mandag 28. mai 2012

Vår ved fossen

Denne årstida er full av omskifte; det er berre fem veker mellom dei første og dei siste bileta her! Rett nok er dei fire første tekne i Trøndelag og resten i Rogaland, men ei formidabel omskaping er det uansett.

Between the first four pictures and the rest of them, there is only five weeks. All right - the ones with snow and ice are from the middle part of Norway - and the last ones from Rogaland, on the south western coast - but the change in conditions is immense anyway!

Velkomen til isbad i siste lysglansen frå kveldssola i Hesdalen!
 Anybody for a bath in this day's last sunrays ?

April - det frys, det smeltar, det frys og snør og tinar igjen ---
 In April the weather can't decide wether it is winter or spring ---

Vel - definitivt vinter her, i Bymarka i Trondheim
 No doubt: winter is still reigning in Trondheim in April!

Forresten ser det lovande ut ein halvtimes tid etterpå.
Well - half an hour later, it looks a bit more promising ---

 
13. mai tok eg turen for å sjå om fossekallen hadde fått ungar. Synd at linsa ikkje er betre - det må det bli ei endring på!
On May 13 I went to see if the dipper had given birth yet. Sorry that the lens isn't as good as I would have wanted it to be - that shall be changed!

YES, der var tre stykke av sorten!
 YES, there were three of the kind!

Kvar vart det av maten??
 Where is the food??

Ahh - endeleg! Meg først, MEG FØRST!!!
 Finally!! Me first - ME FIRST!

Ta det no med ro, alle får!
 Take it easy - there is enough for you all

Kom igjen, di pyse, fossen er mykje kjekkare enn det badekaret ditt!
Come on, you wimp, the waterfall is much more exiting than your bathtub!

EG våga ikkje sjå meir - betre å halda seg til slikt som heng fast på ein stad!

Too scary to watch any more - this feels much safer!

Og til slutt litt god gaukesyre som dessert.
Wood-sorrel; welltasting dessert in May

tirsdag 27. mars 2012

Vår i lufta - vår på bakken - VÅR overalt!!

Privilegerte meg som bur rett i nærleiken av alt dette!! Krokodiller i sumpen i Australia er nok fine greier - men eg har rumpetroll i dammen fem minutt herifrå. Og kan noko måla seg med skogen der hasselen drysser pollen over alt, medan kvitveisen skin i kapp med sola? Syden? Takk, eg blir her, eg.

I feel so privileged to live only a few minute's walk  from all this! One fine day I might want to see the crocodiles in Australia - but for now the small tadpoles in a little pond, the pollen of the hazelnut tree, and the wonderful white anemone are more than enough to keep me in the south western Norwegian spring. LIFE is back!

Er dette resultatet av ein frosk sine bragder?
(Eg meiner - to? -?)
The result of one frogs doings?? I mean - two??

Speilegg
Fried eggs 

Og dette skal bli froskar?? Minner meir om nellikspiker!
Frogs to be? More like tacks!

25. mars - og kvitveisen er her!!

Very early spring - the first small anemones
peep up from the ground

Eg veit kvar eg skal finna dei første, skjøre spirane!

I know exactly where to find the first tiny little sprouts

Rein glede!!
 Pure joy!

Kan ikkje halda opp å lata meg fascinera av natavona ---
I can't stop being fascinated by the she-flower
of the hazelnut tree --- 

Ikkje av hannblomen heller, for den saks skuld!
 Well - the he-flower is pretty pretty too!

Her er dei i lag, i perfekt harmoni.
 Here they are together in perfect harmony.

Nøtter er gode for både menneske og ekorn
- kven åt fjorårets produksjon?
Somebody emptied the nutshell from last summer 
- a human being? or maybe a squirrel?

Takrørskogen ved vasskanten er ein flott
bioptop for mange fuglar!
These weeds are a great biotop for lots of birds!

Same sorten siv - tett i tett.
The same kind of weeds

Hyllen er i starten av bløminga, og har framleis
det herlege lilla skjeret.
The elder is in the first fase of blossom - still violet!

Heile skapningen er ein einaste jubelsong - "halleluja!" 
"Hallelujah!"

Og enno er det berre så vidt begynt - skogen
er framleis utan lauv. Berre vent!!
The trees are still without leaves - we have
so much to look forwards to!!


onsdag 7. mars 2012

Tidlegvårtur på Vestlandskysten

- nærare bestemt vest på Bømlo, ei helg i slutten av februar.
Det er kaldt, og havet er uroleg etter stormen dagen før,
så alle båtar ligg på land. 

"Hands up!"
Early spring at Bømlo, on the western coast of Norway. Ready!

 Alt ligg på vent - men bak nausta luktar det intenst av spirande ramsløk -
It's cold and the nature is still in pale colours -

- og det brest då ein knopp her og der! Den knøttvesle
natavona har ein intens raudfarge, men er så lita at
ein må leita etter ho for å oppdaga ho. Det er like kjekt
kvar vår å finna slike blomar; det gir von om nøtter til hausten!
and some tough hazelnut trees can't resist giving sparkling
red fireworks to the otherwise colourless woods!  

