mandag 24. september 2012

Stille kveld på Tungenes

Etter ein kveldstur utan fotoapparat ved haustjamdøger, gnog og verka det i kroppen etter å koma ut att til Tungenes og fanga noko av alt eg dermed berre måtte lagra i hjerneminnet. Heldigvis heldt det fantastiske, klåre haustveret seg til dagen etter, og vinden hadde løya så det var lunt og godt på svaberga. Ein herleg måte å avslutta helga på!

On September 22, when the sun is over the horizon for just as long as it is beneath it, I went to the lighthouse at Tungenes a couple of hours before sunset. But too bad: my camera stayed at home! So the day after, I returned in order to capture the motives that I hoped would still be there. A very nice way to end the week end!

Ein fin grusveg leier ut til fyret på den nordlegaste
spissen av Stavangerhalvøya.
On the friendly little road towards the end of the
Stavanger peninsula, where the lighthouse is placed

 I den låge haustsola brenn det i tang og tare!
In the low autumn sun, the sea tangles onshore are on fire!

 Langs havkanten ligg der store haugar av
ilandskylt tang og tare. Havet er røft her --
There is plenty of sea tangles that has been washed
ashore; the seas are rough here!

 Dekorativt - noko å læra av til neste bordpynting, kanskje?
Decorative - I might try to copy next time I shall
lay the table for a sea food feast

 Verdas største flytande kran er på veg inn fjorden
The world's biggest marine crane is on its way

 Og så fann eg den norske urmannen! Han låg og
duppa så nøgd i brakkvasstjønna.
Eldre enn neandertalmannen -?
Hi there - who are you? My ancestor?? Having a nice day, yeah?

 Berre ein tarestilk på tvers - og vips, så er det fint!
Just some tangle - and that's what it takes to capture a nice shot!

 Sola kjem lågare og lågare - og det gjer eg og.
Hamnar nesten i vatnet sjølv for å koma
lågt nok til å få med  speglinga ---
The sun is getting lower and lower, and I myself almost
fall into the water to get this picture! Difficult to avoid
wet points for the knees and elbows, not to speak of the 
stools from grassing cows --- But it was worth it, wasn't it?

Mykje lettare å ta dette; treng berre å halda
handa framfor sidesola.
Much easier to take; this one only takes a hand
to protect the lens from direct sunlight

Skal akkurat til å pakka vekk stativet, då eg
ser ned - og der ligg denne og ropar!
On my way to fold the tripod - but look, just at the
leg this feather lies, begging to be captured!

Rett før. Rett vest!
Just a minute - and then it's gone!

Og vips, så er dei gule fargane skifta ut med rosa.
All of a sudden, the yellow colours have changed to pink!

Allereie før sola går i havet, byrjar det å skymast.
Eg pakkar sakene og går sakte heimover.
Even before the sun goes beneath the horizon, darkness approaches.

Enno er det likevel lyst nok til å starta ein
svermetur utover i kvelden ---
If you want, you can still have som beautiful,
romantic minutes out there ---