mandag 9. juni 2014

Vårgleder / Happy days of Spring

Ut på tur!! Når havet ligg stilt som eit stovegolv - då må ein berre koma seg til vasskanten.

When the ocean is calm as a floor, there is only one thing to do: get out there!

På Tungenes, ein dag i mai
At Tungenes, some day in May

Fargesterkt lav trivst der forholda er tøffe
Colorful lichen loves rough conditions

I dag er det ikkje mykje "tøffe forhold" akkurat!
Well - no rough conditions today!

Utruleg kva som lever rett under vasssflata i slike pyttar
Just beneath the water surface

Ein annan blank soldag ruslar eg heimanfrå og ned til havet. Strandnellik blømer over alt her ute.
Another calm and warm day, five minutes from home.

Her er det fri badebane til England! 
What if I start swimming from here -? England next!

Nede ved sjøkanten er det eit yrande liv - både av blomar, fuglar og insekt.
Every living creature is awake - birds are singing, flowers are giving out
wonderful scents, and insects and butterflies are celebrating SPRING

Tilmed grantrea jublar!
Even the spruce is making its own firework!

I kveldinga tek eg meg ein tur til Hålandsvatnet, på fin gangveg gjennom skogen.
Close to the ocean, there is this little forest. I am on my way to my favorite lake.

Der har svanefamilien funne seg godt til rette mellom sivet
The swan family

Sverdlilje - intenst gul!
Orris - with the most intense yellow color!

I motlyset ser ein kor mange insekt som driv og surrar -
her er det mykje god mat for fuglane.
Loads of food for the birds!

Blir alltid litt vemodig når eg ser rognetreet bløma; det minner meg
om at hausten kjem om ikkje så lenge - her må det levast intenst!
I always feel a bit sad when I see the rowen tree blooming:
it reminds me of autumn's red berries. Better live intensely!

Så neste dag: ut igjen, denne gongen til Vigdelstranda, 20 km heimanfrå.
So - next day: off again, this time to the Vigdel beach, some 20 km from home.

Full sol - kraftig vind - folketomt - fine forhold!
Sunny, windy, no people - perfect!

Heilt uforstyrra
With no interruptions - just peace

Gled meg til sommaren her!
Looking forwards to summer and swimming!

Vel - ikkje fullstendig folketomt: eit brudepar står og hutrar i vinden,
i lag med fotografen i andre enden av stranda
Well - there are some other people on the beach:  a weddingcouple
are doing their photo shoot in the far end although it is freezing cold!

Det er lunare her i denne vesle vika
More sheltered in this little bay ---

Det er eit intenst lys! Rosenrot klorar seg fast til bergveggen over glitrande vatn.
In the intense light, roseroot cling to the mountain wall over glittering water

Og våren går amok med dei mest fantastiske fargar og fasongar.
Flekkmarihand er ein vanleg orkidé her i traktene - men han er
ikkje mindre vakker for det!
Wild cheering among orchids in springtime!

Kvitkløveren strålar om kapp med sola
The white clover tries to compete with the sun

Denne planten er det ikkje så mange som kjenner til: kystmyrklegg;
berre fem til ti cm høg. Men vakker, det er han!
A rather unknown little plant, only five - ten cm high.
It grows close to the sea; latin name: Pedicularis sylvatica.

Skogstjerna er heller ikkje storvokst - men å, så fin!!
Another little beauty: wintergreen

Dagar med sol og glede - det er ein endelaus straum av slike for tida; neste innlegg kjem nok snart.

There is an endless stream of sunny days right now; more photos soon to come!































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar