mandag 27. mai 2013

La humla suse!

Eg skulle berre ut i hagen og luka. Men der kom ein kjærkomen gjest og sette i gang og jobba for meg: humla! Lukinga vart straks nedprioritert, humla tok innersvingen på all fornuft og pliktkjensle, og våren tok meg med storm!

My aim was to do some gardening. But the bumble bee stole all my attention; I was so glad to say hallo to it: it pollinates my apple flowers, and - hopefully - also the plum. Welcome, little furry fellow!

 Epletreet er vel på det flottaste akkurat no.
The apple tree is just great right now!

Ikkje å undrast over at humla går i spinn --- 
No wonder the bee is eager - mmmm!

Nyutsprungen blom - berre lekkert!
Nice for the bee - and the apple will be mine in September

Kan ikkje luka vekk slik vakker blom, vel? 
Can't remove this nice flower - at least I'll give it a 
chance to develop to a fully grown dandelion!

Mykje anna fint er der og. Fargeklattar i kvardagen gjer godt! 
Colors give extra joy in everyday life!

Plommetreet er snart avblømt. Er spent på om insekta fekk gjort jobben! 
The plum is nearly faded. Did the insects manage to do their job?

Maur har fritt leide her! Minst ei plomme til hausten, altså :-)
Ahhh - ants are much appreciated! So I will have at least one sweet plum :-)

Humla har mykje å gleda seg til! 
The bee has a lot to look forwards to! 

Fullt sug framover!
Dig in!




mandag 20. mai 2013

Sommareksplosjon!

PANG! sa det - og så brast alle knoppar, bøndene spreidde møkk, lerka jubla og menneska smilte og sa hei til folk dei aldri hadde sett før. Er det så rart, med 10 grader og regn eine dagen, og 27 grader og strålande sol dei to neste?? Tungenes er ein god stad for å oppleva vårlivet.


BANG! - a cold and rainy spring changed into warm summer in one night; it went from 10 degrees and rain to 27 degrees and sunny weather with a mild breeze just like that. People and nature itself became euphoric -! :-) Tungenes is a good place to experience wakening life ---

Gul bekkeblom lyste intenst, og sanneleg var ikkje
strandnelliken også på plass!
Yellow Marigold popped up from the soil, and even thrifts had
started blooming.

Finst det noko gulare enn dette?? 
There can't possibly exist plants that are more intensively yellow!

Rart kva som er fint når sola skin på det! 
Just something that looks nice with the sun shining on it. 

Fjøreplyttane er stand by. 
The purple sandpipers are still there.

Ærfugl er der mykje av, men dei er meir sky på våre kantar. 
There are quite a few eider ducks, but they are more shy.

Nam-nam, dette smakar himmelsk! 
Mmmm, like heaven!

Rusla slik langs havet - så fri, og likevel så bunden
av grensa havet set ----
Strolling along the see side - so free, and yet limited ----

Desse beherskar både luft, vatn og jord. Hm. 
These birds can fly in the air, wade in the water and walk on the earth. Hm.

SOL! 
SUN!

Så svære luftspeglingar har eg aldri sett før! Reine
spøkelseslandet der ute! 
I have never seen such great mirages before! Like land of ghosts ---

Det gav vipene ein god dag i, og bedreiv synkrondans
så det stod etter. 
The lapwings held a great show, dancing in the air together;
wonderful to watch!

Natt og dag og skjørbuksurt avslutta
ein herleg dag på Tungenes. 
Pansies and scurvygrass bid us farewell - long before
sunset this time, as the sun doesn't set until
22.10 in the evening!