tirsdag 30. april 2013

Trodla-Tysdal

Heldige meg som får vera med i ei super fotogruppe! I Biofoto Rogaland får eg vera i lag med kjekke folk som er opptil ti gonger så fotogalne som meg, så eg kan utfalda foto- og naturgleda utan å leggja band på meg i det heile teke. Og så får eg vera med på flotte turar som eg elles ikkje hadde teke - TOPP!


I am lucky to be a member of a photo group with nature photographers; many of them are at a professional level. I have very much to learn, still I am allowed to join them - I am having a great time!!


Denne helga gjekk turen med båt, 13 km inn til inste vassenden 
og den gamle, einbølte garden Trodla-Tysdal
This weekend we went by boat to Trodla-Tysdal, a remote
farm in the inner end of this lake.

 Vassflata var som ein spegel - fantastiske mønster
oppstod langs heile turen!
The water surface was like a mirror - fabulous patterns occurred all along the voyage!

Lauvspretten er ikkje heilt i gang enno - men sølv er det nok av i liene! 
The trees are hesitating with opening up for green colours -
but there is plenty of silver in the steep mountain sides

Jamen var ikkje kongeørna på plass! 
Wow - the golden eagle was there, right above us!

Trange forhold - tenk å ha gard inni her -! 
Narrow and filled with trolls - imagine to run a farm here -!

Vel, nede på flaten ved vatnet er det retteleg venleg og vakkert. 
Well, down by the lake, the fields are wide and friendly

Klart, grønt vatn og glitrande solskin 
We were welcomed by a green shore and sparkling sunshine

- og sølvskimrande selje lyste opp 
and a silvery willow was nicely placed by the water front

Vi har installert oss i gjestehuset, og legg av stad på eventyr 
We are well installed in the guest house, and are ready for photo adventures

Oppe i bjørkelia skein det voldsomt! 
What a glittering forest -!

Rundt og rundt ---- 
Round and round ---

Av og til er det lurt å sjå seg tilbake. Der kan det nemleg lysa
i himmelblå bekkar! 
I turned my head and saw this intense blue colour in a little creek - YES!

Denne fossen var det eigentlege målet for turen denne dagen
This waterfall was the goal for the day

- men eg hadde det minst like kjekt nede på flaten, der
lyset spelte i alt det traff.  
- but I must admit that for me, the greatest joy was to see the
sunlight's effect on every item it hit, for example the stones in the river

Det kan sjå ut til at dei driv med sau her -. 
Shiny wool by the shore - this must be a farm with sheep.

Har aldri sett så blå fjellside før!
The bluest mountain side ever -!

Ei lita stund før solnedgangen  
Close to sunset - intense coloring!

Klokka er åtte om kvelden. Sola vil kvila - vi vil ha middag! 
At eight in the evening, the sun goes to rest - and we are ready for dinner.

Dagen etter har veret endra seg. Vi går på tur likevel,
og ser at det ikkje er farefritt å vera sau i dette
området. Reven er ute og patruljerer kvar natt 
Brutal reality: the fox is very fond of sheep meat ----

Ringtrasten har vel meir sjanse til å unngå å bli mat for Mikkel. 
I suppose this fellow (kind of a blackbird) has a better chance to escape -!

Regnet vert meir og meir heftig - på tide å dra heim. Fantastisk tur!! 
The rain is getting more and more heavy - but we are heading for home anyway, so - !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar