torsdag 23. januar 2014

Is / Ice


Varmt vatn, kald luft - alt som skal til for å laga naturkunst!

Moving water, frosty air - sufficient ingredients for natural art!



Eg veit om ein liten sutlefoss, som lokkar og dreg når
gradestokken ligg rundt nullpunktet
A tiny, little waterfall - and the most wonderful sculptures!

Ein splash her og ein splash der --- 
A splash here and a splash there ---

og vips, så er det eit iskaldt boblebad!
and there is this bubbly surface!

Nokre plantar er vintergrøne og toler dette heilt fint.
Some plants are green the whole year, and can take the frost
without any problems.

Anar ikkje kva slags vekstar som ligg bak isen, men fint er det uansett! 
Don't know what kind of green plants are behind the ice, but - nice anyway!

Så er det berre is og lys og fascinasjon 
Just ice, light and fascination

Solgløtt - og refleksjonar av ein forsiktig blå himmel 
A glimpse of sunshine - and the blue sky is reflected

Tenk at ein så liten foss kan utretta så mykje! Og han er svært så
lett tilgjengeleg:  rett bak Solstrand Fjordhotell i Os
Imagine that such a small waterfall can accomplish so great art -!

Hålandsvatnet, Stavanger: Her har frost og storm frå
nord jobba godt i lag!  
Back at "my" lake; Hålandsvatnet: frost and northerly storm has been
at work for three days.

Isformasjonane langs land er heilt utrulege! 
The ice sculptures that are made are just unbelievable!

Bøk er ein varmekjær tresort - lurer på korleis greinene toler dette? 
I wonder if these branches are made for such icy "conservation"

- og går det bra for trea når stammane er glaserte opp mot 1,5 meter? 
-and what about these tree stems? 1,5 meters with ice all around them ---

 Grundig emballert!
Carefully packaged!

 Nede på bakken langs vasskanten, er strå etter strå pakka inn i glatt is.
On the ground, every straw is covered with ice that has blown as
water drops from the lake

Rust-kunst? 
Rusty art?

Innbakt skjermplante 
Embedded umbellifer

Reine eventyret! 
Like a fairytale!

Skulle hatt sollys her - kompenserer med blits i skumringa! 
Should have been here in sunlight - compensate with flash at dusk

Her er det berre naturleg lys - fint det og!
No flash here, just the last remnants of daylight

Så får vi håpa trea toler dette --- 
Let's hope the trees can cope with this ---

Og god natt, då, ender. 
And good night to you, ducks.




søndag 8. desember 2013

Lys i mørketida / Winter Lights

I den mørke årstida, når dagane berre er nokre timar lange og lågtrykka i tillegg står i kø, må ein helst sleppa det ein har i hendene og triva fotoutstyret når det kjem ein solstråle over hustaket. I alle fall vi som er heldige å ha eit hustak etter orkanen som herja 5. og 6. desember -. Natt til laurdag 7. desember roa alt seg, og snøen fall og la eit jomfrueleg teppe over landet - som om vergudane ville dekka over elendet og lata som om ingenting hadde hendt. Eg er naiv nok til å ta imot orsakinga ----


In winter's darkness, when daylight lasts for just some few hours and low pressures queue up, you had better let go whatever occupies you and fetch your camera, if a ray of sunshine lights up your roof. At least those of us who are as happy as to have a roof after the hurricane that raged on the 5th and 6th of December. During the night between Friday and Saturday, everything calmed down. Snow fell silently and made a soft carpet that covered all damages - as if the weather gods wanted to apologize. 


 Kong Vinter ønskjer velkomen til lysfest
King Winter welcomes us to Feast of Light

Så er det berre å nyta gåvene som vart lagt igjen om natta 
Accepting the gifts that were left during the night

Københavnerbukta - ein klar favoritt 
Just a five minutes walk from my house - love this place!

Hm. 
Hm.

Kan hende tittar sola skikkeleg fram snart? 
Maybe the sun will peep out properly?

Vakkert lys er det uansett 
Well - the December light is beautiful anyway!

Jamen kom ho ikkje -! Og i det kalde veret stig frostrøyken
og skaper ekstra stemning 
Here she comes! And with frosty weather, "warm"
water evaporates and makes mystical "smoke"

Krabbeteinene må sjekkast etter orkanen
The crab pots must be checked after the hurricane 

Frostrøyk over havet - ikkje eit vanleg syn! 
"Frosty smoke" - not a common sight in our area

Mjuk, urørt og delikat ligg snøen der
Soft, untouched, delicate

 Jomfrueleg -?
Like a virgin -?

Best å sjå ein annan veg. 
Better turn ones head 

Fargelaust om vinteren, sa du -? 
Colorless during winter -?

Trasten tek det han får tak i 
The thrush eats what he can find

Spennande lys, som vekslar heile tida 
The light changes all the time; exciting!

Og ute i havet går snøbygene 
Snowy weather off the coast

Den som sat her, sat neppe lenge. 
Whoever was seated here, probably didn't sit for long.

Det gylne lyset får alt til å gløda 
The golden light makes everything glow

Sjølv stokkandhoene vert gullfarga!
Even the she ducks become golden!

 Eitt av trea som måtte gi seg i orkanen
One of the trees that fell over in the hurricane

 I mørke granskogen skin desse blada så det nesten skjer i augo
In the dark forest, these leaves shine so brightly that it can hardly be believed

Og buskane har flotte bær! 
And the bushes carry nice, red berries!

 Eg ser at det ikkje er lenge til sola går i havet - og snur nasen heimover
The shadows are getting long - I start on my way home

Frostrøyken er berre så fin! 
The frosty smoke is so nice!

 Beviset for at det blåste då snøen kom
Oh, well - it must have been som wind whilst the snow fell

Kven kunne tru det no?!? 
Hard to believe now ---

Rett før sola går i ein låg skybanke 
Just before sunset

Det er fleir enn eg som nyt solnedgangen 
I am not the only one that enjoys the sunset

Tilbake ved utgangspunktet - eg ruslar heim. 
Back at start - walking back home.