mandag 25. juli 2011

22.07.2011

Denne dagen skal koma til å brenna seg inn i minnet for heile det norske folket. Men der eg går i sørenden av Solastranda, i eit ver som vert mykje betre enn det som er meldt, anar eg ingenting om kva som skal skje i løpet av dei næraste timane. Eg kikar på bunkersane frå krigen, som er omgitt av vakre blomar - det heile er nesten pittoresk, og eg hugsar eg har ein streiftanke om at "jamen er vi heldige som lever i vårt fredelege land!" Ei ungjente sit på toppen på den eine bunkersen og slappar av i sola. Reflekterer ho over kva ho sit på -? Truleg ikkje; det er så fin ein sommardag og livet er lyst og godt og frå toppen av bunkersen er det fint utsyn og verda er vår!


I den evige vinden som friskar opp lufta langs havet, er det ikkje berre enkelt å finna motiv som er rolege nok til at nærfotografering vert vellukka. Men i ly bak sanddynene greier eg likevel knipsa eit par blomar mellom vindråsene:


Ein legg ikkje merke til insekta før ein går tett inntil 
blomane. Det er usannsynleg mange floger på ei strand! 


Humler finst der også i fleng. Fuglevikke er godt! 


Denne planten er ein av dei vakraste eg veit om langs 
strendene våre - og så veit eg ikkje kva han heiter! Så
skjær og sart og liten --- Nokon som kan hjelpa med namnet?


Fint solever for ærfuglane. 


Brennmaneten har måtta gi tapt - det var 'kje mykje 
liv i den, og det same kan det jamen vera.


Her, derimot -! Det var fleire slike "helikopter" i aksjon 
samstundes; kul umulige å ta bilete av i flukt med den 
farta  dei hadde - kjekt at tiriltungenektar er godt -!


Eit anna helikopter var mykje enklare å få fanga på linsa. 
Tenkte på kor godt at det var ute i fredeleg 
ærend, trass i at det var eit militærhelikopter --- 


To timar etterpå var bombeanslaget mot Oslo eit faktum, deretter kom massakren på Utøya. Oppi alt det groteske vart det brått så uvesentleg å bala med bilete av fin natur. 22. juli 2011: Eg er tom og tung inni meg.  

torsdag 14. juli 2011

Sykkeltur rundt Hafrsfjord

Fridag - og sol frå skyfri himmel!! I skjeringspunktet mellom behovet for å vera sosial og det å ha eit sterkt behov for å dra på sykkelfototur, vart løysinga å ta med berre eit bittelite, knapt synleg kamera - og oppføra seg nesten som andre folk på sykkeltur. Det er vel normalt å fotografera når ein har matpause -? Altså: Hafrsfjord rundt er ein fabelaktig flott tur på ca. 25 km, så og seia berre på sykkelstiar. Anbefalast!! Her kjem nokre heilt få bilete, som eg lurte meg til å ta i pausen ikkje så langt frå Møllebukta:

God, gammaldags sykkeltur - herleg!

 Skulle hatt støvlar her. Og det andre kameraet --

 Blåskjellsperlemor i solglans

 Det er rart kva som kan vera fint å sjå på

 Sniglar og rur på ein stein - kjempegreier!

Grilling i strandkanten, jordbær og bringebær og kaffi - jamen vart det fem flotte timar av det!! 

mandag 4. juli 2011

Knott og godt i Sirdalen

Denne helga har eg fått brukt mitt nyinnkjøpte fotoutstyr i krevande omgivelsar: ikkje berre hang tåka nedover fjellsidene og stengde for lyset, men i tillegg aula og krydde det av knott og mygg i SIrdalen så det vart dansa krigsdans rundt stativet mellom kvart bilete. Dessutan regna det ---- Men når ein har køyrt ti mil og gått fleire kilometer med tung sekk, full av mat, klede og kilovis av fotoutstyr - då sit ein ikkje inne i hytta og spelar spel før det er mørkt. Nei, då kliner ein myggolje på alle opne flater, tek på seg regnklede og snører til så godt som det går an - og så legg ein seg stort sett langflat med nasen flattrykt mot apparatet. Om det er myr eller mose eller gras går ut på eitt, like vått er det uansett. Berre vi får teke bilete, så -!!

Det mest ufattelege på denne turen, var at turfølgjet mitt var like fotogal som meg sjølv. Men så var også fotoapparatet hennar ein dag nyare enn mitt! Stor spenning for begge to - og her kjem nokre av mine eigne resultat:

 Ingen knott skal få hindra meg -!

 Elendig lys, men fine tytebærblomar!

 Det er tettpakka med liv overalt

 Når ein først har oppdaga dette lavet, så er 
det kjempefascinerande! 

 Vakre Bittekonvall!

 "No greier eg ikkje meir knott!" sa ho - og gjekk 
frå den største maurtua eg har sett i Noreg.

Innrømer det gjerne: eg gjekk, eg og. Det er den verste fototuren eg har vore på - men det var like fullt ei herleg oppleving, ikkje berre etterpå - men til og med der og då! Fantasisk flott  natur vi har rett rundt øyrene våre!