torsdag 14. april 2016

Frydefull forandring / happy change

Det er ikkje langt mellom kald vinter og varm vår på Sør-Vestlandet. Desse bileta er tekne i løpet av to korte månader. Tenk kor fort livet kan endra seg!

In my region, there are only a few weeks between cold winter and warm spring. Amazing how fast life can change -!

Ein ettermiddag midt i februar, med gyllent lys over Figgjoelva
In the middle of February, by the river of Figgjo

Fossekallen sit på vakt: er det noko etande nedi isvatnet her?
The Dipper is waiting for its prey. Brrr - COLD!

På heimveg køyrer eg langs Hafrsfjord og kan ikkje lata vera å stoppa her!
On my way home, having a stop in Møllebukta, Hafrsfjord. Who could resist stopping here?

Ei einsleg and på veg mot lyset
A sole duck on its way towards the light

Kaldt, ja - men det er som det skal vera. 
Cold - but the way it should be, though.

Utpå våren er ekornet framleis grå-kvitt i pelsen.
Still with its winter fur on, the squirrel enjoys nuts and whatever might be served

Kjære Gud, kan du gi oss vår snart? 
Dear Lord, could you please send us SPRING?

Enig, gi oss VÅR!
Agree with the squirrel: SPRING, please!

Kva ventar du på??? Spettmeisa veit å uttrykkja seg.
Come on, then! Impatient nuthatch.

Flaggspetten er oppteken med sitt: mat!
The Spotted woodpecker is occupied with FOOD!

Larvar - eller ei lita nøtt?
Worms - or maybe a nut?

Nøtteskrike, ekspert på å ete peanøtter! 
Jay. Favorite food: peanuts!

OK - dette er jo ikkje Sør-Vestlandet, men Dalen i Telemark. 
Palmehelga vart tilbrakt der i fotoskjul; ei fantastisk oppleving!!
All right, this is not in my own region: it is Dalen in Telemark, where 
I spent two days in photo sheds. A great experience!!

Vi skulle eigentleg fotografere kongeørn, men det vart meir ramn og småfugl. Fantastisk å sjå alle desse også: visste du for eksempel at ramnane har sine eigne kurtise-lydar? Nesten som rype-klukking! 
We were supposed to shoot golden eagles, but we also saw all 
these other birds. Ravens are so interesting: did you know they 
have their own sounds of courtship? Almost like grouses!

Vel, ørna var også på plass - rett nok berre ei kort stund, 
men lenge nok til at vi fekk sjå ho i aksjon. 
The eagle was there just for a short while - but at least 
we got to see it. What a powerful bird!

Her sat vi frå mørke natta til mørkret kom tilbake - såg ein fantastisk soloppgang, med 13 ramnar som sette seg i silhuett på toppgreina. Eit minne som berre er festa til minnebrikken i hovudet (kunne ikkje skremma ørna med å ta bilete då), men der sit det til gjengjeld klistra!
We were here from dark night till dark evening, sitting still in the photo shed in order not to scare the eagle. The most beautiful sunrise, with 13 ravens sitting on the top branch, could not be captured by the camera - but it is stored in my head for ever! (This is in the early evening, when we were certain the eagle would not return)

Så er eg heime igjen, og tek ein liten tur borti skogen. Nye skot 
på bøken er klare. Kvar skal edderkoppen gjera av seg 
når fjorårslauvet dett ned?
Home again, where Spring is well started: the beechtre has got new shoots. 
But where shall the spider hide when the old leaf falls off?

Det var vel det siste eg brydde meg om - no er det VÅR, 
og eg jublar som om eg var tullerusk! 
Who cares about a spider? It is SPRING, and I can't let be singing like mad!

ALT jublar og syng! 
EVERYTHING is singing!

Kvitveisen er som sangvinske menneske: opnar seg opp og reflekterer lyset når det treff han; lukkar seg og gøymer skattane sine viss sola sluttar skina. Tenk om vi alle kan få andre til å blomstra uhemma utover våren!
White anemones act like human beings: when the sun shines, they open wide - but in shady or rainy weather, they close their petals and hide their beautiful inside. I wish we can all make other people flourish throughout the rest of springtime!