mandag 25. februar 2013

Himmel og hav!

Medan land på motsett side av kloden fløymer over av vatn, er vi her på kanten av Noreg velsigna med eit uvanleg stabilt, kaldt og klårt vinterver. Blir nesten sliten av alt dette fine; "må" jo ut på tur støtt og stadig -! Kvar gong tenkjer eg: no kan der ikkje vera meir igjen å ta bilete av - men så finn eg nye motiv kvar einaste gong. Skiftingane i lys og ver fascinerer veldig!

On the news, I can see that some parts of Australia are flooded - and here in our region, we have the most wonderful winter weather! The air is cold and crisp, there is hardly any wind at all, and the daylight is  augmenting day by day. This change in light and seasons makes it easy to find new motives even if one has walked the same path hundreds of times. Fascinating!

Eg startar på stranda ved Viste strandhotell. Her er det langgrunt, og denne ettermiddagen er det nippflo, så meter på meter av sand som vanlegvis er dekt av vatn, ligg no tilgjengeleg sjølv for folk i vanlege skor!
The beach at Viste has normally shallow water - today, the tide
is extremely low. I love these patterns of soft waves! 

Lurer på om den som gjekk her, såg kor fint det var??
Just wonder - did whoever went here see the beauty? 

Hm. Kva kan seiast om dette, utanom at det av
ein eller annan grunn er ganske fint?
Hm. Could somebody tell me why I find this motive to be a nice one?

Snart skal vi bada her! 
In some months we will run over these small waves
into some bigger and wetter ones further out!

Ingen tvil: våren er her - februar eller ikkje.
February is considered to be a winter month -
but this looks very much like SPRING!

 Dette ser då også lovande ut! 
This looks very promising, too - the boat is ready!

Og i naustet er alt klart til fangst i vårsola.
The most tidy boathouse I have seen. Ready to go!

Visste du at insekta allereie har begynt å sverma? Prøvd
å ta bilete av dei? Dei ville jo ikkje stå i ro -!
The first dancing insects this year. Very, very
vivid dancing; they seemed to be in ecstasy!

 Desse tok det meir med ro: stokkender og toppender.
More tranquil individes; mallards and tufted ducks.

 Er ikkje sikker på kven dette er - men det luktar fugl!
Don't know exactly who this one is - except that it is some kind of bird

 Sjøfugl.
In fact - some kind of ducks ---

Eg får assosiasjonar til Ronja Røverdatter,
Dracula og Bloksberg, alt på ein gong.
Ugh - rather scary!

 Sola lyser enno rett bak meg, og månen rett framom.
Lyset som menneska har laga, vert temmeleg tafatt i forhold!
At my back, the sun is still shining; in my front is the full moon, 
reflecting a lot of light - man made light is rather puny ---

 Tilbake på stranda, med stupetårnet som lovande
utstikkar mot varmare dagar.
Back at the beach. The diving platform gives hope for warm summer days!

 Ny lyssetting!
Just before sunset.

 Raratonga àla Viste
Raratonga?

 Inn i evigheten ----
Eternity ---

mandag 11. februar 2013

Jæren i februar


Vi har framleis frost, med alle dei spesielle forholda som det fører med seg. Vi kan fråtsa i uvanlege motiv!

We still have frosty weather, which gives us lots of unusual motives for free -!


Gass frå jordas indre? Kvifor oppstår slike bobler i isen?
Why do such bubbles occur?

 Og kvifor vert det så flotte mønster når hydrogen og oksygen frys?
And which laws can tell hydrogen and oxygen to make such patterns?

 No har eg oppdaga fossekallen i Hålandsvatnet! Jippi!
YES! The dipper lives in "my" lake!

 Turen blir lang denne dagen - frå Hålandsvatnet
går eg ned til havet og ut på Smiodden. 
I walk from the lake and down to the ocean, to my favorite place Smiodden.

 Visste eg det ikkje: her var det mykje flott!
As I thought: exciting!

 Is er ikkje berre is - det er kunstverk på kunstverk!
Ice is not just ice - it is art!

 Og stein er ikkje berre stein heller.
As are stones ---

 Lys, sand, sjø og tare - så er biletet komplett
So simple - so nice!

 Har flytta meg til utløpet av Håelva. Tanken var å få solnedgangen over is og svanar, men der fordufta sola i ein sekk av skyer rett før eg kom fram - så vart det eit heilt anna lys, men sanneleg var det fint, det og!
Further south along the coast, at Hå.

 Songsvanar i flukt. Dei overvintrar her, og når våren
kjem, dreg dei til Sibir og lagar fleir av seg.
Whoopers. They stay here during winter; when spring
comes, they fly to Siberia to make more whoopers

 Lurer på kva tid kråkene får svømmehud mellom tærne;
dei trivast så godt i strandkanten at det nok berre er eit tidsspørsmål.
When will crows transform to sea birds? They act more and more like it -!

 Den heilt nedste delen av Håelva er eit eldorado
for fuglar, og ein nydeleg stad for menneske.
This place is a very nice habitat for birds - and a nice spot for people as well!

 Mot Obrestad fyr
 Towards Obrestad lighthouse

Ein kan lika dei eller ikkje - dei er der uansett, og noko godt må dei no gjera -.
Windmills - a new element in our environment.

 Ikkje lett å leggja til med båten no ---
Difficult to make use of the boat "garage" today!

 Desse to husa vert meir og meir falleferdige for
kvar gong eg er der - men dei er så usannsynleg fotogene!
Two shabby houses - but so good motives!

Når isflaka rørte på seg, høyrdest det ut
som nokon hamra og bygde hus!
When the ice flakes moved, it sounded as if
somebody used a hammer to build a house!

fredag 25. januar 2013

Iskald vinter ved Hafrsfjord, Hålandsvatnet og Københavnerbukta

Dei siste to vekene har vi vore velsigna med strålande, klårt vinterver. Ikkje så mykje som ei snøfille har falle! Kuldegradene har bite seg fast, sola har skine om dagen og gitt fantastisk lys om ettermiddagen (og sikkert om morgonen og), så det har vore ein fryd å kunna supa inn herlege synsinntrykk nesten kvar ein vende seg. 

For the last two weeks, we have been blessed with the most wonderful, cold and clear winter weather. During the short days, the sun has been shining from a cloudless sky, and in the afternoon, the low sunlight has given us impressions that will cling to our mind for years. What a joy!!

På veg heim etter jobb, er det ein kort avstikkar ned til Hestnes ved Hafrsfjord. Sola er allereie gått ned - men lyset på himmelen sit enno i, og gir akkurat den effekten eg hadde håpa på!
I'm on may way home from work, and am lucky to have the
remnants from the sunlight colour the ice on Hafrsfjord 

Eg går litt fram og tilbake, og hamnar ved ei lita båthamn.
Her er vatnet djupare, så isen har ikkje fått tak. 
 I stroll along the shore, and come to a small port 
where the water is deeper, so there is no ice - yet.

Blikkstille vatn i båthamna!
 Mirror ---

Tilbake ved utgangspunktet - det er ikkje verst,
det som flo og fjøre kan utretta!
When salt water freezes, the tide makes funny effects -
and combined with winter's light, it is magic!

Tvers over fjorden, mot sørvest
 On the other side of the fjord, towards south west

Eigentleg er det for mørkt til å vera på fototur -
men eg greier ikkje slutta!
  It's getting kind of dark - but I can't stop - this light just thrills me!

OK, då, eg får gi meg. Har tulla meg langt ut på ei mark,
og treng restane av dagslys til å finna veg attende!
All right then - I'll have to let go the rest of dusk.
How do I find my way back??!

Ein ny dag, med same flotte veret. Eg mistenkjer
at vatnet i Københavnerbukta, fem minutt å
gå heimanfrå, frys - og ja, det gjer det!
A new day, and the weather is the same nice.
I suspect the salt water in Københavnerbukta
("Bay of Copenhagen") is freezing - and yes, it is!

Merkelege mønster oppstår når saltvatn frys;
ei krystallisering som ein må vera kjemikar for å skjøna. Vi andre får
nøya oss med å konstatera at slik er det berre -.
 Funny patterns occur when salt water freezes - it
crystallizes in a way that non chemists can't explain. But
never mind - we can register it happening, though!

Til og med utanfor bukta frys det. Sjølve havet! 
 Even outside the bay, it is freezing. The ocean itself -!

Om eit halvt år er det fullt av badande ungar her!
 In six months, this bay is full of bathing children - ugh!

Eg forflyttar meg til Hålandsvatnet, der isen er trygg -
og der skulane i nærområdet har sleppt laus elevane.
 The ice on Hålandsvatnet is safe, and the schools
in the area let their pupils spend some time there.

Vel - ved utløpet av elva gjer ein klokt i å halda
seg vekke. Nokon må likevel alltid tøya grenser ---
 Well - close to the river mouth, nobody should test the ice. 

Eg går eit stykke langs vatnet, på veg for å finne
iskrystallar i graset. Med kameraet framme,
er der mykje flott å finne undervegs og!
 I am on my way to search for ice crystals in the grass.
On my way, there certainly are other nice things to view, too!

20 meter frå turvegen - og hei, der er Nøtteliten på plass!
 20 meters from the path - and there, Mr. Squirrel is on duty

Så finn eg at det eg har sett frå bilvindauget, er
som eg håpa: marka er full av kjempestore isroser!
 From the car window, I have seen this field, and I
suspect it to be covered with ice crystals. YES, it is!

Ingen snø, berre barfrost som har fått
byggje seg opp over to veker. Eventyrland!
 No snow; just frost that has built itself for two weeks. Crystal Palace!

Denne rosa var omlag fem cm i diameter!
 This rose had a diameter of about five cm! 

Isfjell på flatmark
 Ice berg on flat field

Og diamantane skein og glitra. Tenk, alt dette er
vekke ved første mildver - like forgjengeleg som alt vi eig ---
 The gems were glittering in every crystal - what a miracle!
Yet - tomorrow it might be gone --

Det er ikkje alle som får sett slikt som
dette - kjekt med makrolinse!
 I feel lucky to have a macro objective - this is
not possible to capture with a normal lens.

Men dette kan dei aller fleste
ta - viss dei finn det, då.
 This one, though, anybody could take -
if they realized it was there-!

Eg må til slutt riva meg laus frå isen - bokstaveleg tala;
anorakken og buksa har frose fast! På veg tilbake til
bilen, ser eg nye, uventa motiv. Skeiseisen lagar den lyseblå bakgrunnen.
 Well, I have to tell myself to move on. It is about on time; my anorak is frozen and if I stay longer, it might start building up with ice needles on me as well! So I return to the car, but can't resist this motive --

Ei til som er på heimveg. Ikkje så lett å sykla med skeiser på!
 Another one on her way back home. It isn't easy to bike with skates on -!

Eg er heimkomen og har fått tint meg. Så oppdagar eg
lyset i bjørka og skjønar at eg berre har ein ting å gjera: ut igjen!
 Back home, I get the warmth back in my body - but then I see
the glowing tree in the garden, and understand there
is only one thing to do: get out again!

Så eg hiv på meg klede og fotoapparat, går kjapt ned
til havet - og får med meg siste solstrålane over bukta "mi".
 So I redress, grab my camera, and set off to the sea - and
manage to capture the last sun rays over "my" little bay.

Nok ein gong: fargane overgår det ein ville tru var mogleg.
 Again: the colours are unbelievable!

Eg trur dette er siste dagen med klårver, og er kjempeglad
for at eg fekk høve til å festa inntrykka til minnekortet!
 This is probably the last day with cold, clear weather. I am
extremely pleased with having been able to experience all this beauty -
and to have the opportunity to store the impressions!

Berre gjenskinet er igjen.
 The sun has set - just the pale reflections are left.

Så er det slutt: eg går heim.
So, at last, it is over: I return to home.