Han og ho - litt dårleg stelt med han, kanskje,
men ho ser heldigvis ut til å tolt vinteren ---
He and she - she seems to have mastered the winter well, but he -?

I ly av holmar og skjær er det nesten fristande å leggja utpå med garna!
Tempting to borrow a boat and try --- 

Her ute ved kysten går villsauene ute heile året, og lever gode dagar.
"Wild sheep" - they have a great time in the coastal landscape  

Midt uti myrmarkene kjem vi til den gamle kyrkjegarden 
i Vika, som var i bruk fram til 1912. Dei døde vart frakta i båt,
og borne over stokk og stein frå sjøen og opp på eit høgdedrag
der gravplassen var lødd opp.
A graveyard in the middle of nowhere; used by fishermen until 1912

Gravplassen var enno godt halden, med jarnkors
som framleis hadde tydeleg innskrift:
The graveyard is still very well kept, with names and dates easily read

"Her hviler støvet af Lisabeth Johnsdatter Vike"
- kven var denne kystkvinna, og korleis levde ho? Kvifor
døydde dei to søstrene i nabograva same dag, 11 og
17 år gamle? Romanen skrik etter å skrivast!
"Hereunder rests the dust from Lisabeth ---"   What happened to her? 

Naturen er barsk på Bømlo - som folket også er det.
The nature is rough at Bømlo, as is the people there

Der det eigentleg ikkje er liv laga, klorar dei seg fast
og finn ein leveveg uansett, og skaper ei livsutfalding
som kan ta pusten frå andre!
 Nothing can really live here - but who cares -?!

Dagen er på hell, og vi ruslar tilbake og kjem opp
til kyrkjegarden igjen. Det er i alle fall tydeleg at
her er det ikkje snakk om six feet under -!
"Six feet under" -? Well - - - no. 

Dette lyset rett før sola går i havet, er formidabelt flott!
Just before sunset

Mot nord er skyene rosa -
Towards north: pink light

 - og i vest gyller dei siste strålane skyene så alvelandet kjem fram
- and towards west: golden, glowing  light 

At sola kan gjera slik skilnad -! Same fjella her -
Amazing what difference the sunlight gives -! The same mountains are here - 

- og her!
- and here!

Vi tyner det siste som er igjen av dagslyset,
We can't stop, but use the last remnants of daylight 

men gir oss endeleg når vi er komne til vaktmeister-
bustaden ved gullgruvene på Løkling. Det var ein herleg
tur; ikkje lange stubben, men du verda kor innhaldsrik!
Finally we have to give in, anyway. We have had a wonderful day!

søndag 22. januar 2012

Vintermorgon ved Hålandsvatnet

Vekkarklokka på, ein rask liten frukost - og deretter av garde! Som førstemann (!) var eg ved vatnet 40 minutt før soloppgang, og turen vart så fin at eg måtte ta runden rundt heile vatnet. Nesten fire timar ute i eventyret gav eit kick som eg håpar kan vara veka ut!



- With the alarm bell set at 7.30, I for once had a fair chance to see the beautiful morning light before sunrise. So I set off to Lake Haaland again, and remained there for nearly four hours - a wonderful morning with changing light, as the sun climbed towards noon!


Ein halv time før soloppgang er alt stille
Everything is quiet half an hour before sunrise

Eit par minusgrader gir håp om skeise-is
One can always hope for skating ice

Jaudå, det er noko eige med morgonlyset.
No doubt - the morning light is special!

Pastellane stod i kø
Pink, violet and bright blue - very soft light

No er det like før. Bonden har klargjort åkeren for våren
Just before sunrise. The fields are ready for spring.

Yes, der er ho (og eg er heldigvis også her)!
Usannsynlig vakkert!
Lucky me to be at the right place at the right time!!

Lyset set farge på alt, stygt som fint vert uansett fint.
The light gives colour and beauty to everything,
no matter whether it was nice or not in the first place

Sopp på ein morken stubbe. Må få laga meg eit slikt halskjede!
Fungi on a dead tree stem (nice necklace!)

Himmel på jord / i vatn
Heaven on earth - or in a lake

Sølepyttar skal ein ikkje forakta; dei kan skapast om
til vakre kunstverk!
Never underestimate puddles - they may be recreated
by a great artist!

Og mose er ikkje berre mose når frosten bit!
Frosty moss

Ender i siget
Ducks on their way to nowhere

 Då eg var lita, syntest eg det var trist å øydeleggja dei
vakre, frosne pyttane - men så knasa det så herleg at eg
klarte ikkje lata det vera. Ser at det same skjer enno ---
As a little girl I found it sad to destroy the beautiful
frozen puddles by trodding on them - but I couldn't
resist doing it though! Obviously people still do it ---

Berre litt bobler
Bubbly ice

 Tilbake ved start. Fantastisk tur!!
Back at the starting point. What a trip!!