Dei siste to vekene har vi vore velsigna med strålande, klårt vinterver. Ikkje så mykje som ei snøfille har falle! Kuldegradene har bite seg fast, sola har skine om dagen og gitt fantastisk lys om ettermiddagen (og sikkert om morgonen og), så det har vore ein fryd å kunna supa inn herlege synsinntrykk nesten kvar ein vende seg.
For the last two weeks, we have been blessed with the most wonderful, cold and clear winter weather. During the short days, the sun has been shining from a cloudless sky, and in the afternoon, the low sunlight has given us impressions that will cling to our mind for years. What a joy!!
På veg heim etter jobb, er det ein kort avstikkar ned til Hestnes ved Hafrsfjord. Sola er allereie gått ned - men lyset på himmelen sit enno i, og gir akkurat den effekten eg hadde håpa på!
I'm on may way home from work, and am lucky to have the
remnants from the sunlight colour the ice on Hafrsfjord
Eg går litt fram og tilbake, og hamnar ved ei lita båthamn.
Her er vatnet djupare, så isen har ikkje fått tak.
I stroll along the shore, and come to a small port
where the water is deeper, so there is no ice - yet.
Blikkstille vatn i båthamna!
Mirror ---
Tilbake ved utgangspunktet - det er ikkje verst,
det som flo og fjøre kan utretta!
When salt water freezes, the tide makes funny effects -
and combined with winter's light, it is magic!
Tvers over fjorden, mot sørvest
On the other side of the fjord, towards south west
Eigentleg er det for mørkt til å vera på fototur -
men eg greier ikkje slutta!
It's getting kind of dark - but I can't stop - this light just thrills me!
OK, då, eg får gi meg. Har tulla meg langt ut på ei mark,
og treng restane av dagslys til å finna veg attende!
All right then - I'll have to let go the rest of dusk.
How do I find my way back??!
Ein ny dag, med same flotte veret. Eg mistenkjer
at vatnet i Københavnerbukta, fem minutt å
gå heimanfrå, frys - og ja, det gjer det!
A new day, and the weather is the same nice.
I suspect the salt water in Københavnerbukta
("Bay of Copenhagen") is freezing - and yes, it is!
Merkelege mønster oppstår når saltvatn frys;
ei krystallisering som ein må vera kjemikar for å skjøna. Vi andre får
nøya oss med å konstatera at slik er det berre -.
Funny patterns occur when salt water freezes - it
crystallizes in a way that non chemists can't explain. But
never mind - we can register it happening, though!
Til og med utanfor bukta frys det. Sjølve havet!
Even outside the bay, it is freezing. The ocean itself -!
Om eit halvt år er det fullt av badande ungar her!
In six months, this bay is full of bathing children - ugh!
Eg forflyttar meg til Hålandsvatnet, der isen er trygg -
og der skulane i nærområdet har sleppt laus elevane.
The ice on Hålandsvatnet is safe, and the schools
in the area let their pupils spend some time there.
Vel - ved utløpet av elva gjer ein klokt i å halda
seg vekke. Nokon må likevel alltid tøya grenser ---
Well - close to the river mouth, nobody should test the ice.
Eg går eit stykke langs vatnet, på veg for å finne
iskrystallar i graset. Med kameraet framme,
er der mykje flott å finne undervegs og!
I am on my way to search for ice crystals in the grass.
On my way, there certainly are other nice things to view, too!
20 meter frå turvegen - og hei, der er Nøtteliten på plass!
20 meters from the path - and there, Mr. Squirrel is on duty
Så finn eg at det eg har sett frå bilvindauget, er
som eg håpa: marka er full av kjempestore isroser!
From the car window, I have seen this field, and I
suspect it to be covered with ice crystals. YES, it is!
Ingen snø, berre barfrost som har fått
byggje seg opp over to veker. Eventyrland!
No snow; just frost that has built itself for two weeks. Crystal Palace!
Denne rosa var omlag fem cm i diameter!
This rose had a diameter of about five cm!
Isfjell på flatmark
Ice berg on flat field
Og diamantane skein og glitra. Tenk, alt dette er
vekke ved første mildver - like forgjengeleg som alt vi eig ---
The gems were glittering in every crystal - what a miracle!
Yet - tomorrow it might be gone --
Det er ikkje alle som får sett slikt som
dette - kjekt med makrolinse!
I feel lucky to have a macro objective - this is
not possible to capture with a normal lens.
Men dette kan dei aller fleste
ta - viss dei finn det, då.
This one, though, anybody could take -
if they realized it was there-!
Eg må til slutt riva meg laus frå isen - bokstaveleg tala;
anorakken og buksa har frose fast! På veg tilbake til
bilen, ser eg nye, uventa motiv. Skeiseisen lagar den lyseblå bakgrunnen.
Well, I have to tell myself to move on. It is about on time; my anorak is frozen and if I stay longer, it might start building up with ice needles on me as well! So I return to the car, but can't resist this motive --
Ei til som er på heimveg. Ikkje så lett å sykla med skeiser på!
Another one on her way back home. It isn't easy to bike with skates on -!
Eg er heimkomen og har fått tint meg. Så oppdagar eg
lyset i bjørka og skjønar at eg berre har ein ting å gjera: ut igjen!
Back home, I get the warmth back in my body - but then I see
the glowing tree in the garden, and understand there
is only one thing to do: get out again!
Så eg hiv på meg klede og fotoapparat, går kjapt ned
til havet - og får med meg siste solstrålane over bukta "mi".
So I redress, grab my camera, and set off to the sea - and
manage to capture the last sun rays over "my" little bay.
Nok ein gong: fargane overgår det ein ville tru var mogleg.
Again: the colours are unbelievable!
Eg trur dette er siste dagen med klårver, og er kjempeglad
for at eg fekk høve til å festa inntrykka til minnekortet!
This is probably the last day with cold, clear weather. I am
extremely pleased with having been able to experience all this beauty -
and to have the opportunity to store the impressions!
Berre gjenskinet er igjen.
The sun has set - just the pale reflections are left.
Så er det slutt: eg går heim.
So, at last, it is over: I return to home.
For en fantastisk serie! :-)
SvarSlett