onsdag 17. august 2011

Madland - himmeltur igjen!

Sommaren - og ferien - syng på siste verset. Og eg som nesten ikkje har fått vore i fjellet ! I rein desperasjon og med ein solid dose trass (var uvanleg lite opplagt), pakka eg i går fotosekken med 4,2 kg fotoutstyr (d.v.s. rubbel og bit av det eg har), nok mat til ein heil dag, bikini og ullstillongs. Vermeldinga var helst diffus; det kunne bli "alt". Heldigvis for meg vart det berre noko; regnet kom ikkje før i natt!

 Madland er eit fjellområde eg oppdaga på slutten av 70-talet. Den gongen vart det mest brukt til skiutfart, men etter kvart som snøen kraup lenger og lenger opp i høgda, minka det på vinterbruken. Stiane har likevel vore mange og i god bruk på sommarstid, fram til for nokre få år sidan. Då vart det slutt på sauehaldet i denne heia, noko som - i lag med ein generell auke i temperaturen - har gjort at det sprett opp med skog der det tidlegare aldri har vakse eit tre. Eg ser det frå år til år: området vert mindre og mindre brukt, og der det tidlegare var tydeleg sti, må ein no vera kjend for å finna han. Vel, det gode med det er jo at ein finn fred og ro og urørt natur og kan - om det trengst - gå bak ein stein sjølv om steinen manglar!

Så kan ein altså gå der i ro og mak og suga inn lyden av stillhet, nyta synet av dei skiftande, vakre lysspela over fjell og vatn, og registrera dei små teikna på at naturen førebur seg på vinteren. 

 Eit siste desperat forsøk på å strekka 
sommaren med eit nytt blad ---

 Bjønnkam; nydeleg bregne som trivst i Madland

 Næh - hei, du!!

Mest lilla i fjellet no for tida - men ei og 
anna tepperot smyg seg fram innimellom 

 Ja, og så vert det meir og meir gult 
i bjønnskjegget og.

 Raude fristerinner - skinnet bedrar!

Hjelpe meg - dette var Fisketjønnbu! 

Ein eller annan kjuke på ein nedhogd 
bjørkestubbe.  

Visste ikkje at mose et sopp?? 

Skyene - og dermed lyset - skifta heile tida. 
Spennande! 

Pause ved Fisketjønn(bu) 

Eitt av måla var å fotografera soldogg. Første gongen eg oppdaga han her, var i 1978, med nytt Canon AE1. Med snudd, handhalde normalobjektiv og manuelt innstilt lukkartid på gefühlen, vart resultatet eit trykk i plakatstørrelse! Den gongen heldt eg på å detta i vatnet då eg tok biletet - denne gongen valde eg ein litt annan vinkel. Planten står nede i mosen - du ser han vel? 

Eg stemmer for at soldoggen må bli flat! 
Umulig å få alt i fokus på ein gong --- 

OK, så får vi heller konsentrera oss om detaljar, då. 

Oisan - rypebærblada har begynt å få den 
umiskjennelege raudfargen. Har det allereie 
vore frost her? 

På dette stadiet var eg så trøytt at det ikkje var 
snakk om å leggja seg ned for å ta bilete lenger. 
Orka framleis setja meg - men soldoggfotogra-
feringa tok siste piften! Fint at det vaks røsslyng 
rett ved rypebæra; så sat eg på same staden.

Ein og annan rome var framleis optimistisk gul 

- men dei fleste hadde kapitulert og kledd seg for hausten. 

Det var ein gong --- No kan ein gå kvar ein vil! 

Raud haust på veg 

Har kome meg i bilen og køyrer nedover Gjesdal, 
då denne flotte bisola oppstår. Det får ikkje 
hjelpa: om eg er aldri så trøytt, må eg stoppa! 

Det er ikkje berre naturen sjølv som førebur vinteren 

 Bisola heldt seg i nesten ein time, og vart endå 
meir intens då eg nådde Ålgård. Flaks at 
flyet letta frå Sola akkurat i rette tid for meg -!

Guri malla, det vart ein lang dag. Lang og anstrengande og veldig avslappande: ein skikkeleg HIMMELTUR! 

mandag 25. juli 2011

22.07.2011

Denne dagen skal koma til å brenna seg inn i minnet for heile det norske folket. Men der eg går i sørenden av Solastranda, i eit ver som vert mykje betre enn det som er meldt, anar eg ingenting om kva som skal skje i løpet av dei næraste timane. Eg kikar på bunkersane frå krigen, som er omgitt av vakre blomar - det heile er nesten pittoresk, og eg hugsar eg har ein streiftanke om at "jamen er vi heldige som lever i vårt fredelege land!" Ei ungjente sit på toppen på den eine bunkersen og slappar av i sola. Reflekterer ho over kva ho sit på -? Truleg ikkje; det er så fin ein sommardag og livet er lyst og godt og frå toppen av bunkersen er det fint utsyn og verda er vår!


I den evige vinden som friskar opp lufta langs havet, er det ikkje berre enkelt å finna motiv som er rolege nok til at nærfotografering vert vellukka. Men i ly bak sanddynene greier eg likevel knipsa eit par blomar mellom vindråsene:


Ein legg ikkje merke til insekta før ein går tett inntil 
blomane. Det er usannsynleg mange floger på ei strand! 


Humler finst der også i fleng. Fuglevikke er godt! 


Denne planten er ein av dei vakraste eg veit om langs 
strendene våre - og så veit eg ikkje kva han heiter! Så
skjær og sart og liten --- Nokon som kan hjelpa med namnet?


Fint solever for ærfuglane. 


Brennmaneten har måtta gi tapt - det var 'kje mykje 
liv i den, og det same kan det jamen vera.


Her, derimot -! Det var fleire slike "helikopter" i aksjon 
samstundes; kul umulige å ta bilete av i flukt med den 
farta  dei hadde - kjekt at tiriltungenektar er godt -!


Eit anna helikopter var mykje enklare å få fanga på linsa. 
Tenkte på kor godt at det var ute i fredeleg 
ærend, trass i at det var eit militærhelikopter --- 


To timar etterpå var bombeanslaget mot Oslo eit faktum, deretter kom massakren på Utøya. Oppi alt det groteske vart det brått så uvesentleg å bala med bilete av fin natur. 22. juli 2011: Eg er tom og tung inni meg.  

torsdag 14. juli 2011

Sykkeltur rundt Hafrsfjord

Fridag - og sol frå skyfri himmel!! I skjeringspunktet mellom behovet for å vera sosial og det å ha eit sterkt behov for å dra på sykkelfototur, vart løysinga å ta med berre eit bittelite, knapt synleg kamera - og oppføra seg nesten som andre folk på sykkeltur. Det er vel normalt å fotografera når ein har matpause -? Altså: Hafrsfjord rundt er ein fabelaktig flott tur på ca. 25 km, så og seia berre på sykkelstiar. Anbefalast!! Her kjem nokre heilt få bilete, som eg lurte meg til å ta i pausen ikkje så langt frå Møllebukta:

God, gammaldags sykkeltur - herleg!

 Skulle hatt støvlar her. Og det andre kameraet --

 Blåskjellsperlemor i solglans

 Det er rart kva som kan vera fint å sjå på

 Sniglar og rur på ein stein - kjempegreier!

Grilling i strandkanten, jordbær og bringebær og kaffi - jamen vart det fem flotte timar av det!! 

mandag 4. juli 2011

Knott og godt i Sirdalen

Denne helga har eg fått brukt mitt nyinnkjøpte fotoutstyr i krevande omgivelsar: ikkje berre hang tåka nedover fjellsidene og stengde for lyset, men i tillegg aula og krydde det av knott og mygg i SIrdalen så det vart dansa krigsdans rundt stativet mellom kvart bilete. Dessutan regna det ---- Men når ein har køyrt ti mil og gått fleire kilometer med tung sekk, full av mat, klede og kilovis av fotoutstyr - då sit ein ikkje inne i hytta og spelar spel før det er mørkt. Nei, då kliner ein myggolje på alle opne flater, tek på seg regnklede og snører til så godt som det går an - og så legg ein seg stort sett langflat med nasen flattrykt mot apparatet. Om det er myr eller mose eller gras går ut på eitt, like vått er det uansett. Berre vi får teke bilete, så -!!

Det mest ufattelege på denne turen, var at turfølgjet mitt var like fotogal som meg sjølv. Men så var også fotoapparatet hennar ein dag nyare enn mitt! Stor spenning for begge to - og her kjem nokre av mine eigne resultat:

 Ingen knott skal få hindra meg -!

 Elendig lys, men fine tytebærblomar!

 Det er tettpakka med liv overalt

 Når ein først har oppdaga dette lavet, så er 
det kjempefascinerande! 

 Vakre Bittekonvall!

 "No greier eg ikkje meir knott!" sa ho - og gjekk 
frå den største maurtua eg har sett i Noreg.

Innrømer det gjerne: eg gjekk, eg og. Det er den verste fototuren eg har vore på - men det var like fullt ei herleg oppleving, ikkje berre etterpå - men til og med der og då! Fantasisk flott  natur vi har rett rundt øyrene våre! 


mandag 27. juni 2011

Havlangs mot Vistnes

Måtte på tur i dag og -! Eg visste det ville vera fullt av liv langs havet utover mot Vistnes, og starta nedanfor Vistehola. Både veret og tida var på mi side; det vart ein herleg sundags ettermiddag!

 Sjølvlysande kvann

 Gutetur!

 Skulle tru nausta vaks opp av jorda; dei høyrer så heime her!

 Våga meg ikkje nær denne svanen på denne årstida

 Liten og lett på opne havet - men fort gjekk det!

 Flekkmarihand; ein vakker orkide

 Jammen veks det ikkje hanekam her!

 Litt uregelmessig og rufsete i kantane - leve hanekammen!

 Leve slike vakre floger og!

Legevendelrot - med ei herleg lukt, så lenge planten 
står ute i naturen. Inne luktar det straks kattepiss!

 Rosa og orange - ikkje akkurat dei 
fargane eg ville ha kombinert -!

 Kvann er humletiltrekkande så det held.

 Engstorkenebb - i mengder!

 Mat!

 Marehalmfrø, klare til avgang

 Denne tjelden nekta å stå på begge beina.

 Så stod han der og peip og plystra på eitt bein, då ---

 Alle som har prøvd å ta bilete av humler, 
veit å setja pris på at dei sit i ro!

 Siste bilete: bleikrosa nyperose. 

Deretter gjekk eg heim, nok ein gong stinn av vakre synsinntrykk og overraskande oppdagingar.