fredag 12. oktober 2012

Preikestolen / The Pulpit Rock

Sol og klår haustluft - kva er då betre enn å leggja av garde til Preikestolen? Eg vert aldri lei av denne turen, som første gong vart teken i 1976 - lenge før det var vanleg å gå dit. Den gongen var der ein liten parkeringsplass for tre-fire bilar, og var du heldig, greidde du hoppa frå tue til tue på myrene og snika deg langs bergveggen på storemyra - der kunne du finna røter og steinar å hoppa på -  før du jobba hardt for å finna ein gangbar veg oppigjennom Neverdalsurda. Kan hende møtte du ein fire - fem menneske på turen, ikkje meir. I år er det visst 100.000 som går dit --- Men i dag, ein fredag i oktober, var folkemengda til å leva med, og det gjekk greitt an å stoppa i stien og ta dei bilda ein ville utan at tusen menneske måtte venta. Merkeleg nok finn eg nye motiv kvar gong; har ein augene med seg, er det utruleg kor mykje fint som kan finnast!

Sunny, clear, crisp autumn day - a magnificent day for a trip to the Pulpit Rock! The distance is about four kilometers each way, and the climb is some 300 meters - with good shoes and sensible clothing, most people can manage it - but most people will also definitely have a feeling of having done a good job when they return to the car! When I had my first trip up there, in 1976, the rock was hardly known even by those who lived in Stavanger. There used to be a small parking place for three or four cars, and the path was not at all  prepared - it was just made by shoes walking over stones, tree roots and marshland - quite a difficult walk! This year, about 100.000 people make the tour, on a roughly prepared path. It has become quite stony due to all the people who wear it down, and there are plans being made to improve it - still, it is a lot easier to do the trip than 30 years ago!

Fire grader - lamaullgenseren frå Bolivia kjem til sin rett!
Four degrees Celcius - the lama wool cardigan is a must!

Der sola ikkje har teke, er rimen på plass.
In the shadows: frost!

 Over den store myra, ligg der no jernbanesviller -
og over ein roleg myrbekk, ligg der ei svillebru.
Nedi djupet lyser det i gull!!
This picture is taken straight down from a little bridge
over a tranquil stream. Many moors contain iron -
this one contains gold!

 Ein av favorittplassane mine undervegs
One of my favorite spots on the trip

 Dette har du nok sett før - men det er like
imponerande å koma dit kvar gong!
A well known motive - but just
impressing every time I get there!

 Det var så kraftig vind at vi ikkje kunne gå heilt
ut på kanten, og å vera der meir enn
nokre minuttar var utelukka ---
The wind was so strong that we couldn't go out to
the edge - but we had a nice view, anyway.

På heimveg, langt oppe i urda. Hausten går
nok snart over i vinter, det er lite lauv att.
We are on our way back. No doubt that winter is
soon here; most of the leaves are gone.

Ingen tvil om at det har regna mykje i det siste
heller! Dette er teke midt i stien ---
There has been very much rain lately - this photo is from the path ---

Dette og.
And this -

- og dette!
- and this!

Nede på stormyra igjen. Sola står allereie lågt,
endå klokka ikkje er meir enn fire. 
We are almost back down by the car. The sun
is quite low; though it is just four o'clock!