Her kjem ein litt annleis blogg enn dei eg har laga før: Etter åtte heile dagar på tur i Italia, må det nødvendigvis bli litt meir enn berre reine naturbilete. Denne gongen vert det både nedfallssitronar, fyrverkeri og mopedar -!
- og alle må vera i god kondisjon! Amalfikysten er så bratt og ulendt at det ikkje vart laga veg langs heile kysten før på 60-talet. Bussturen hit frå Salerno (20 km) tok ein time, og det var jamen ikkje fordi sjåføren køyrde for seint -!
Vi fekk billett til Capri, og cruisa forbi Amalfi i god fart. Sjølve båtturen ut til øya var nok til å dekka dagens behov for opplevingar; fantastisk flott!!
"Port of love" vert dette holet i klippa kalla. Klart vi køyrde inn der!
Den brå grotta er visst oppskrytt, og overfylt av turistar, skal ein tru hotellverten vår. Vi fekk likevel ein smakebit av fargen ein annan stad langs kysten, og det var så avgjort fint!
Ugras som er noko av det vakraste ein kan tenkja seg ---
På Capri var det også mange turistar. Vi valde å vandra vekk frå sjølve byen, og opp til Villa Jovis - feriehuset til keisar Tiberius frå rett rundt år null. Herifrå var det fantastisk utsyn over havet!
Ein kunne bli reint ør av alt det vakre og trivelege som folk omgav seg med.
Maria er sentral i mange folk sitt liv. Her er eit altar midt uti ein hage, med bøn til henne om å velsigna "dette huset".
Tilbake i Marina Piccola, der krystallklårt, lunka vatn og trolske formasjonar får jubelen til å stå i taket - ser ikkje vekk frå at eg kanskje kan ha kome med eit lite halleluja her!
Neste dag skal bli den store styrkeprøven: 500 høgdemeter oppover i 30 graders varme kan knekka nokon kvar! Men oss -? Nå nei, her går vi på, sa'n! Trappegåande maskin i framgrunnen.
Fin by, eller -? Herleg strand også!!
Dessutan kan dei det der med fyrverkeri! Til og med midt på lysaste føremiddagen eksploderer det rakettar ---
Vi høyrde helikopterdur nesten heile dagen. Alltid var der ein eller annan skogbrann å sløkkja, så helikoptera flaug i skytteltrafikk mellom havet og fjella utan stans (bortsett frå når dei hadde matpause, då fekk brann vera brann, sa hotellverten vår --)
Åtte stivpynta menn har bore Maria gjennom første port, på veg i prosesjon opp til nabokyrkja. Ho skal på visitt til den Maria'en som er der -! Det er ei stor ære å få bera statuen, og vervet går i arv frå far til son.
Vi slår oss med i prosesjonen, vi og. Stussar litt på at dei har pynta husa med glorete lyspærer, men tenkjer at det er denne sydlandske smaken ---
-heilt til nokon dultar oss i sida og seier at vi må sjå nedover: heile landsbyen er omskapt til pepparkakeby!!
Maria har kome fram til Maria, og er klar til å berast ned att til si eiga kyrkje.
Janitsjarorkesteret frå Minori spelar under heile seremonien, og dei er heilproffe! Guri, for ein konsert!!!!
Så kjem det alle har venta på: eit fyrverkeri som tek fullstendig piften frå oss. Det nyttar ikkje å bruka "fyrverkeri"-innstillinga på kameraet; den tek fire sekund og gjer at bileta vert nærmast kvite. Nei, her er det ISO 400 og 0,5 sekund som gjeld - har aldri opplevd maken i heile mitt liv!!!
Etter tre enorme dagar i og ved Minori, tek vi bussen til Salerno igjen, og hentar leigebilen vi har bestilt. Via kysten og ruinbyen Paestum (flott!!!), reiser vi opp til fjellbyen Matera. Her er det synet som møter oss like ved hotellet vi er så heldige å finna - vakkert!
Matera er ein by som det budde 30000 menneske i, fram til myndigheitene tvangsflytta halvparten til andre byar på 1960-talet: dei budde i holer i fjellet, under elendige forhold. Barnedødeligheten var 50% ---
No står byen på Unesco si verdsarv-liste, og er absolutt verd å reisa til.
