Ein gong imellom tek du ei avgjerd: NO skal den gamle draumen setjast ut i livet, kosta kva det kosta vil! Etter 450 km, tre ferjer og bånn gass, kom eg fram til Runde kl. 18.30, klar for å orientera meg litt og eta ein roleg kveldsmat. Veret hadde letta frå grått regn om morgonen til nesten skyfri himmel - dette lova godt. Eg sjekka inn på campingen - og fekk ein flott, konsentrert instruksjon om kvar dei ulike fuglane heldt til, og kva tid dei var å sjå. Men HJELP, her vart det ikkje tid til mat! Lundefuglane ville koma inn frå havet kl. 20, og det var 230 meters stigning for å koma opp til Lundeurda. Av med køyrekleda, på med fjellskor, turklede og fotosekk - og GÅ! Kven kunne vita om dette veret heldt seg til i morgon?
From time to time you just decide: NOW is the time to fulfill your old dream, whatever it might cost. After 450 km, three ferries and "full speed", I arrived the bird island Runde on the west coast of Norway at 18.30, ready for a quiet evening. But - the rainy weather had cleared up, and the staff at the campsite told me the puffins were likely to come in from the sea at 8 p.m. - and who could know what the weather would be like the next day? So: off I went, 230 meters steep climb, with a heavy backpack of photo equipment, a bottle of water - and great expectations. I was NOT disappointed!
Knallbratt stigning i starten. Sola går snart ned her på austsida av øya, men Lundeurda ligg på vestsida - det er lenge til ho går ned der.
A very steep climb in the start. Here at the east side of the island, the sun will soon leave - but I am going over the top to the west side, where it won't leave until about 22.30.
Rewarded! The puffins are just so cute and trustful.
Her bur dei med familien sin. Ut for å henta mat!
Her bur dei med familien sin. Ut for å henta mat!
This is where they live. And now it is time to find food to feed the family!
Det er fort gjort å berre fokusera på fuglane - men i ein slik kveld er det jammen mykje anna som bør vera i fokus i tillegg!
Det er fort gjort å berre fokusera på fuglane - men i ein slik kveld er det jammen mykje anna som bør vera i fokus i tillegg!
One can easily forget everything but the birds - but the whole landscape was enchanting this evening and should not be ignored!
Utsyn mot sør-søraust i kveldssola
Utsyn mot sør-søraust i kveldssola
Towards south-south east in the evening sun
Frå Lundeurda ser ein rett bort på havsulekolonien
Frå Lundeurda ser ein rett bort på havsulekolonien
From the Puffins Cairn one can view the Gannets' colony
Dette lyset ----
This light ----
Turen ned att til campingplassen var ei lukkeleg vandring gjennom gjørme og over glatte plankar. Heile øya er anten myr eller fjell - har det regna mykje, er det betre med støvlar enn med fjellskor.
Turen ned att til campingplassen var ei lukkeleg vandring gjennom gjørme og over glatte plankar. Heile øya er anten myr eller fjell - har det regna mykje, er det betre med støvlar enn med fjellskor.
Happy walking down to the campingplace. Very wet and muddy; it would have been better with rubber boots than "mountain shoes". But who cares in such light?
Tilbake ved hytta, kl. 23.00.
By the cabin, at 23.00.
Neste morgon: strålande sol!!!
Next morning: wonderful sunshine!!!
Ingen tvil: tid for heildagstur! Her ser eg mot Runde fyr, heilt på nordvest-tuppen.
No doubt: today the backpack must carry food for the whole day! View towards the lighthouse, at the northernmost point.
Har gått over til vestsida, og ser mot havsulekolonien frå kanten av Raudenipa. Litt av eit liv der borte!
View from the west side (Raudenipa) towards the Gannets' colony. Great activity over there!
Trangt om plassen
Confined spaces!
Likevel såg det ut til at fuglane levde i fred med kvarandre.
But it seemed to be a peaceful coexistance anyway!Når du sit på kanten av eit 200 meter høgt stup, er det litt av ei oppleving å nesten kjenne vengeslaga av ei ung havørn som kjem bakanfrå rett over hovudet! Pent gjort av ho å sirkla eit par gonger under meg før ho forsvann --
Sitting at a peak 200 meters above the sea, it is quite an experience to (almost) feel the beating wings of a young white-tailed eagle, coming from behind right above your head. Nice gesture to cirkle a couple of times just beneath me !
På toppen av Rundebranden sat denne tistelsommarfuglen. Ikkje direkte fugl, men han har i alle fall venger.
Not exactly a bird - but it has wings, though.Herifrå er det eit fabelaktig utsyn, også inn mot fastlandet. Sunnmørsalpane er bra, dei.
From this top, there is a magnificent view in all directions. Here towards the mainland.
Flott utsyn rett ned og! Havsulene har så stort vengespenn at dei ikkje har respekt for havørna - dei er like store.
Great view right downwords, too. The gannets are just as big as the eagles and show them no respect.Tett i tett sit havsulene der, i fred og harmoni med lomviane.
Close together - in peace and harmony with other species like Guillemots.
Den vaksne passar på ytterst ute, medan ungen ligg på innsida og vert hindra frå å detta ned.
Caring for the young ones, preventing them from falling down ---
Eg er i Kaldekloven, og ser rett ned på skarv og turistar. Fuglane bryr seg døyten om folka!
The Cormorants don't care about people and boat.
Klippeformasjonane og fargane kan ta pusten frå ein! Sjølv om sola har gått bak tette skyer ---
The cliffs and the colors are amazing, even if the sun is hidden behind dark clouds ---Dagen har vore lang, og eg er på veg ned att. Så får eg ei fantastisk oppleving av storjo i luftkamp "på kjøpet"!
On my way down, this fight of two Scuas is fascinating for me. Probably not as fascinating for the underdog ---
Jammen og: han forsvarte nok berre ungen sin!
Oh, there we are: it just protected its baby bird!
Nåde den som kjem i nærleiken her!
Nobody would want to be attacked by this one!
Runde er fugl - men også så mykje meir!!
Runde is much more than birds!
Det vart som eg trudde: veret skifta, og neste morgon pøsregna det. Godt å ha ei varm og tett hytte, då, tilmed med naturen rett utanfor vindauget!
The next morning, the rain was pouring down. Nice to have a comfortable cabin, then, even with a seagull on the roof of the car just outside the window!
Svolten. Eg ser det nok!
Hungry. No doubt!
Oi - han har skada eine foten!
Oh - the left leg is hurt!
Ikkje rart han hyler etter mat. Han kom kvar gong han kjende matlukt frå hytta!
No wonder he howls for food. Every time he felt the smell of food, he came and begged for some!
Ny tur til Lundeurda om kvelden. Pøsregn inga hindring!
New trip to the Puffin Cairn in the evening. Heavy rain is no excuse!
Kjære Gud, kan du skru av dette regnet ver så snill?
Dear God, would you please turn off this rain?
Ikkje det, nei. Får prøva å rista det av som best eg kan, då.
No? So I'll have to do the best I can to get rid of it.
Neste dag: regn igjen. Men båttur rundt øya skal det bli likevel! Langs vegen mot båten er der også små perler -.
Next day: rain again. Beautiful rain!
Frå båtturen rundt øya. Havørnene flaug lågt i regnveret.
On board the boat. A very wet experience - but SO nice! Here an eagle on the wings.
No er det min tur å vera i båt ved skarveskjeret. Kjempeflott oppleving!!
My turn to be close to the Cormorants. What an experience!
Har eg ikkje sagt at du skal oppføra deg fint!?!!
I told you to behave!
Hm. Der oppe var eg i går. Bra planlagt!
Hm. I was up there yesterday - good planning!!
Ausande regn, lite lys, gyngande båt - det vart mange halshogde skarvar - men av og til traff eg!
Pouring rain, poor light, swinging boat - many beheaded birds - but from time to time I had an OK capture.
Like ved skarveskjeret er der ei hole, som vi kunne gå inn i med båten sidan sjøen trass i alt var relativt roleg. Lomviar sat på ei hylle ikkje så langt frå inngangen
Close to the Cormorants, there is a cave. This day the sea was smooth enough to go in by boat, and on a shelf there were some Guillemots.
Lenger inne hadde krykkjene sine reir; reine eventyropplevinga!
Further in, it was a nice and protected place for the seagulls' nest - like in a fairytail!
Veldig mørkt her inne, eigentleg altfor mørkt for foto med kort lukkar - men eg må -!
Too dark for photos, really - but I can't resist!
The Gannets use remnants from fishing nets for their nest!
Vi er nesten ferdige med båtturen, og rundar den siste fyrlykta. Ein fantastisk flott tur!
Almost back to the harbour. What a tour!!
Så er det også slutt på heile opphaldet. Hadde forsåvidt ikkje gjort noko om brua var stengd; her er mykje usett enno!
The end of this great stay. On the sign it sais that the bridge will be closed in heavy wind or great tides. Wouldn't mind - there is so much left to be seen at this adventurous island!
Takk for meg!
Bye for now!
Fantastiske bilder!:-)
SvarSlettTusen takk, Anita! Runde kan anbefalast på det varmaste!
Slett