fredag 24. oktober 2014

Manta Rota, Portugal - oktober 2014


 Med god utnytting av dagane,  kjennest ei vekes haustferie fort ut som to - tre veker :-) Vi budde på eit roleg hotell i utkanten av Manta Rota; ein triveleg landsby ei mil eller to frå grensa mot Spania. Mellom oss og havet var det ingenting anna enn sanddyner og kaktusar, og spor av fuglar og andre uidentifiserte smådyr  - ideelt!!

We had the ideal vacation in Manta Rota; a small town some 20 kilometers from the
Spanish border. Between us and the ocean there was nothing but sand dunes and cacti -
and small footprints from birds and other minor creatures unknown to us.


Nydeleg sandstrand, nokre og tjue grader i vatnet - og eitt
og anna sjødyr som hadde stranda på stranda. Manetene 
var større enn dei vi er vane med her hos oss, ja.
The beach was perfect, the temperature was perfect - and the jellyfish were huge!

 Området var fullt av vakre blomar, både ville og tamme.
The area contained lots of beautiful plants of different kinds

Jakarandatreet var på slutten av blomstringssesongen 
The Jacaranda tree still gave those bright, blue-blue flowers

Desse veit eg ikkje kva er - men fine er dei lell. 
Don't know the name of this bush - but nice anyway!

Eg såg aldri folk som bada i bassenget. Fuglane, derimot -! 
I never saw people in the pool - but birds -!

Vakker bougainvillae i hagen. Syden er ikkje Syden utan! 
 Bougainvillae in the garden

Det gjekk rykte om vakre bedugga kaktusar før soloppgang,
og eg let meg freista til å stå opp 06.30. Kasta eit blikk ut
glaset i gangen - og såg dette! 
I had seen some photos of early morning cacti, and wanted to have 
some myself. So I rose at 06.30, left the room - and saw this!

 Tett i tett med kvite småhegrer!!
Small, white herons - wow!

Så rusla eg ned mot havet. I buskas og kaktusar var fuglane allereie på farten 
I slowly went down to the ocean, while birds were singing in the bushes. So peaceful!

Utanfor stranda var fiskebåtane i full gang -
Fishermen were already on duty as the sun rose -

 - og det var tydeleg at einskilde hadde fått fin fangst!
- no doubt that some of them had caught a lot of fish!

 Fin-fin morgon!
What a morning!

Og ja: kaktusane hadde enno dogg på seg då eg gjekk opp frå stranda. 
And yes - the dew was still there when I walked back to the hotel.

 Svigermorstunge i morgonsol
Cactus in the early morning sun

Manta Rota ligg i eit naturområde som vert kalla Ria Formosa,
med eit rikt fugleliv. Her har vi ein stylteløpar - nesten synd
vi ikkje kan sjå meir av beina; dei er LANGE!
Manta Rota is part of the area called Ria Formosa; a 60 km long
coastline with a rich bird life. Here we have found a Himantopus;
it has extremely long legs - just a shame we can't see more of them.

Fuglen fann vi her, like ved grensa mot Spania.  
The bird lives here - close to the bridge to Spain.

Mmmmm - nydelege oliven! 
Mmmm - olives!

Ein annan art som er sjeldan her i Noreg: avosett. Stilig nebb! 
Another bird that I have never seen in Norway (but I know it exists
in my area): Recurvirostra avosetta.

Vel, vel. Det var ein gong eit skilt --- 
Once upon a time there used to be a sign ---

Kjempekaktus med spindelvev 
Huge cactus with a spiders web

Det var merkeleg kor mange granateple som ikkje vart hausta! 
Too ripe pomegranates

Vi køyrer innover i landet, til den vesle byen Alcoutim. Fin
blanding av gammal og ny tid her!
In the small town Alcoutim, we see a fine mixture of old and new times.

Skorsteinane er reine praktverka! 
The chimneys are so nice!

Ferdige rosiner på treet! Smakte på ei - den var heilt fin. 
"Sun made raisins"

Slike montasjar prydar mange husveggar i Portugal.  
Typical wall

Er det rart vi kosa oss? Vakkert og venleg! 
No wonder we had a good time! Beautiful and friendly.

 På motsett side av grenseelva Guadiana, ligg Spania og Don Quishote sine vindmøller
On the other side of the river Guadiana: Spain, with old wind mills.

Vi dreg ikkje over - det er nok å sjå i Alcoutim. 
We stay where we are; there is plenty to watch in Alcoutim.

Så er det ein ny dag, med ein tur til fots i nærområdet. 
A new day. We just go for a walk in the nearby surroundings.

Her ser eg same fenomenet som i Provence: sniglane
klatrar opp i høgda - midt i verste solsteiken! 
As I saw in Provence: the snails prefer to climb up in trees or
straws - in the intense sunshine.

Så er det nok ein tidleg morgon. Vi har ein mistanke om at dei
kvite hegrene har nattely like i nærleiken, og går på oppdagarferd.
Jammen finn vi dei!! Det er halvmørkt enno - og veldig spennande!
Another early morning; still quite dark. We are happy to find the white
herons where we suspected them to sleep - what an experience!

Litt lysare - dagslyset aukar ganske fort. 
It is getting lighter pretty fast, but the birds are still here.

Den store gråhegra ruvar! 
The big gray heron rules!