Inne i ei forlatt hole. Her inne er det brønn i kjøkenkroken, og eige rom til hesten innanfor. Høner og kyllingar brukte ha tilhald under senga til husfolket.
Jaha - er det slik fikenkaktusen skal sjå ut? Har litt å strekkja meg etter!
Trullihus - bygde utan sement, berre av naturmateriale. Lune om vinteren, kjølande om sommaren - ideelt!
Ikkje alle jobbar er like - men denne dama sit i alle fall oppe i dagslyset medan ho jobbar! Å vera vakt på do langt nede i innestengde gangar - det er ikkje særleg greitt, vil eg tru.
Vi tek turen til Grotte di Castellana, og går i dei mest fantastiske holene og gangane ein kan tenkja seg i to timar. Det var strengt forbode å ta bilete inne i sjølve grottene; her er ein ørliten smakebit frå inngangen, der sollyset slepp til gjennom holet i "taket". Ei enorm oppleving som fekk tårene til å renna då vi kom til inste hola; Grotta Bianca: eit vell av kvite stalagmittar og stalagtittar, med og utan funklande krystallar, i eit rom der det var 40 meter opp til toppen - ubeskriveleg!!
No har vi tulla oss heilt ut til Adriaterhavet, og ser på livet i ein liten by der. Her er det alt frå moderne fiskebåtar -
- til litt mindre moderne fiskebåtar -
- til endå mindre moderne robåtar. Vi blir i grunnen litt skuffa over strendene her, og tek peiling innover i landet igjen -
- og hamnar langt utpå bondelandet, bokstaveleg tala!
Viss nokon trudde det berre er på Jæren vi har stein, tek dei feil! Her var det steingardar så langt ein kunne sjå, sirlig lagt opp og med senkning i midten.
Vi såg nokre som arbeidde på eit jorde mellom alle oliventrea, og stoppa bilen. "Fotografi!" ropte dei, og insisterte på at vi måtte koma bort og ta bilete av dei. Det vart livleg prat på italiensk og norsk!
Det var jo det vi ville også! Så no veit vi korleis grøne bønner vert dyrka: dei veks ikkje på tre, men vert handplukka på bakken.
Vi er på veg tilbake til Salerno for å levera bilen, men er berre nøydde å stoppa her ute på landsbygda - noko så pittoresk!
I Salerno rekk vi eit tog til Roma med ein gong, og vips er vi i ei anna verd: her er det turismen som rår. Ein romersk legionær sender SMS til Caesar -
- og Sølvguttene tener til livets opphald ved å le og slå kvarandre i hovudet når einkvan kastar ein mynt oppi øskja. Dei tente faktisk ganske godt!
Desse føtene fekk gnagsår under sålen før dagen var slutt. Då hadde dei traska frå Piazza dei Popoli, via Spansketrappa, Markus Aureliusmonumentet, Trevifontenen, Pantheon (der biletet er teke), Piazza Navona, Victor Emmanuel-monumentet, Capitol, Forum Romanum og Colosseum, til ein eller annan metro-stasjon der vi kunne ta ein bane så vi slapp å bruka hovudstasjonen Termini. Den var lovleg intens for oss frå provinsen i Noreg!
Neste dag vart langt rolegare. Vi tok ein lang og avslappa tur inn i Peterskyrkja, og derifrå gjekk vi til Trastevere - ein utruleg koseleg bydel "Tras Tevere"; "bak Tiber". Vespakolonien er på plass. Heile Italia er fullt av slike mopedar!
Ein av dei mange små, koselege serveringsplassane i bydelen. God kaffi hadde dei og.
Her var det skikkeleg triveleg! Roma elles var temmeleg oppjaga og veldig prega av turisme.
Eg legg ikkje ut andre bilete av kjende stader i Roma enn dette: Peterskyrkja i eit ufatteleg flott lys. Det vart ei nydeleg avslutning på ein variert og veldig innhaldsrik ferie! TAKK til reisefølgjet!
Wow, for en tur du har hatt! Og for et flott reisebrev! Kjente meg igjen på trasketuren gjennom Roma; omtrent den ruta vi og tok for noen år siden. Men jeg ser at vi må få sett mer av Italia... :-)
SvarSlett