søndag 3. august 2014

Island rundt 2014 / Iceland roundtrip 2014




15 dagar med leigebil, førehandstinga overnattingar, sommartøy, ulltøy, vottar og regntøy: slik var ferien med stor F i år. Dette vert ein LAAANG blogg, ikkje for pyser sidan eg ikkje greier dele han opp i bolkar -  lukke til!

This summer, I spent 15 days in Iceland, with a rented car, pre-ordered accommodation, and a big trunk with summer garments, woolen tights, mittens and rain wear - and certainly photo equipment. This blog post is going to be VERY long, since I can't manage to divide it into smaller chapters. So - good luck!

Vi har henta bil på flyplassen, og er i god driv ned mot Thingvellirvatn. Langs vegen går varmekraftrøyrleidningane som den mest naturlege ting i verda: 99% av Island sin energi kjem frå jordvarme. Apropos vegen: hovudvegen rundt øya held tilsvarande standard (eller betre) alle dei omlag 150 mila, bortsett frå ei strekning på eit par mil. Vanskeleg å halde seg innanfor 90 km/t!
 Pipes for geothermal energy are situated along the road towards Lake Thingvellir. 99% of Iceland's energy comes from such sources! About the road standard: only some 20 km of the road that runs around the island, is gravel road - all the rest is like this picture shows (or better), so it is difficult to stick to the speed limit of 90
km/h!

Jaja - vi valde ein av dei vegane som ikkje er hovudveg - og dermed var vi langt uti huttaheiti før vi visste ordet av det. Skodda låg tung, så alle breane det stod skilt mot, måtte vi berre forestilla oss - men  fjellsmellene var ei god trøyst. 
Oh, well - we chose one of the smaller roads, and found ourselves in the middle of nowhere quite soon. Heavy fog and rain felt a bit "wrong" between all the glaciers that obviously should be there - but these pink campions made up for some of them.

Og så regnbogen, då -! 
And the rainbow -!!

Bakketopp med påbudt køyreretning, midt uti fjellheimen - he, he! 
Hilltop with required direction - love it!

Etter ei god natt er vi på vegen igjen. Her er vi ved Hraunafossur, der vatnet tyt fram frå lavaen i strie straumar. Stilig syn! 
Day two: at Hraunafossur, where the water comes out from the lava fields. Very strange!

Lava er det nesten kvar vi vender oss. Ikkje vidare lett å dyrka noko her --- 
There is lava everywhere. Can't be easy to make things grow here -!

Vi oppdagar det vi får bekrefta dag etter dag: det er fullt av
fuglar her. Songsvanar ser vi rundt heile øya. 
Whoopers - lots of them!

Dette minner då svært om Trolltindane i Romsdalen!  
Could have been some of the mountains in Norway; Trolltindane.

Godafoss. Her vart norrøne gudestatuer kasta uti fossen etter at Alltinget vedtok at Island skulle ha kristendommen som offisiell religion, i år 999 eller 1000.
Godafoss. In the year 999 or 1000 the Lawspeaker Þorgeir Ljósvetningagoði made Christianity the official religion of Iceland. After his conversion it is said that upon returning from the Alþingi, Þorgeir threw his statues of the Norse gods into the waterfall.

Dette er utelukka hos oss: pseudokrater, laga av gass frå jordas indre. Vi er komne til Myvatn på Nord-Island - eit fantastisk område som ein gjerne kunne vera i ei heil veke.
This could definitely not be in Norway: pseudo craters, made by gas coming up from deep inside the earth. We have come to Myvatn at the north of Iceland, and feel sorry that we don't have a whole week here.

Myvatn betyr "myggvatn". Forståeleg, det! 
Myvatn means "Lake Mosquito". Quite suitable, I'd say!

Her i Dimmuborgir er lavaformasjonane formidable. Ein kan
fort gå seg vill her; lurt å halde seg til merka stiar! 
In Dimmuborgir, the lava formations are huge and enchanting. One
could easily get lost; better stick to the marked paths!

Såååå stor! 
Big girl!

Heile Island er fullt av reinroser, og det eg trur kan vera timian. 
Dryas and these pink flowers (thyme??) are found everywhere!

Vulkanen Hverfjall like ved Myvatn
Hverfjall volcanoe close to Myvatn

Tenk når denne varme grauten kom rennande ---
Imagine this black, warm porridge coming towards you ---

Det skjedde visst i 1924-1929, så det er sanneleg ikkje så lenge sidan.
It happened in 1924-1929 - not so long ago, really!


 Ja, vi er midt i eit aktivt vulkansk område. No er vi i Námaskard, der svovellukta riv i nasen. Var det ikkje for at det er så fantastisk å sjå alt som er her, hadde vi ikkje halde ut!
In Námaskard, sulfur gas comes up from the boiling mud pots - it makes us sick, but this is so interesting that we stay here for  more than two hours despite the discomfort.

Skulle vore kjemikar her! 
Ought to be a chemist here!

Alle moglege fargar finst i jorda her. Steintøft! Den utdøydde
vulkanen Bláfjall ber namnet med rette.
So many different colors - great!! The dead volcano Bláfjall
(Blue mountain) certainly has the right name.

Vel, vi må jo dra vidare etter kvart. Mil etter mil vidare mot aust, og så kjem vi til staden der ein kan køyra inn til vulkanane Askja og Herdubreid - viss ein har nok bensin. 
Well, we must continue, and after several of kilometers, we come to the junction
where  one can go to the volcanoes Askja and Herdubreid - if the petrol tank is full!  


 - og viss ein har god nok bil ---
- and if the car is suited for the "road" ---

Greitt å vera norsk og forstå ein god del av dei islandske skilta! 
It is nice to be able to understand some of the Icelandic texts; the gap 
between Norwegian and Icelandic writing is not too big.

Herdubreid - 60 km unna. 
Herdubreid - in some 60 km distance.

Vel, vi har ikkje bil som kan hamla opp med obruadar år, så vi
held fram på hovudvegen. Vakkert landskap heile vegen!! 
Our car is not made for challenges like crossing bridgeless rivers, so
we go on along the main road. Nice views everywhere!!

Vi "greier" skremma opp fire grågåsfamiliar, og vert trollbotne når dei forserer denne fonna med alle ungane. Fantastisk kommunikasjon  mellom dei! 
Four families of geese, trying to get into safety from the car that just stopped by the roadside

Det finst flotte fossar "over alt". Denne heiter noko slikt som
Ytre Rykandefossen, og ligg rett attmed vegen.
Huge and majestic waterfalls "everywhere"!

Eg går amok med kameraet og svir av "eit par filmrullar" 
Can't stop taking photos!!

Fjella mot nord på veg mot Egilsstadir er praktfulle!
Majestic mountains in the northern direction, on our way to Egilsstadir.

På Nord-Island kryr det av hestar, og dei kjem med ein gong om ein stoppar attmed gjerdet. Kva dei vert brukte til? Sjå det kunne ikkje eingong islendigane svara på!
Lots and lots of horses, especially in the northern parts. Icelandic people we talked to couldn't tell why there are so many - just this old traditional thought that a wealthy man keeps many horses??

Grågjess igjen - kjernefamilien på tur.
Geese again - protective parents.

On the 20 km of gravel road, close to the eastern coast.
Den korte biten med grusveg gav også opplevingar, om ikkje dei aller mest spektakulære.

Eitt hus her, eitt hus der .
One house here, one house there.

Ved Lónsfjøra, like ved Austurhorn. På havet her var det fullt av ærfugl og songsvanar
Beauty on the eastern coast, close to Austurhorn.

Lang avstand til svanane - men eit fantastisk lys!
Whoopers in the distance - magical light all over the place.

Grusryggen som går fleire kilometer langs havet og nesten dannar ein innsjø, består av rundslipte svarte steinar, med store tuer av østersurt i klattar bortetter.
Along the seashore there is this long spine of black gravel, making a sheltered
lagoon, with clusters of  Mertensia maritima here and there.

Eg ser noko som ligg og viftar bortpå stranda - og så er det ein sjuk ærfuglunge, heilt åleine. Det er vanskeleg å få bilete av han - han vil berre krypa inntil handa eller inn i jakka mi ---
Something is moving on the shore: this tiny little duckling, obviously left
on its own, and obviously ill. It tried to get into my jacket ---

Stakkars liten, her er det ikkje mykje håp. Han sneik seg mykje
lenger inn enn i jakka; langt inn i hjartet hamna han!
Beyond rescue - didn't get into the jacket, just into my heart --


På denne stranda såg eg denne fjellvalmua - den einaste eg såg på heile Island. 
The only sample of mountain poppy I saw in Iceland

Ærfuglmamma held formaningstale til meir og mindre lydhøre ungar
Eider duck mum telling the kids to behave themselves

Men det finst alltid ein utbrytar ---
There is always a rebel ---

På Stafafell ligg vi fire netter, og kunne gjerne vore lenger. Her er eit eldorado av fuglar, frå dei minste små og ville, til dei største tamme. 100% frittgåande hanar og høner!
We stay at Stafafell for four nights, and experience a vivid bird life - from the tiniest
wild birds, to the big tame ones. 100% freedom for hens and cocks!

