tirsdag 27. mars 2012

Vår i lufta - vår på bakken - VÅR overalt!!

Privilegerte meg som bur rett i nærleiken av alt dette!! Krokodiller i sumpen i Australia er nok fine greier - men eg har rumpetroll i dammen fem minutt herifrå. Og kan noko måla seg med skogen der hasselen drysser pollen over alt, medan kvitveisen skin i kapp med sola? Syden? Takk, eg blir her, eg.

I feel so privileged to live only a few minute's walk  from all this! One fine day I might want to see the crocodiles in Australia - but for now the small tadpoles in a little pond, the pollen of the hazelnut tree, and the wonderful white anemone are more than enough to keep me in the south western Norwegian spring. LIFE is back!

Er dette resultatet av ein frosk sine bragder?
(Eg meiner - to? -?)
The result of one frogs doings?? I mean - two??

Speilegg
Fried eggs 

Og dette skal bli froskar?? Minner meir om nellikspiker!
Frogs to be? More like tacks!

25. mars - og kvitveisen er her!!

Very early spring - the first small anemones
peep up from the ground

Eg veit kvar eg skal finna dei første, skjøre spirane!

I know exactly where to find the first tiny little sprouts

Rein glede!!
 Pure joy!

Kan ikkje halda opp å lata meg fascinera av natavona ---
I can't stop being fascinated by the she-flower
of the hazelnut tree --- 

Ikkje av hannblomen heller, for den saks skuld!
 Well - the he-flower is pretty pretty too!

Her er dei i lag, i perfekt harmoni.
 Here they are together in perfect harmony.

Nøtter er gode for både menneske og ekorn
- kven åt fjorårets produksjon?
Somebody emptied the nutshell from last summer 
- a human being? or maybe a squirrel?

Takrørskogen ved vasskanten er ein flott
bioptop for mange fuglar!
These weeds are a great biotop for lots of birds!

Same sorten siv - tett i tett.
The same kind of weeds

Hyllen er i starten av bløminga, og har framleis
det herlege lilla skjeret.
The elder is in the first fase of blossom - still violet!

Heile skapningen er ein einaste jubelsong - "halleluja!" 
"Hallelujah!"

Og enno er det berre så vidt begynt - skogen
er framleis utan lauv. Berre vent!!
The trees are still without leaves - we have
so much to look forwards to!!


1 kommentar: