onsdag 15. april 2015

- og det gjekk både vinter og vår

Det er ikkje alltid at fotografering kan ha førsteprioriteten. Slik også dei siste to-tre månadene. Men nokre spreidde framstøt har det vorte, og her kjem eit lite utval av fangsten. Sant å seia vert det jo litt når alt vert sett i hop -!

Photographing can't always be the most important part of life - and it hasn't been for the last two or three months. Though, the camera has joined me for a few trips - and all together that makes quite an amount of nice memories!

Vinter langs Hafrsfjord: Ingen snø i år, men oppi ein robåt ligg isen tjukk. 
Kvifor nokon har lagt ein stein oppå isen, er eit ope spørsmål -.
No snow in Stavanger this winter - but there were ice! 

Men i Sirdalen, der hadde dei nok snø, sa'n!
But in the mountains, they for sure had enough snow! 2-3 meters 
makes it possible to go skiing until June, I believe.

I månadsskiftet janar - februar, låg tilhøva særs godt til rette for skitur. 
Great conditions for skiing in late January!!

8-9 grader minus om natta, og strålande smelte-sol om dagen. 
8-9 degrees below zero during night; warming sun in daytime

Morgonsola skapte fantastiske kontrastar i snødynene 
The morning sun gave sharp contrasts in the hilly landscape
  
Så er eg heime igjen, og tek ein rusletur etter jobb. Selja har kome 
ut med gåsungane, her veks ho  framfor ein blå container.
Home again, and I have an easy stroll after work. The willow has started blooming!

Dei er så mjuke, gåsungane. 
So soft!

Og så gøymer dei kulerunde regndropar i fakset sitt. 
Close up

Det er eit heilt lite landskap der inne -! 
Like a landscape!

Så har eg teke ein tur til Trondheim. Der blømer hestehoven - 
eller leirfivelen, som dei seier der nord - 14. mars, ved Ladestien.
In Trondheim, March 14. 

Trur du ikkje at blåveisen også er komen! 
Even the hepatica pops up from the ground of fallen leaves

 - og natavona lyser i lag med opne hasselraklar.
He- and she- flowers of the hazelnut tree

I Bymarka ligg snøen enno på bakken, og isen ligg på vatna. Dompapen trivst likevel. 
Despite snow and ice, the bullfinch lives happily in the wood.

Ein treng ikkje gå langt for å finna fine motiv: rett ved føtene i 
stien ligg desse isbitane og reflekterer himmelen. 
Just by my feet, on the path, these blocks of ice reflect the light and color from the sky.

Så har turen gått til ei hytte i Trollheimen - og gjett kva som skjedde 
første kvelden! Kaldt og klårt ver, med vakkert nordlys i lang tid. 
Aurora borealis - seen from a cabin in the 
mountains close to Trondheim. 

 6 sekund og handhalde kamera - ut frå desse 
føresetnadene, er eg nøgd med resultata likevel. 
No tripod, and just å small compact camera - nevertheless, I am satisfied

Det er ei mektig oppleving å bu under ein slik himmel!
Quite an experience to live beneath such a sky ---

Ikkje verst å bu med slike naboar, heller. Frisk og flott trollskog! 
So good to see that the air is healthy - such lichen can't live with pollution.

Reint og fint lav! 
So fresh and vivid!

Furugaddane i Trollheimen er formidable, og fleire hundre år gamle. 
The pines in Trollheimen are many hundred years old, and are protected.

Om dagen smelta snøen på taket bokstaveleg tala i bøtter og 
spann. Siste kvelden gløymde vi å ta inn bøttene, og med 
8 minusgrader om natta vart der eit par cm islag langs 
alle ytterflatene.
We collected melting water from the roof in buckets, and 
forgot to take them inside in the evening. So they froze - 
with a 2 cm layer of ice along all the outer surfaces.

Dermed laga det seg nokre fantastisk flotte mønster på innsida!
Inside the "shell" of ice: fantastic patterns of ice!

Reine regnskogen (eller isskogen)! 
"Rain forest"

Hadde ikkje polariseringsfilter, men solbriller gjorde susen.
No pola-filter - but good sunglasses -!

Medan vatnet fraus, trippa haren lett langs hytta. 
During night, the hare had a stroll outside my window ---

Den tynne isskorpa som legg seg på elva om natta, har 
lite å stilla opp med mot solvarmen om dagen. 
The thin layer of ice, created by a frosty night, will soon disappear.

Tilbake i Stavanger, der våren er komen godt i gang. Kvernbekken 
brusar bak kraftige skot: snart kjem her irrgrøne, store blad på treet.
Back in Stavanger, Spring is in the air!

Eg ruslar mot Hålandsvatnet, og finn meg ei stokkand mellom takrøyra. 
In the lake Hålandsvatnet, there are these reeds that I am so fascinated by.

Takrøyr - både over og under vatn 
Reeds

Her og. 
Here they are again!

Selja har utvikla seg sidan forrige tur: no er ho i full bløming. 
The willow in all her splendor

Her er ein som veit å setja pris på god mat! 
Mmmm - good food!!

Dig in! 
Dig in!

Mett og god, heilt i svima. 
So full of sugar - satisfied!!

Jublande vårglad, raudstrupa og! 
The red Robin can't stop singing!!

Hyllen hyller våren med fargesprakande liv. 
So fresh

Bjørka er kutta - sevja renn! 
Some branches are cut - and the sap is flowing!

Takrøyra er knekte: klar for neste generasjon. 
The reeds are broken: ready for next generation.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar