tirsdag 21. juni 2011

Tur til Åbødalen

Jippi! 

Eg har opplevd alt godt på ein gong: eg kasta meg uti det glade ukjende, og vart med Rogaland Biofoto på helgetur til Åbødalen i Sauda. Ikkje kjende eg dei som var med, og passasjeren min hadde eg aldri møtt før, men vi hadde ein fin biltur innover i Nordfylket og var samde om å stoppa for å ta bilete sjølv om skodda hang og regnet silte.



Ikkje visste eg stort om opplegget heller - men eg skjøna såpas at det var snakk om å liggja i lavvo. I grunnen rekna eg med at dei andre deltakarane stort sett var menn med tilhøyrande snorking, så eg tok med mitt eige telt frå 1979, soveposen frå 1981, og liggeunderlaget frå 2010 (takk og pris for det,- vi låg på grov singel --- ) og hadde det tørt og komfortabelt - og nærast lydlaust. Vakna av gauken som gol i grålysninga, og slumra vidare til det vart påtrengande mange stemmer utanfor teltduken.



Heile kvelden då vi kom, ausa det ned med regn. Heldigvis trassa vi veret og innretta oss som best vi kunne, og laurdags morgon fekk vi løna: all væta skulle fordampa i sola som insisterte på å skina, så det vart ein morgon av dei heilt sjeldne!



                                          Det var så vidt vi tok oss tid til å eta frukost; vi sprang
                                          mellom brødskivene og fotoapparata heile tida ---
 

Så var det ut på eventyr. Vi gjekk i spreidd formasjon 
ut i det vakre landskapet, og brukte augene - og 
apparata - for det dei var verd. Mitt apparat er ikkje så
mykje verd, men augene -! Å du store himmel, kor mykje dei såg! 

 Nei, det er ikkje haust - blåbærlyngen har det vel berre litt surt.

 Mosen sine gametofyttar er tunge av vatn

 - og kvitveisen er vassen så det held!

  Trompetlavet bles ein lang marsj i heile regnet

 - medan blokkebærblomen let seg tynga av det.

Ein halv kilometer frå leirplassen, kasta den flottaste fossen seg utover berga, med flust av jettegryter langs breidden. Eg var heldig og fekk låna eit gråfilter, så eg endeleg kunne ta bilete med lang lukkartid trass i at sola skein. Treng nok litt trening for å få det skikkeleg til, men det var stort å få prøva det i alle fall!!




Vel, vatn er flott utan gråfilter og -!

Boomerangvatn

Ei av jettegrytene hadde eit dødningehovud i botn ---

Djuptliggande auge, som rann fullt av tårer - triste greier.

Vi var så lenge ved fossen at ettermiddagssola 
gav landskapet eit fantastisk flott ljos på tilbaketuren.


Kven kunne vel koma på at det skulle byrja regna? -!

Men no har eg lært: ha alltid med 
paraply på fototur!! 

Regnet gav seg, det, og vi fekk ein 
superfin kveld.

Er det rart om natta vart god?

"Rosa draum"

"Rosa morgondraum" - ung kvitveis

"Grøn morgon" - ung einstape

Utpå sundagen drog vi heim att. Eg var ufatteleg mykje rikare på inntrykk enn før eg for, og  kjende meg som ein unge av rein glede! Endeleg - eg har vore i lag med folk som er endå fotogalnare enn meg, og som har gitt meg ein haug med gode råd og tips. No vert det nytt utstyr!! Og det vert utan tvil ny tur!!!



2 kommentarer:

  1. Kjempebra Birgit! Gratulerer med blogg, og fantastiske bilder :-) Gleder meg til kommende innlegg!

    SvarSlett
  2. Så flott Birgit! Og så kjekt at det er fleier damer som er fotogalen :o)
    Fekk dessverre ikkje vore med på turen, men skal prioritera betre neste gong! Flotte bilete!!

    SvarSlett