søndag 13. januar 2013

Frost

Det knakar og knest når eg går i graset no om dagen, der millionar av isnåler byggjer seg opp heile tida. Ikkje ein gong midt på dagen greier sola å tine dei; det er ein sann fryd for den som er godt kledd!

These days, frost has come to my region: not even at midday can the sun manage to melt ice and ice needles - it is a beautiful wonder for people that are dressed in warm clothes!

Dei to første bileta er tekne 20 meter frå huset mitt. Har det fint, takk!
 The two first pictures are taken about 20 meters from my house. Grateful!

Pytt, pytt!
 On a small, frozen puddle, ice needles are created from "nothing"

I dag var det så vakkert at det fekk vera som det var med alt som eigentleg skulle vore gjort. Starta ved Svarthola på Viste, og gjekk nordover langs havet i eit nærast stilleståande tempo: det var flotte motiv overalt!
 Everything that should have been done today, must wait:
with such conditions for photographing, one
just has to use the opportunity!

Stakkars vesle spire - ikkje særleg lurt!
 Poor little green thing ---

Ja, ja.
 Have a seat!

Om sommaren er desse tistlane lite fristande å
koma borti, og på høgre sida av stien er straumgjerdet
som held hestar og kyr på plass. I dag -? No problema!
 No problem to pass the thistles and the electricity fence
today. In summertime one has to watch out!

Fine er dei no -.
 Bad for clothes - nice to look at!

Havet frys der det får liggja stille
 In a quiet bay, even salt water freezes today.

Dårleg med båtliv i dag!
 No boats here now; they have been taken ashore for the winter

Desse har også gått i land. Trur faktisk det er stokkender.
 These ducks have gone ashore, too - having a nap?

Fuglar eller strå - kva skal ein ha fokus på?
 Shift of focus - and all of a sudden, the motive has changed!

Neppe fare for brannspreiing i denne kulda!
 The tangle is on fire again - but with this ice,
there is no danger

Veit ikkje om denne steingarden har nokon funksjon no, men fin er han då.
 An old stone fence - don't know if it can prevent sheep
from jumping over it, but it is nice, anyway.

Eg har kome fram dit eg eigentleg hadde tenkt meg:
ikkje langt frå Vistnes. Rekna med at her
var ein og annan dam - og det var det!
 At the endpoint, and I got what I was after: frozen ponds and low sunlight.

Så var det berre å supa inn det fine!
Here we go - beautiful motives everywhere!

Så enkelt - så fint.
 So simple - and so nice!

Og eg som trudde isbjørnane berre heldt til i Arktis!
 Until today, I thought that polar bears only live in the Arctic!

HA - kunne nokon ha gjort det betre?
 What an artist!

Eg vert berre meir og meir oppglødd. For ei glede å ha dette så lett tilgjengeleg!
 Getting more and more happy, knowing that I am so
priviledged to have all these wonders so close at hand!

Nei, eg har ikkje gjort noko som helst med fargane.
 I haven't done anything with the colours; it's all the sun's work.

Klokka er ti over fire når sola går i havet - og eg går motvillig i retning heim.
 At ten past four, the sun sets - and I turn towards home.

Men først må eg seia ha det på badet til denne
forstyrra fyren - godt han ligg godt nedpakka!
 Can you see the desperate man? 

Fargeskifte: no kjem dei mjuke lilla - rosa tonane fram.
 Change of colours: time for pink and violet!

Isbjørnen ha endra seg til gullbjørn.
 No polar bear any more: the Golden Bear is here!

Noko seier meg at det kan vera verd å snu seg
 Something tells me it might be worth while to turn around

- og der såg det altså slik ut.
 - and this is what I saw!

Opne grindar - ingen buskap ute no.
 Open gate - no cattle to worry about at this time of year.

Endene tek seg ein kveldstur - og hegren er på plass.
 Time for a little bath for the ducks, and the grey heron is ready for fishing.

Fargane i tistelen er vekke - men gjer det noko -?
 The colours of the thistle are gone - but who cares, with such a sky?

Det er bra eg snart er framme. Stien er polert både her og der!
What a day! But now I can hardly see where to set
my feet, and that is not too smart as the path
is polished with ice ---




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar