mandag 18. januar 2016

Rosablogg i Hafrsfjord / Pink Blogg in Hafrsfjord, Norway

Ein gong kvart jubelår skjer det: vermeldinga let meg forstå at det er "no eller aldri." Eg trassar alle behov for søvn på morgonkvisten, bit tennene saman, pakkar meg inn i dei varmaste kleda eg eig, og dreg av stad i retning aust.


Every now and then, the weather forecasting lets me know that it will be worth a try to ignore the need of sleeping in. Even if it is a Sunday ---- So, with nearly ten degrees minus, I put on all my warmest clothes and go to chase the sunrise. 

Eitt kvarter å gå heimanfrå - og så er eg under 
Hafrsfjordbrua, i eit eventyr som nesten er ubeskriveleg.
A 15 minutes' walk from home - and I am in the middle of the adventure -!

Klokka er 08.30, og det er 45 minutt til sola skal koma over horisonten. 
At 08.30 - 45 minutes before the sun is supposed to rise. Everything is at peace ---

Sjølv eit rusta båtspel vert fint ein slik morgon! 
Even rusty devices become picturesque in such a light!

Maken til skjønnhet skal ein leita lenge etter! 
I am speechless - what a beautyful morning!

Visste hegra kor flott ho er, 
ville ho hatt betalt for å stå slik 
If the heron knew how nice she is, 
she would claim for money

Kvalifiserer vel til rosabloggar no? 
Suppose I may call myself a pink blogger now?

Lyset aukar sakte - hegra står like trutt.
A bit more light - the heron is patient, waiting for food.

Så ser eg mot brua der eg kom frå. Der er lyset heilt blått, 
og dagen er slett ikkje vorten skikkeleg dag enno.
Towards the bridge in the west: blue light; not really daylight yet.

Eg veit nesten ikkje kva retning eg skal velja - like fint alle vegar! 
Difficult to choose - it is so nice in all directions!

No er det ikkje lenge til sola sprett. Rosafargen har spreidd seg mot havet også -. 
Not so long till the sun will rise; it is pinkish also in the west -.

Eit siste tilbakeblikk før eg går under brua på heimveg. Takk og 
pris for at eg motstod freistinga til å sova vidare! No: klar for kaffi!
 One last photo before I leave for home and coffee. So grateful for having defied 
the urge to sleep ---

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar