torsdag 28. mai 2015

Fugl og strand i Rogaland / Of Birds & Beaches

Etter turen til Island i fjor, har gleda over fuglelivet vore eit vedvarande supplement til den generelle naturgleda. Fuglane er ikkje berre vakre - dei har også karaktertrekk som kan få ein til å tenkja på menneske: kjærleik og kurtise, omsorg for ungar, egoisme og rå vald. Slik er naturen. Og oppi dette lever vi menneske, som den eine arten som kan reflektera rundt våre eigne handlingar og velja kva slags spor vi legg igjen etter oss. Hm. Der fekk vi noko å tenkja på!
Ever since I went to Iceland a year ago, the interest for birds has been increasing. Birds are not just beautiful - they also remind me of human beings; they are loving each other, courting each other, they care for their children with tenderness and feed them non stop - but they are also selfish and brutal. So close to the human race - only that we can reflect on our own actions. What footprints do we make? Hm....


Ein fredeleg ærfugl står og nyt livet. Ingen andre fuglar er å sjå -
This peaceful eider takes a break in the lovely sunshine. No other birds are around - 

bortsett frå denne hissigproppen som berre MÅTTE jaga vekk 
ærfuglen. Du snakkar meg om -! 
apart from this aggressive swan. So the eider did the only sensible thing: escape!

Fargane i fjøra kan vera heilt fantastiske! 
The under water colors can be amazing!

Der er ei diger strand å ta av - men det er berre det at det 
er her EG vil vera! Så sjå og kom deg vekk! 
Lots of stones available - but this particular one is the one that 
I want - so just get lost!

Innsida av Børaunen i Randaberg; lun og fredeleg
The bay inside the great pebble reef in Randaberg

På utsida kan det stå hardt på!! 
The sea hasn't yet managed to tear down the stones from the glaciers  
from the ice age some 9000 years ago. But it is working on it!

Her kjem sjølve havet inn på flo sjø.
Here, the Ocean itself floods the surface when the tide comes in.

Men no når det er fjøre, finn andre skapningar enn krabbe 
og kreps seg godt til rette!
But at ebb, other creatures than crabs and crayfish enjoy life!

Det gjer gravendene og. Fantastisk flotte fuglar! 
And so do the Shelducks. Beautiful birds!

 Ute på neset ved Børaunen, står to siglingsmerke frå gammal tid. 
Steingardane her er utrulege, og vitnar om teigdeling før 
lova om odelsretten vart vedteken.. 
Close to the pebble reef, these walls of stone witness of farms being cut into small parts in former days, before the law was settled that said that the oldest son should inherit the whole farm. Norway used to be a very poor country --- 

Men éin rikdom eigde alle, uansett: strandnellik og skjørbuksurt som 
lyste opp i strandsona frå slutten av april og utover heile sommaren. 
But the pink thrifts and white scurvygrass were available for anyone 
who managed to enjoy the sights, no matter rich or poor ---

Blank, skinande VÅR! 
Shiny, sparkling SPRING!

Sandlo i farta 
Ringed Plover on the run

Gravendene såg ut til å leva gode dagar. Vart dei leie av å gå 
på stranda, var det berre å ta til vengene og få litt forandring. 
The Shelducks had a great time; they took a couple of excursions 
now and then - but mailny, they lived peacefully on the beach.

 Eigedomsgrensene går sanneleg heilt ut i sjøen!
Even here, the farmers proclaimed "This is my land!"

Hann-and. Berre lekker!! 
A male Shelduck. Gorgious!

 På ein holme i Boknafjorden gjeld "den enes død, den andres brød". 
Rått og brutalt - men tjuvjoane delte i alle fall egget seg imellom, det skal dei ha! 
Violent and brutal. But at least the two skuas shared the egg ---

Sjå dette nydelege tjeldreiret! Det var sanneleg ikkje 
lett å få auge på - godt vi ikkje trakka på det! 
What a nice little nest! Three warm eggs - hopefully there will be 
three downy oystercatchers in a few days :-)

Alt vaknar til liv no om dagen. Raud jonsokblom er 
tidleg ute, trass i kaldaste mai på tiår. 
Red campion, ready to burst into full blooming

 Løvetann i kveldslys - korleis kan nokon ikkje synast godt om dei blomane?!
Dandelions and evening sun - lovely!

Låvesvale i skumringa langs Viste-landet. Lynrask fugl!! Stressa, kanskje?
Barn swallow in the oncoming dusk. Such a rapid flyer - stressed??

Kvar eg såg, hadde fuglane mat i nebbet. Her peip det godt under takskjegget! 
Starling with a delicious bug. I could hear how hungry the kids were, just beneath the roof!

Svarttrasten hadde ikkje sjanse til å halda på mat i nebbet: han song utan stans, dei mest fantastiske trillane som tenkjast kan! Er ein musikar, så er ein musikar. Andre får sørgja for føda.
The blackbird didn't have a chance to keep food in its beak: he was singing all the time. Beautiful music!

Kanskje dette er kona? Arbeid og barneomsorg er neppe 
likt fordelt. Tru kva tid svarttrast-hoa gjer opprør?
Maybe the wife? I wonder if she will ever stand up for herself and protest. But she is 
probably so thrilled by the beautiful music from the male that that's all she needs ---

 Så vart det ein tur til Åkrasanden på Karmøy. Fantastisk vakker strand!!
Another beach, further north: Åkrasanden, Karmøy.

Sjå opp for strandkrokodillar! 
Watch out for Sand Crocodiles! 

 Garnbøtar søkjast! 
Need a job?

Måtte berre fullføra dette portrettet, som naturen sjølv 
hadde laga alt på bortsett frå augene. 
Det vart alt for denne gongen. Takk for følgjet! :-)
Couldn't resist completing this natural portrait: all I did, was add the eyes! 
That's all for now. Thanks for joining! :-)