lørdag 28. juli 2012

Nilsebuvatnet - Stakken - Viglesdalen - Nes

Uansett kor fint det er andre stader: eg kjem alltid tilbake til Ryfylkeheiane. Det er ein godt bevart hemmelighet for resten av landet at "heiar" i dette området er skikkelege, ville fjellområde, og ikkje berre lågfjell med beitemark og setervollar! Dermed får vi stort sett gå i fred i her, og med variasjonen i topografi kan vi tilpassa turen ut frå fysisk form og andre praktiske forhold. Denne gongen måtte det bli ein relativt lett tur, og ikkje altfor lang: tre dagar passa godt.

However nice other areas may be: I always return to Ryfylkeheiane, my most nearby mountains. The area is very well equipped with unlocked cabins that anybody may use; there is a system with paying by credit card - and it is all based on trust. In Ryfylkeheiane, most of the cabins are unstaffed; some of them are with proviant, some of them without. You may read more about trekking in Norwegian mountains at

Turfølget (som synest det er OK å vera med på bloggen) og eg fekk skyss om morgonen til Lauvik, og tok ferja inn Lysefjorden.  Medbrakt frukost kom vel med!
My young companion (who agrees to being on the blog) and I started by entering the ferry in Lysefjorden, having a great sightseeing as we passed the Pulpit Rock and ate our typical Norwegian breakfast: bread, brown cheese and coffee. If you would like to read about Lysefjorden, this is a good link: http://www.visitnorway.com/en/Where-to-go/Fjord-Norway/Stavanger/What-to-do-in-the-Stavanger-Region/Attractions-in-the-Stavanger-Region/The-Lysefjord/

Heldigvis fekk vi taxi opp til Nilsebuvatnet. Det er ei strekning på rundt to mil, og med ei stigning på 750 meter - ikkje for gamle folk til fots, nei! Her har vi kome eit stykke på stien inn mot Stakken, og feirar opphaldsveret med ein kvikklunsj.
We are lucky to have a taxi take us up to 750 m altitude, and have started the walk to the cabin named Stakken. The heavy rain has stopped, so we are celebrating with coffee and chocolate.

På fleiredagars turar med mykje bagasje, er det ikkje mogleg å dra på tungt fotoutstyr. Men tenk, eit lite Nikon Coolpix 6000 tek dei mest utrulege bilda; her er det tilmed berre eit knapt halvt utsnitt som er brukt!
For trips with a heavy load, I can't possibly carry much photo equipment. So this time, all the pictures are taken with a small Nikon Coolpix 6000. I am amazed by the possibilities these small cameras have -! This is even less than half the size of the original picture.

I Ryfylkeheiane har vasskraftutbygginga gjort kraftige inngrep i naturen. Mellom anna er Nilsebuvatnet regulert, løypene er lagt om, diverse turisthytter er neddemde, og andre er bygde som erstatning. Nokre stader skjer svære kraftleidningar gjennom landskapet; det er ikkje særleg vakkert ---
In this area, there are many lakes and waterfalls - perfect for producing electricity. As a result, many of the lakes have been dammed, huge water tunnels have been made through the mountains to connect the different  lakes in an intricate system, and to lead the water to suitable power plants.   

Med all nedbøren, trivst fuktelskande plantar - det
kan sjå ut til at moltehausten kan bli bra!
This plant produces a very well-tasting berry called "molte". It looks more or less like an orange raspberry, and goes well with ice cream or just cream - quite expensive if you buy it; difficult to find yourself ---

Kvitlyng - eller bladlyng - har fått namnet
etter baksida av blada; der er det kvitt!
"White heather" - named by the back of the leaves, which are white

Vi ser målet for dagen; Stakken ligg i inste enden
av vatnet langt der bak. Det er eit stykke igjen --
We can see the cabin in the far end of the distant lake.
Still some kilometers to go -!

Små stjerner lyser imot oss; stjernesildre trivast i
mosekledde bergveggar der det sildrar og renn vatn 
Small stars - great beauty! Saxifraga stellaris.

No nærmar vi oss hytta, og ser fram til eit herremåltid med hermetisk bacalao!
Approaching the cabin, looking forwards to tinned bacalao!

Så har vi hatt ei god natt, og vandrar av garde neste dag i opphaldsver, med Ryfylkeheiane sitt eige Table Mountain i bakgrunnen. 
The following day, ready for a 200 m steep climb. But there is
no rain, so what -!! Table Mountain in the background -?

Løypene er stort sett godt merka, men kart og kompass
er absolutt nødvendig å ha med (og å kunna bruka)!
The routes are quite well marked, but it is absolutely a
must to carry a detailed map and a compas.

På veg opp Klinkehorten. 200 meters stigning på svaberg gjer at vi set ekstra pris på at berget stort sett er tørt - og at vi går oppover og ikkje nedover! 
It is much better to go uphill than downhill when the surface is slippery!

Hmmm - greier eg dette, då??
"You can do it!!"

Vi skal gå nokre kilometer her oppe på platået, og
ser med skepsis på skodda som driv fram og tilbake.
We are to walk some kilometers on this plateau, and don't really like the fog fooling around - it is nice to look at, but in this terrain it can give us quite bad trouble if it "hits" us.

Vi er på toppen av Klinkehorten - og skodda
ligg under oss. Håpar ho blir der!
We have reached the top, and so far so good: the fog keeps on beneath us.

Skulle likevel tåka koma på oss, veit vi at slike vardar er gull verdt: i og med at dei er "gjennomsiktige", er dei lette å skilja frå steinar som er lagt der frå naturen si side. Og dei er lette å skilja frå "vardar" som ukyndige folk har lagt opp for moro skuld.
Even if the fog would come, these cairns are of very good help to show us the way: they can easily be distinguished from stones that nature itself has put there, as long as we can see through them - and we know that only skilled people can build them - no one make them just for fun.

Fantastisk varde og vegmerke!
A great good one!

Det er ikkje mykje sti å følgja her; viss 
ikkje merkinga er tydeleg, er ein faktisk i trøbbel.
No track, just plain mountain. The cairns - often with read paint - are of significant value! But by experience, I know that the red "T"s are much more difficult to find than the cairns in foggy weather.

Klinkehorten - der Gud mista alle klinkekulene sine
- eller kan hende der isen la dei igjen!
Klinkehorten - a strange plateau, where God lost his marbles - 
or where the ice left them some 9000 years ago ---

Utpå ettermiddagen vart vi innhenta av regnet igjen. Det var så vått at vi priste oss lukkelege som fann denne helleren, så vi kunne få i oss mat utan at det rann nedmed nakken under måltidet!
We have descended from the plateau, but now it is heavy rain all the time. Luckily, we found this shelter so we could have some food without water running down the neck!

Nok eit minne frå istida: stien går langs ein flott morenerygg mellom to vatn. I enden ligg ein liten demning som vi skal gå over, og etter den ber det bratt ned i Viglesdalen.
This moraine is a very significant sign that the ice has left a lot of stony material on its way to the coast. The path goes right along it, and in the far end there is a little dam - then we are going steep down to Viglesdalen.

Det har ikkje vore heilt lett å gå denne dagen - det er vatn overalt. Heile stien er full, så det plaskar og skvett rundt føtene - men no er vi snart framme og veit vi kjem til ei varm hytte. Humøret er på topp, det!
This day has been rather straining - there is water absolutely everywhere, and the path has become a stream - but never mind, we are almost there!

Siste morgonen, etter pannekakesteiking og annan god frukost. 
We have had a nice breakfast, and are heading for Nes;
7 km ahead and about 400 meters down.

Viglesdalen er vakker og vill, likevel frodig og mild.
Wild and beautiful, but also mild and tranquil.

Langs Viglesdalsvatnet veks der svært mange ulike plantar.
Her: stankstorkenebb (skal visstnok stinka, men eg har aldri kjent lukta -.).
There are lots of different species of plants along the lake
in Viglesdalen. This is stench cranesbill; some kind of Geranium.

Fint opparbeidd sti gjer at det er lett å gå her,
sjølv om vi eigentleg går midt i ei urd.
The path was built through the stone scree 100 years ago, and is easy to walk.

Bergfrue! Og her var det ikkje berre eitt eksemplar,
nei - dei stod tett i tett!
An exclusive beauty: Bergfrue (Saxifraga cotyledon).

Takk til dei svenske rallarane som laga vegen for over 100 år sidan!
Thanks go to the Swedish entrepreneurs who made the road!

Det går nedover med oss, dalen vidar seg meir ut.
As we are descending, the valley is getting wider.

Og med alt regnet vi har hatt, er fossane store og
flotte! Her er det Hiafossen vi tek ein kik på.
With all the recent rain, the waterfalls in the valley are big and powerful. 

Snart nede ved bilvegen. Så gjenstår berre å finna transport til byen; her må vi håpa på hike! Og: "Alt ordner seg for kjekke jenter!"
We are almost down by the road. The last challenge: How to come home? We ended up hitch hiking, and were helped by local people: they knew that we were stuck if they didn't help us out - so they did. Thank you!! 





søndag 22. juli 2012

Søre Syndin i Valdres

Den optimale ferien vert for enkelte avvikla i fjellet, med mulighetar for fiske, fjellturar til fots, sykling - og aller best: opphald i naturen, med fotoapparatet klart. Denne sommaren fekk eg med meg alt dette; fantastisk!! D.v.s. når det gjeld fiske, fekk eg eta min del av fangsten, som vart teken lenge før eg gløtta på augene om morgonen ---

My favorite holiday is spent in the Norwegian mountains, with access to fishing, hiking, bicycling - and best of all: just to stay in the undisturbed environment, watching plants and light, and animals coming by - with my camera ready (more or less ---)

På veg langs Åkrafjorden. Snøsmeltinga i fjellet
gjorde Langfoss til ei praktfull oppleving!
On our way to Valdres, we passed the breathtaking Langfoss, which ends its journey in Åkrafjorden. As early as June 25th, the melting of snow in the mountains above gave an immense amount of water!

Umogleg å unngå vatn på linsa :-)
Couldn't possibly avoid water drops on the lens! 

 Vidare over Hardangervidda, der våren nettopp
hadde kledd på bjørketrea
We continued over the Hardangervidda, where the light
and warmth of spring only just had dressed the birch trees

Så bar det over Golsfjellet, der vi fann kusina til Sigrid
i Lilly Hammer bak disken på denne fantastiske kafeen
A treasure café at Golsfjellet

Fin sommarjobb: stå og lese bok og få betalt for det
Nice summer job: read a novel and get payed for it

Vi har kome fram til vår nye heim for ei veke:
seterkafeen ved Søre Syndin. Utsynet frå
stovevindauget var upåklegeleg!
We have arrived our new "home" at Søre Syndin

Midt i hjartet av den typiske stølsheimen!
Right in the center of the typical dairy farming

Veit ikkje akkurat om det er så typisk å finne
eit fuglereir under loket på utedoen -?
I am not convinced that this is typical: finding
a birds nest beneath the lid of the latrine -!?

Ikkje så typisk dette heller: utandøres steiking av
belgiske vafler, på eit utgammalt jarn som har
vore på garden i alle år!
Probably not so typical, either: making Belgian waffles
outdoors, in an old waffle iron

Vel - bålet er i alle fall bytta ut med ein grill!
Well - some improvements: the open fireplace has been replaced by a grill

Og smaken -? HIMMELSK!!
And the taste -? HEAVENLY!!

Skiftande ver og lysforhold følgde oss
gjennom heile veka
The light- and weather- conditions changed throughout
the whole week

Så var det ho som hadde fått låna ei flott 200-400 mm linse, og berre skulle rekognosera litt før ho bar med seg alle kiloa. Så her har eg sykla av garde med mi gamle, dårlege 80-300 mm linse - og kjem sjølvsagt over eit flott tranepar! Trompetstøta gjalla mellom fjella; ei storslått oppleving, som var vekke då eg kom tilbake med skikkeleg utstyr ---
Totally unexpected: cranes! What an experience! Their
communication with powerful trumpeting sounds was just amazing!

Den største fuglearten i Noreg - er det rart eg vart fjetra?
The biggest kind of birds in Norway - no wonder I was thrilled!

Tilbake til sykkelen, og litt kaffi og kjeks ved breidden
Back to the bicycle, enjoying some coffee by the lake

Tettegras, ein av dei to kjøtetande plantane vi har. Det er bladrosetten som er farleg for insekt, men denne floga ville nok ha kome laus frå klisteret uansett - det er berre dei minste som vert fanga.
Pinguicula; one of our two carnivorous plants - but only
the leaves are dangerous, for small insects.

Tilbake ved hytta. Kvelden kjem med gyllent lys
Back at the cabin. The golden evening colours are coming

- og eg vert aldeles betatt! Eg veit at rett bak bakketoppen
lever det tranar - og kven veit kva andre dyr som held til der?
I am so thrilled by the beauty of the light, and by knowing the
secret of where the cranes spend the night: just behind the little hilltop

Sola har gått ned der vi er -
The sun has left our place -

- men det er lenge til ho forlet fjella rundt oss.
- but it won't leave the mountains for long yet.


Neste dag er vi klare for ein tur opp på Grønsennknippa,
og køyrer forbi det eine fotomotivet etter det andre -
men her vi berre stoppa -!
The following day, we are ready for a mountain hike.
We are heading for mount Grønsennknippa

Dette er ein ganske grei fottur; 368 meters stigning i
lettgått terreng, og med kjempefint utsyn gjennom heile turen
The climb is just 368 meters, and the view is fantastic all the way!

Også på nært hald - her lyser greplyngen opp
The close views are as beautiful as the far views --

Kven skulle tru at starr kan vera så fint -?!
I never knew that sedge could be this nice -!

Kartlav viser veg
"Map lichen" shows us the way

- og til slutt er vi på toppen, med utsyn mot heile Jotunheimen!
Her er Skagastølstindane til venstre, og Urdanostind til høgre.
We are on the top, and can see most of Jotunheimen:
Skagastølstindane to the left, Urdanostind to the right.

På veg ned ser vi mellom anna Knutholstind, Leirungsbreen og Bitihorn
On our way down, we can see Knutholstind, Leirungsbreen and Bitihorn, among others

Vi er tydelegvis i høgfjellet, og i høgfjellet er det telehiv!
In the high mountains, one must be prepared for frost heave!

- og kva med ein elg frå bilvindauget -?
- and one must be prapared for moose along the road ---

Elgku med tvillingkalvar er neppe særleg vanleg -
men dei finst i Valdres!
Moose with twin calves can be seen in Valdres!

Neste dag skal eg tilbake til tjønna med tranane, og lastar sekken med fotoapparatet og den digre, tunge linsa.  Før eg rekk å få opp noko som helst frå sekken, kjem der ei grasiøs elgku luntande langs breidden av tjønna - og nokre meter bak kjem jamen kalven. Fantastiske minne, som sit brende inn i hovudet!  

The day after, I went back to the tarn where the cranes had been. Even before I got any of the gear out from the backpack, a moose cow and her calf came elegantly running along the shore - a great memory, but without any photo proof! 

Veret er mildt sagt skiftande, og eg vert sitjande og pinnhalda på regnteltet
som held fotoutstyret tørt, i ei halvtimeslang regnbyge med kuling rett imot. 
The weather conditions are changing all the time, so a waterproof  
"tent" covering me and the photo equipment is absolutely needed!

Vel, så skein det opp att, og alt vart varmt og vakkert!
With some patience, the sun and warmth returned, and
was very much appreciated!

Tranane var ikkje å sjå. Derimot hekka eit smålompar
i Lomstjønn; slett inga dårleg erstatning!
No cranes today - but a couple of read-throated Divers
and their little one - no bad compensation!

Eg har sanneleg vore ved tjønna i nesten fire timar.
Gløymer å eta, gløymer å drikka, men kjenner til
slutt at eg må gå heim - er eg ikkje litt trøytt -?
I stayed by the tarn for nearly four hours; forgot to eat and drink -
but at last I felt tired and started my walk back to the cabin

Langs vegen vaks det nydeleg fjellkattefot
Along the road, these Antennaria Alpina grew.
Translated Norwegian name: Mountain Cat Paw

Myrull i kveldssol og vind
Cottongrass in windy evening sunshine 

Nedanfor hytta vår gir kveldssola intense fargar igjen
Outside our cabin, the evening sun colours the landscape with brilliance!

Eit halvt minutt seinare er sola vekk
Half a minute later, the sun is gone

- men eg rekk å fanga dei siste strålane gjennom
skogstorkenebben si krune.
- but I manage to capture the very last beams through
the crown of this Geranium sylvaticum.

Sola er vekk, men lysglansen på himmelen skin mot grinda
The sun is gone, but the sky is still bright and shines on the gate

Men skjønnheten denne kvelden vil ingen ende ta.
Enno medan sola fargar skyene rosa, så kjem fullmånen opp!
The beauty won't stop this night: while the sun is still giving
pinkish colour to the clouds, the full moon rises!

Klokka nærmar seg 00.30, og eg greier ikkje gå inn.
Det er siste kvelden her ---
It is only half an hour till the night is at the darkest stage.
I can't go inside - this is our last night here ---

Farvel til skigard, utedo, tranar, elgar, lom, fuglereir,
blomar, Grønsennknippa  - og folka vi innimellom
var i lag med gjennom ei heilt fantastisk veke!
Goodby to the rustic fence, to the mountain, the animals out
there - and to all the nice people we met occasionally during the week!