Utløpet av Jøkulsá i Lóni, ei av breelvene  fra Vatnajøkull. Vi er på dagstur til Hvannagil; ein 15 km nydeleg fottur i ganske lettgått terreng. 
The estuaries of  Jøkulsá i Lóni, one of the glacial rivers from  Vatnajøkull.
We are on our way to  Hvannagil;  a quite easily walked 15 km trip - still very exiting.

Snart framme ved gjelet, og fargane i fjellet imponerer allereie 
We're soon there, and are already impressed by the colors

Utsyn nedover elvegjelet, der vi må vade elva nede på grussletta. Vi tek ein Lars Monsen og plaskar uti med skorne på, til stor latter frå ei spansk gruppe som sit på breidden og tek av seg skor og sokkar. Men kven er tørre på beina etter vadinga om ikkje vi?! 
View down the gorge. We'll have to wade the river - nice challenge!

 Utsyn oppover kløfta, der rhyolitt skaper dei flotte fargane.
 View upwards, where rhyolite makes the unusual colors.


 Vi er tilbake på Stafafell, og får ikkje nok av fuglelivet. Tjeld var
der mange av; her med Vestra-Horn i bakgrunnen.
 We have returned to Stafafell, and can't have enough of bird life! Lots of
oyster catchers, here with the majestic Vestra-Horn in the background.

Linerle på rusta gardsreiskap 
Wagtail on rusty engine

Ja, det var mange rusta reiskapar som berre var sette att der dei stoppa. Merkeleg - det var det same over heile landet. Raudvengetrasten såg forsåvidt ut til å lika det. 
Lots of rusty machines all over the country - but these Redwings seem to like it!

Ikkje ein eigen rase, men ein ganske vanleg genfeil blant sauer på Island
Some genetic mistake - not a new breed!

Ser idyllisk ut - men dei klør kvarandre!
Looks idyllic - bit in fact they are itching, and help each other!

Eitt av mine uteljande bilete av raudstilk. Vakker fugl - enerverande låt!
One of my countless photos of Redshank. A beautiful bird with an enervating sound!

100 meter frå hytta vi budde i. Fantastisk kveld!
100 meters from our hut. What an evening!

Det er her eg får mitt første møte med svarthalespova, som
tydelegvis har reir i nærleiken.For ein vakker fugl!!
My first encounter with the black-tailed Godwit, who obviously nested close by. What a beauty!!

Vel, vi må vidare. Vi er komne til Høfn, og får ein typisk islandsk gard i søkaren.
We must move on, and have come to Høfn. Here: a typical Icelandic
farm and a typical Icelandic glacier - Vatnajøkull.

Om dette er ein typisk islandsk golfbane, veit eg ikkje - han var den einaste vi såg. 
Don't know if this golf course is a typical Icelandic one - it was the only one we saw.

Viadare sørvestover frå Høfn - vakre utsyn alle vegar! Ikkje rart
vår marsjfart Island rundt var 20 mil på 10 timar ---
Further sout-west from Høfn. So many gorgeous views - no wonder our
average speed on the journey was 200 km / 10 hrs! 

Ein annan fugl vi såg mykje av, var svømmesnipa. Utruleg kjapp!! 
Another common bird: phalarope. Extremely vivid!

I Noreg er snøsøta rekna som fjellplante. Her veks han ned til havet --- Men blomen opnar seg berre i solskin; kanskje det forklarar kvifor vi såg så få av han?
In Norway, the Gentiana nivalis is considered to be a mountain plant. In Iceland, you can see it anywhere --- But the flowers unfold only in sunshine; maybe that's why we didn't see many of it?

Er det dette dei kallar myggnett? 
Mosquito net?

Stopp på stopp -! Kven kan køyra forbi eit slikt motiv?! Småsnipe. 
The reason for stopping was a motive on the opposite side of the road. But
only a fool would reject a Whimbrel in front of Vatnajøkull!

Har aldri i heile mitt liv sett så mange høyballar som her på søraust-Island.
Så har dei i alle fall nok for til hestane! 
I have never ever seen so many hay balls as here in the south-eastern parts
of Iceland! At least the horses will have enough food for the winter to come ---

Kaldt hav + varm luft = skodde. Heldigvis heldt ho seg der ute, og laga berre fine motiv. 
Cold water + warm air = fog. Fortunately it kept in place, and just gave us nice motives.

Det kom jamen godt med! Her er vi komne til Jøkullsárlón; staden der Vatnajøkull kalvar i ein lagune like ved havet. Litt av ein turistattraksjon - og det med rette! 
We are at  Jøkullsárlón; the lagoon close to the ocean where
Vatnajøkull calves. Some of a tourist attraction!

 Noko av det første eg ser, er ein snøspurv som syng ut mot isfjella.
One of the first impressions: a Snow Bunting howling out towards an ice berg.

Lagunen har utløp under brua, der isfjella flyt ut når det fjørar.
Når det flør, går straumen motsett veg, og fjella som
ikkje er komne ut, går innover igjen :-) 

When the tide is low, the ice bergs flow into the ocean - on high tide,
the ones that are still in the lagoon, go "backwards" and are packed into one another.

Her var det berre å gi seg ende over.  
We are speechless -!

Forgjengeleg iskunst 
Temporary ice art

Berre lekkert! 
Stunning!

Kva er opp og ned her?
Who knows what is up and down -?

No har eg sett det og. Tilmed terna tek feil! 
Even the tern is mistaken!

Vel - ho kjem på rett kjøl ganske fort. 
Well - it finds the right position rather quickly.

Fint, det: maten er i vatnet, ikkje i lufta!
Good for her: the food is in the water, not in the sky!

Ubegripeleg at ærfuglane held ut i isvatnet, men dei har det visst heilt fint.
Unbelievable that the eider ducks can thrive in such cold water!

Brått høyrer vi eit uvanleg lurveleven frå ternekolonien like ved. Ein
storjo har fanga ei terne, og det går ikkje upåakta hen! 
Suddenly there is an extraordinary hubbub from the tern colony close by:
a Great Scua attacs a tern, and manages to catch it -

Heile flokken forfølgjer storjoen 
the whole flock follows the Scua -

som får hjelp av ein annan storjo. 
- but suddenly, there is yet another Scua -

ternene innser at slaget er tapt 
- the terns understand that the  fight is lost -

- og storjoane deler byttet seg imellom. 
- and the Scuas share the prey.

Ikkje dermed sagt at ternene gir storjoen fred! Han er bokstaveleg tala jaga vilt. 
The Scua is repeatedly being attacked by angry terns - no wonder!

Men så må dei ut på jakt igjen sjølve - no er det fisk som får gjennomgå. Dei har mindre å ta igjen med - det hjelper neppe å slå med sporden. 
But then the terns also go out hunting. Fish have less chance to defend themselves -
I doubt there would be much effect of beating with the tail ---

Ein annan fiske-etar i lagunen: sel!
Another fish-eater in the lagoon: seal!

Føler meg glad for å vera menneske her; dyra har det sanneleg hardt nok. 
Feeling fine by being a human here; animals lead a tough life!

Fredeleg på overflata -. 
Peaceful surface -.

Ingen kan klaga på utsynet frå vegen! 
Who would complain about the view from the roadside?

Frå Skaftafell er det ein liten times gange opp til Svartifoss,
som fell fritt mellom sekskanta basaltsøyler.
From Skaftafell, there is a walk of ca one hour to reach Svartifoss, which runs
freely, surrounded by hexagonal columns of basalt.

Som eit kyrkjeorgel! Eller kanskje Sibelius-monumentet i Helsinki?
Like a church organ! Or maybe like the Sibelius Monument in Helsinki?


Ein flott symfoni er det i alle fall.
Anyway a great symphony!

Og brudesløret er allereie på plass - dette må jo vera den perfekte staden for bryllaup!
And the veil is already in place - perfect place for weddings!

Vi køyrer vidare, over Skeiðarársandur - den største elvesletta som vert laga av brevatn frå Vatnajøkull. Her klarte ein ikkje laga veg / bruer før i 1974 - og i 1996 for heile stasen til dunders i eit voldsomt jøkullaup.
We go on, and cross the  Skeiðarársandur - the biggest delta made from glacial rivers from Vatnajøkull. In 1974 one managed to build bridges that could stand the floods from melting ice - but already in 1996, they were destroyed by an immense jøkullaup.

No har dei bygd opp bruene igjen, og denne gongen består dei av seksjonar: ryk den eine, ryk ikkje heile anlegget. Smale bruer - men med mange møteplassar. 
Now the bridges are rebuilt, and they consist of sections: if one is damaged, the other ones
will hopefully survive. Narrow roads - but with lots of meeting points.

Landskapet skiftar heile tida. Umoglege fjellformasjonar på høgre sida -
The landscape is different all the time. Impossible shapes on the right hand side -

og fullt av kvinnebryst på venstre sida, tilmed med brystvorter! Det er visst same mekanismen som i pseudokratera ved Myvatn: gass frå det indre av jorda har tøte ut og laga eksplosjonar som har lagt igjen desse haugane.
- and lots of female breasts on the left hand side! The same mechanism as in the
pseudocraters at Myvatn: gas has exploded, and left the heeps of dirt and stone behind.

Det bles noko forskrekkeleg denne dagen, så det er sandstorm framom oss.
A horrible wind this day! Which also means: sandstorm.

Sandflukt er eit så stort problem at ein har sådd lupinar for å binda jorda. Lurer på om det no er sandflukt eller lupinar som er største problemet? Dei er overalt!
Sand drift is such a big problem that lupines have been planted to avoid it. But now -
I wonder which is the bigger problem: sand drift or the lupines? They are everywhere!!

Kjempestore område er fullstendig dekte med lupinar.
Huge areas are completely covered by lupines. 

Men nokre stader er det likevel lupinfritt, og jordbruket ser ut til å gå godt. Her er Vestmannaeyjar i bakgrunnen.
Agriculture finds its place on the brim of the island. Vestmannaeyjar in the background.

Er eg ikkje fin? Raudstilk.
How do I look? Redshank

På veg til Hlidarendi, der vi skal bu i fem netter. Eyjafjallajøkull i bakgrunnen.
Det bryggjer opp til eit skrekkeleg uver; godt vi ikkje syklar eller ligg i telt!
On our way to Hlidarendi, where we shall stay for five nights. The Eyjafjallajøkull in the background. A horrible storm that lasts for one week is on its way - good job we don't have a tent or bicycles!

Rett ved vegen let heiloen seg fotografera i fred og ro. Bil er god kamuflasje!
Golden Plower, captured from the car window.

Intense fargar: gulmaure og truleg timian.
Intense colors!

På Lidarende vert vi ønskte velkomne (eller kanskje ikkje) av denne nydelege svarthalespova. Det varte ikkje lenge før vi heller omtala han som jadrakan; mykje lettare å snakka islandsk!
 At Hlidarendi this black-tailed Godwit welcomes us (or maybe not).

Som mange islandske kyrkjer er også denne på Lidarende
bygd i bølgeblekk. Ho toler mykje ver -. 
Like many of the churches in Iceland, the one at Hlidarendi is made of corrugated iron. 

I uveret som kom, tok vi likevel utflukter som planlagt. Her er vi ved Seljalandsfoss, der rokket stod langt innover stigen bak: vinden bles vatnet rett bakover!
Despite the bad weather, we went to Seljalandsfoss as planned.
Due to the strong wind,the waterfall went inwards ---

Ei mektig oppleving var det no lell. 
A great experience anyway!

Det er ikkje kvar dag ein kan ta bilete av måsar gjennom eit fossefall ---
Not too common to make shoots of seagulls through a waterfall ---

Hehe - no vert dei våte, sa'n.
 Soon getting wet - very wet!

Etter vulkanutbrotet i 2010, har det vorte bygd eit lite senter der ein viser ein interessant film frå redselsdagane og tida etter. Vel verd eit besøk!
After the eruption in 2010, this little center has been made. We could watch an interesting film from the horror days, and from the following period of repairing the damages - establishing a normal life again.

I dag går livet - og jordbruket - sin vante gang igjen. 
Today: normal life and normal production.

Mønsterbruk! Er imponert over kva dei har fått til trass i fleire cm med askelag.
I am really impressed by the spirit of the people who live here: WE'LL NEVER GIVE IN! 

OK - vi gir ikkje opp, vi heller. Om det regnar og bles - kva så?
All right - we don't give up,either! Rain and wind - so what?

Om vi ikkje kan sitja på hagestolane, kan vi i det minste ta bilete av dei!
We are not tempted to sit down - but why not make the best out of the situation? Drops are nice!

Så vi køyrer til Skogafoss, og får ei flott oppleving her - trass i eit ver som i starten kunne skremma skrubben. Etter kvart letta i alle fall regnet, sjølv om det heldt fram å blåsa stikker og strå!
Skogafoss is a mighty waterfall - what a feeling to go as close as possible and have the whole roar in the ears! 

På veg tilbake til Lidarende ser vi denne fossen, som strevar med å koma seg ned fjellsida. Måsen strevar med å koma seg fram til fossen - det er STORM. 
On our way back to Hlidarendi, we can see how this waterfall tries - more or less in vain - to get down the mountain side. And the seagull? What a job to get forwards!!

Det er'kje greitt å vera fuggel i dag! 
Poor bird, there is hardly any shelter anywhere.

Nemnde eg forresten at det bles? 
By the way - did I mention the wind?

Vi har fulgt med på vermeldingane, og satsa rett: siste dagen er det strålande sol, om enn vinden held stand. Så vi reiser til Vik i Myrdal og får ein super dag! 
From Vik in Myrdal we have this nice view towards the Reynisdrangar, out in the Atlantic Sea.

Raudvengetrasten har nok med å passa på maten han har fanga. 
The redwing is more occupied with food than view!

Fantastiske fargar - igjen. 
Spectacular colors - again.

Og skiftande landskap - igjen. 
And changing landscapes - again!

Litt vest for Vik kan vi køyra ned til Reynisfjøra, og risikera å få ein
lavastein i hovudet - men det skjer vel neppe på ein så fin dag? 
West of Vik. We can see the cliffs from the oppposite angel.

Basaltformasjonane her er formidable! 
Such exiting mountain -!

Spennande også på stranda: svart lavasand gir flotte blå fargar. 
The black lava sand gives nice blue colors to the water.

Ein flott stad å koma til!! 
We enjoyed this place very much!

Er det så rart om eg likte meg her? For nokre former -! 
No wonder, I'd say! Great artist that created this ---

Nokre få kilometer mot vest ligg Dyrholaøy. Her kan ein
køyra til toppen, og gå ut på fuglefjella.
 Some kilometers further to the west: Dyrholaøy. We went by car to the top
of the island, and from there we could walk out to the end of it. 

Det skumma godt over lavastranda! 
Great waves gave nice laces!

Vinden var verkeleg eit problem for fuglane: denne havhesten kom seg ingen veg! 
The wind really gave trouble to the seagulls - they couldn't get forwards!

Mektig. Veldig mektig. 
Big. Really big.

Mot Reynisdrangar i aust 
Eastwards; Reynisdrangar in the distance.

Vi måtte ta høgde for at eit vindkast kunne vippa oss overende,
så det kom ikkje på tale å stå ute på kanten. 
We had to be prepared for being gone by the wind, so standing on the edge was out of question.

Men å krypa ut dit, derimot ---- 
But crawling out there, that's different ---

Tøft!! 
Rough  conditions!

Den mest vanlege måsen her: havhesten. 
The most common seagull here: Northern Fulmar.

Dyrholaøy fyr. 
The great lighthouse at Dyrholaøy.

Så er vi på veg mot Grindavik. Vi køyrer vegen langs havet, og kjem innom små fiskarladsbyar.
We are on our way to Grindavik, driving along the ocean. Small fishing villages cling to the rugged coast.

Korleis dei greier få båtane ut og inn i dei dårlege hamnene, er ei gåte for meg! Men så har det visst også vore mange forlis opp gjennom tidene. 
How they can manage to get the boats out to - and in from - the sea, is difficult
to understand. The haven is not sheltered - and the weather can be rough! 

Vel - vi forlet  problemstillinga og nyt heller synet av 11 hestar
som rushar forbi svanefamilien så vatnet skvett. 
Oh, well - not our problem. So we prefer to focus on 11 resilient
horses, rushing past the little swan family - a beautiful show!

Så er det berre det å seia: eg har kutta og kutta på bilete, og har sjølvsagt likevel altfor mange. Men til dei som heldt ut heilt hit: alle skjønar vel at dei MÅ til Island?! GOD TUR!

All right - too many photos, but - which ones should have been deleted?!? For all those who have come as far as to the end here: I suppose you understand that Iceland is a must. HAVE A LOVELY JOURNEY!!










1 kommentar: