onsdag 7. september 2011

Seinsommar


  
   Vedgår det så gjerne: det har vorte korte turar i det siste. Ofte berre rett ut i hagen - men der er det til gjengjeld eit yrande liv!

Blomkarsen har stått kjempefin - men så oppdaga 
eg at han hadde blitt invadert av kålormar. 

 Å du, kor glade desse krypa er i blomkarse!

 Kan jo godt forstå dei - så vakre som blomane er!

 Ja, ein kan nesten bli sugd inn i djupet - 
der er det som ei lokkande hole!

 Varmt og innbydande ---

 - reine flammehavet!



 Sidan den eksterne harddisken tok kvelden her om dagen, har eg mista ganske mange bilete - mellom anna av kålsommarfuglar. Så då får vi nøya oss med andre slag; her ein dagpåfuglauge i fri utfalding!

 To dagpåfuglauge på skothald på ein 
gong - ikkje ofte ein opplever slikt!

 Den velsigna sommarfuglbusken er ein magnet på 
insekt i midten av august! Her er ein neslesommarfugl 
i Paradis

Heldigvis sat edderkoppen langt unna. Han hadde 
uansett nok med ferdigfanga bytte!

 Admiral på fuglebadet - det næraste 
han kom vatn den dagen.

Ei eller anna blomsterfloge i summande rus 

 - og ein admiral i fullt sug. Det tek på å drikka nektar dagen lang!

OK - på 'an igjen, då.

No må eg vel innsjå at hausten er komen. Støvlar og regntøy er teke i bruk, og no er det greitt nok: sommaren er slutt - DET SKAL VERA SLIK. Endeleg!