og er absolutt verd å reisa til. 

Inne i ei forlatt hole. Her inne er det brønn i kjøkenkroken, og eige rom til hesten innanfor. Høner og kyllingar brukte ha tilhald under senga til husfolket. 

Jaha - er det slik fikenkaktusen skal sjå ut? Har litt å strekkja meg etter! 

Vidare til neste spesielle by: Alberobello. Vi trudde det var ei klynge med fem-seks hus, vi, ut ifrå det vi hadde lese i diverse guidar - men her var det jo ein heil by med snåle hus! 

Trullihus - bygde utan sement, berre av naturmateriale. Lune om vinteren, kjølande om sommaren - ideelt!

 Ikkje alle jobbar er like - men denne dama sit i alle fall oppe i dagslyset medan ho jobbar! Å vera vakt på do langt nede i innestengde gangar - det er ikkje særleg greitt, vil eg tru.

 Vi tek turen til Grotte di Castellana, og går i dei mest fantastiske holene og gangane ein kan tenkja seg i to timar. Det var strengt forbode å ta bilete inne i sjølve grottene; her er ein ørliten smakebit frå inngangen, der sollyset slepp til gjennom holet i "taket". Ei enorm oppleving som fekk tårene til å renna då vi kom til inste hola; Grotta Bianca: eit vell av kvite stalagmittar og stalagtittar, med og utan funklande krystallar, i eit rom der det var 40 meter opp til toppen - ubeskriveleg!! 

No har vi tulla oss heilt ut til Adriaterhavet, og ser på livet i ein liten by der. Her er det alt frå moderne fiskebåtar - 

- til litt mindre moderne fiskebåtar -

- til endå mindre moderne robåtar. Vi blir i grunnen litt skuffa over strendene her, og tek peiling innover i landet igjen - 

- og hamnar langt utpå bondelandet, bokstaveleg tala! 

Viss nokon trudde det berre er på Jæren vi har stein, tek dei feil! Her var det steingardar så langt ein kunne sjå, sirlig lagt opp og med senkning i midten. 

Vi såg nokre som arbeidde på eit jorde mellom alle oliventrea, og stoppa bilen. "Fotografi!" ropte dei, og insisterte på at vi måtte koma bort og ta bilete av dei. Det vart livleg prat på italiensk og norsk!

Det var jo det vi ville også! Så no veit vi korleis grøne bønner vert dyrka: dei veks ikkje på tre, men vert handplukka på bakken. 

Vi er på veg  tilbake til Salerno for å levera bilen, men er berre nøydde å stoppa her ute på landsbygda - noko så pittoresk!

I Salerno rekk vi eit tog til Roma med ein gong, og vips er vi i ei anna verd: her er det turismen som rår. Ein romersk legionær sender SMS til Caesar -  

- og  Sølvguttene tener til livets opphald ved å le og slå kvarandre i hovudet når einkvan kastar ein mynt oppi øskja. Dei tente faktisk ganske godt!

Desse føtene fekk gnagsår under sålen før dagen var slutt. Då hadde dei traska frå Piazza dei Popoli, via Spansketrappa, Markus Aureliusmonumentet, Trevifontenen, Pantheon (der biletet er teke), Piazza Navona, Victor Emmanuel-monumentet, Capitol, Forum Romanum og Colosseum, til ein eller annan metro-stasjon der vi kunne ta ein bane så vi slapp å bruka hovudstasjonen Termini. Den var lovleg intens for oss frå provinsen i Noreg!

Neste dag vart langt rolegare. Vi tok ein lang og avslappa tur inn i Peterskyrkja, og derifrå gjekk vi til Trastevere - ein utruleg koseleg bydel "Tras Tevere"; "bak Tiber". Vespakolonien er på plass. Heile Italia er fullt av slike mopedar!

Ein av dei mange små, koselege serveringsplassane i bydelen. God kaffi hadde dei og. 

Her var det skikkeleg triveleg! Roma elles var temmeleg oppjaga og veldig prega av turisme. 

Eg legg ikkje ut andre bilete av kjende stader i Roma enn dette: Peterskyrkja i eit ufatteleg flott lys. Det vart ei nydeleg avslutning på ein variert og veldig innhaldsrik ferie! TAKK til reisefølgjet!