Så lettar dei kvite og flyg vestover, ei og ei eller eit par i slengen. 
But all the white ones are supposed to fly towards west; one by one or two by two.

Var berre så herleg her i sivskogen --- 
We want to stay a little longer ---

Vi går tilbake til hotellet, sit ei lita stund på altanen før frukost
og får underhaldning av viltre spurvar i palmen i hagen. 
Waiting for breakfast - both the sparrow and I!

Ny tur, denne gongen med bil til ein av landsbyane i nærleiken. 
Beauty everywhere!

Dette var ein ny variant: elektriske vokslys! Spørst om dei har same effekt ---
New technology - same effect -??

Nydeleg altertavle i alle fall; katolsk til fingerspissane
The altarpiece tells us that this for sure is a Catholic church.

Gjett om eg gjekk i spinn her?!?
Acute Euphoria :-)

Anar ikkje om dette er eit vanleg syn - uansett svært uvanleg for meg!
I have no idea whether this is a normal view in the area - anyway, for me it is BIG!

I ein av dei andre landsbyane, var stranda full av småkrabbar som
forflytta seg synkront. Det var akkurat som om dei hadde ein
som ropte "Klar, ferdig - GÅ!" og "STOPP!"
On the beach in one of the nearby villages, lots and lots of small crabs were running
synchronously. It was as if one leader said "Ready - steady - GO!" and "STOP!!"

Karane var opptekne av heilt andre saker enn det som for og
sprang rundt beina deira. Ein levande fiskarlandsby, dette.
The fishermen focused on other themes than crabs -!

Vi såg det på stranda "vår", og her i fiskarlandsbyen: folk var
ivrige etter å sanka muslingar.
Both on "our" beach and here in the fishing village, people eagerly searched for clams.

Neimen - her er jo småspova igjen! På trekk til Vest-Afrika
Oh, look - the Whimbrel is here - on its way to West Africa!

Og så får eg ei flott silkehegre på temmeleg nært hald, midt i byen Tavira.
A beautiful silk heron, in the middle of the city Tavira.

Lurer på om eg kanskje skal leggja slike fliser
(azulejos) på huset mitt. Fint, ikkje sant?
Next renovation of my house? Beautiful!


Men - ikkje så lett å halda ved like slike fasadar - må ha mange reservefliser!
But - not too easy to maintain such facades ---

Fordums prakt ---
Once upon a time, there was a rich merchant ---

Typisk dørklinke i Tavira. Litt kald og slapp å ta i -!
Typical door knob in Tavira. It felt a bit cold and dead ---

Meir liv i denne karen! Tilbake på hotell-altanen, i herleg kveldsro
Back at the hotel, waiting for the white herons.

Her kjem hegrene flygande for å finna nattelosji
And here they come!

Desse kveldsstundene var heilt spesielle - hadde det ikkje vore for at
eg ikkje likar uttrykket "magisk", ville det vore ordet å bruka her!
The sunsets on the veranda were kind of magic - every day!

Spurvane i palmen likte også å sitja i dei siste restane av sollys
It seemed like the sparrows enjoyed the last remnants of sunlight, too!

Ny dag, med tur til Mertola - ein by lenger oppover langs elva
Guadiana. Her var det ein svær flokk med taksvaler -
klare for ein tur til det sørlege Afrika.
New day. We went to Mertola - a town further up the river Guadiana.
Lots of martins were gathered here, ready for the journey to the southern parts of Africa.

Der var drøssevis av reir under takskjegga - og ein herleg kvileplass på kykjetaket.
There were lots of nests under various roofs - and they had a
very relaxed place on the roof of the church!

Kyrkja var forresten tidlegare ein moske.
In fact, the church used to be a mosque.

Som alle andre skikkelege byar, har også Mertola si mellomalderborg.
Her kastar tårnet skugge over kyrkjegarden, der plassen er
avgrensa og dei lyt byggja i høgda.
Like other real old towns, Mertola also has its own fortress. The shadow
falls upon the graveyard, which is too small: the bodies (or what is left
of them) are placed in small chambers, one upon the other - like in a block.

Nokså jordnært og nøkternt, dette.
Well - it has to be done!

Litt trivelegare: kunstferdige takrenner på husa i byen!
A bit more pleasant; artistic gutters on the houses in this town!

Ser nesten ut som Delftporselen -!

Looks like Delft china -!

Og her er også den nydelegaste marknaden eg har sett.
Bokstaveleg tala litt av kvart!
And they have the cutest market I have ever seen!

Denne dagen er faktisk i overkant varm, tilmed kattane
legg seg langflate i skuggen.
A very hot day - even the cats lie down in the shadow.

Siste dagen er komen, og vi er på veg til flyplassen. Men vi har nokre
timar i byen Olhão, og får bekrefta det eg alltid har visst: storken er reell!
The last day. We are in Olhão, a nice city by the coast. And yes: the stork is real!

Forfengeleg er han og.
And he is quite vain ---

Fordums prakt - her har det vore utruleg flott!
So beautiful houses -!

Det er framleis vakkert, om enn rusta.
Still beautiful - and rusty.

Det siste vi gjer før heimreisa er å hamstra med oss flymat.
Vi kjøpte ikkje akkurat klippfisk, men det var jo gøy å sjå han her!
The last activity before take off: buying food for our flight. Well - we did not buy klipfish!