mandag 27. mai 2013

La humla suse!

Eg skulle berre ut i hagen og luka. Men der kom ein kjærkomen gjest og sette i gang og jobba for meg: humla! Lukinga vart straks nedprioritert, humla tok innersvingen på all fornuft og pliktkjensle, og våren tok meg med storm!

My aim was to do some gardening. But the bumble bee stole all my attention; I was so glad to say hallo to it: it pollinates my apple flowers, and - hopefully - also the plum. Welcome, little furry fellow!

 Epletreet er vel på det flottaste akkurat no.
The apple tree is just great right now!

Ikkje å undrast over at humla går i spinn --- 
No wonder the bee is eager - mmmm!

Nyutsprungen blom - berre lekkert!
Nice for the bee - and the apple will be mine in September

Kan ikkje luka vekk slik vakker blom, vel? 
Can't remove this nice flower - at least I'll give it a 
chance to develop to a fully grown dandelion!

Mykje anna fint er der og. Fargeklattar i kvardagen gjer godt! 
Colors give extra joy in everyday life!

Plommetreet er snart avblømt. Er spent på om insekta fekk gjort jobben! 
The plum is nearly faded. Did the insects manage to do their job?

Maur har fritt leide her! Minst ei plomme til hausten, altså :-)
Ahhh - ants are much appreciated! So I will have at least one sweet plum :-)

Humla har mykje å gleda seg til! 
The bee has a lot to look forwards to! 

Fullt sug framover!
Dig in!




1 kommentar: