tirsdag 30. juli 2013

Provence 3: Gorge du Verdon, Mostiers-Sainte-Marie

Ein rundtur på ca. 100 km gav oss ein flott heildagstur, frå Flayosc til Gorge du Verdon, vidare til Mostiers-Sainte-Marie, og til slutt i ei sløyfe over høglandet med lavendelåkrar på alle kantar. Ei fantastisk oppleving!


One day, we took a tour of about 100 km, from Flayosc to Gorge du Verdon, then to Mostiers-Sainte-Marie, and finally we went via the highlands with its wide lavender fields, back to our base by the pool.

Klar for å leige sykkelbåtar og kano, i Lac de Sainte-Croix
Ready to board pedal boats and canoe, in Lac de Sainte-Croix

 Vi skal inn i ei trang elvekløft, og kan knapt kome fort nok inn; her trør vi på!
We can hardly wait to come into the narrow river ravine; our legs ache by the strain of pedaling!

Naturen er mektig, med fargar og formasjonar vi ikkje er vane med heime.
The nature is majestic, with colors and forms that we are not used to in Norway

Etter ei stund finn vi rytmen i syklinga, og tek det meir med ro.
No berre er vi her, og nyt det!
After a while, we have found a good pedal rhythm, and relax by just being here

Steile fjellveggar, fine fargar og flotte fossefall
Steep mountain walls, nice colors and waterfalls

- folk vert bergtekne og hoppar uti
- people are thrilled, and jump into the water

- og prøver koma inn i berget det blå
trying to get into the mountain?

Vel, dei som ikkje hoppar i det, held fram innover i elva
Well, those who don't jump, continue further inwards

- og kjem til meir opne og rolege strekningar.
- and reach more open and tranquil waters.

Her må vi snu; båten er berre leigd for to timar ---
We must turn back; the boats are hired for only two hours.

Og vi må ha tid til å leike litt på returen!
And we must have time for some fun at the return -!

Hei - kvar vart du av??!? Mista brillene, sa du -?
Whoops - where are you??!? Lost your glasses -? 

Endå lenger nede var den perfekte staden der barske menn
kunne vise at dei er barske menn
Further out some brave men tried to show that they were brave men.

Vel, dei om det. Eg let meg like mykje fascinera av fjell og fargar.
Good for them - but look at the cliffs, the water and the colors!

Mektig ---
Majestic ---

Svære holer i veggane. Kven bur der inne?
Who lives in these big caves?

Nesten ute i innsjøen igjen, klare for å kjøla oss ned i ein
kontrollert symjetur dei siste metrane mot land.
Almost back at the starting point, ready for a nice swim in the cool water

Frå innsjøen er det ikkje lange køyreturen til Mostiers-Sainte-Marie,
ein koseleg landsby oppi fjellet.
We continued to the pleasant village Mostiers-Sainte-Marie,
some kilometers up in the mountains.

Takk og pris for utekafeane - her var det VARMT!
Don't know how we could have survived without this -!

Vi klatra oppover, mot grotter og pilgrimskapellet
Notre-Dame de Beauvoir. Bonus: vakkert utsyn mot byen og innsjøen.
A steep climb up to some grottoes, and to Notre-Dame de Beauvoir chapel.
Bonus: nice views of the village and the lake we came from.

Ein annan bonus: vakkert - og ikkje minst kjøleg - kapell. 
Another bonus: beautiful - and not least cool - chapel.

Så er vi på heimveg. Det gjer godt å gå nedover -.
On our way "home". Going downwards feels good!

Tru kor mange grader det er der nede på takverandaen?
Det forbausar oss ikkje at han er tom!
How many degrees does the veranda have? No wonder there is no one there!

Til slutt: nydeleg tur gjennom lavendel-landskap!!
Finally: a beautiful trip through fields of lavender!

mandag 29. juli 2013

Provence 2: Villecroze

Eit par mil frå Flayosc ligg den fine landsbyen Villecroze. Det passa godt å ta ein ettermiddagstur dit, etter at siestaen midt på dagen var over. Nesten alt er stengt mellom kl. 12.30 og ca. 15.30; lurt å ha det i tankane når ein planlegg turar!


About 20 km from Flayosc, the friendly village Villecroze is situated. We had a nice trip there one afternoon, when the siesta was over. Everything is closed between 12.30 and 15.30; a good thing to notice when planning activities!

Vi kom ikkje lange biten før eit stort skilt peika mot vinslottet
Thuerry, og vi let oss ikkje be to gonger. Etter 2 km i god, gammal urskog,
opna vinmarkene seg for oss, og langt der bak låg både slott og utsal.
Having driven about half way to Villecroze, a big sign pointed towards
Domaine de Thuerry. After a 2 km drive through untouched wilderness,
the wide fields of vines opened, and in the far we could see the castle.

Her var det berre å trø til; gurgla og smaka med
kjennarmine, og til slutt spytta ut dei edle dråpane.
Eikefat-lagring eller ikkje, voila la question. 
Wine tasting is an interesting and pleasant activity -
just a shame that one has to spit it all out again.

Ein kvit, ein raud, ein med eikesmak og ein utan - heilgardering
på sett og vis, men dei var no dei beste uansett. 
One white, one red; the two kinds that suited me best.

Vi køyrde lystig vidare, og kom til landsbyen Villecroze. Her er det
en heil fjellvegg av kalkstein, med svære grotter inni,
forma av vatn for 700.000 år sidan.


After som extra ten minutes, we reached Villecroze, 
and found the grottoes. What a beautiful area!!


 Hadde ikkje venta å finne vakker natur
her, men jamen gjorde eg det, sa'n!
Didn't expect to find such nice sights here, but -!

Ved inngangen til grottene
At the entrance of the caves

Dryppsteinsholer er flotte, og med lyskastarar vert det ekstra stemningsfullt 
Such caves are very exciting, and with extra light they get even more dramatic

Her er vassreserven i fortet (som vart sett i stand på
slutten 1500-talet, men aldri teke i bruk).
The water reservoir in the fortress 

Vi gjekk og gjekk, og hamna visst til slutt i Kina.
China?

Hovudrommmet, med det beskjedne billettkontoret. 
The main room, with its modest ticket office.

Så er vi i utkikstårnet, bak fossen. Herleg forfriskande i ein varm dag! 
In the lookout tower, at the back of the waterfall. Very refreshing!

Ganske spooky; hadde ikkje forundra oss om det kom ei heks fram frå ei krå! 
Rather spooky - where is the witch?

Var det ikkje det vi tenkte -! 
Aha - here she is!

Nei og nei, det er to -! 
Oh, no - there are two of them!

Best å koma seg ut.  
Better get out from there -!

Meir prosaisk, men ikkje mindre flott: barken på platanlønna
gir dei flottaste mønster!
More prosaic, but not less interesting: the bark of the
sycamore makes the most interesting patterns!

Kan ikkje dy meg - må berre leike litt. 
Sorry, I cannot resist the urge to play with colors.

søndag 28. juli 2013

Provence på nært hald / Close ups from Provence



Denne sommaren har eg vore så heldig å få nyte to heile veker i eit feriehus i utkanten av den vesle byen Flayosc, midt i vinområdet i Provence. To veker med late bassengdagar, men også med mange flotte utflukter til ulike landsbyar i nærleiken, og ein dagstur til St. Maxime og St. Tropez ved Middelhavet. No er eg stinn av flotte inntrykk og gode minne, som eg skal prøve å dele opp i fire blogginnlegg. Dette første innlegget inneheld berre nærbilde av natur. Bonne voyage!

This summer, I have enjoyed two weeks in a nice house in the outskirts of Flayosc, a little town in the heart of the wine district of Provence. We spent lazy days in - and by - the pool, but we also had trips to nearby villages, and a one day trip to the Mediterranean. I am filled to the brim by impressions and good memories, and shall try to share some of them in four sections on this blog. This first post will just contain close ups. Bonne voyage!

Bouganvilla og sommarfugl - og eit blått, herleg basseng
Bouganvilla and butterfly - and a blue, wonderful pool

Veit ikkje om denne er vakrast som knopp -
Can't decide whether this youngster is the nicer one -

eller som fullt utsprungen?
or whether this grown up is?

Pasjonsblomst langs vegkanten, med ivrig brukar oppi
Passionflower along the roadside - with eager inhabitant

Og rett bortanfor heldt denne svalestjerten kalas
This swallowtail held a big, happy feast on its own

Denne, derimot, hadde fått for mykje, stakkar
- but this poor little fellow has had too much of something

Langs ein skuggefull sti ved rennande vatn, krydde det av augestikkarar
Along a shadowy path by running water, there were lots of these dragonflies

Stilige skapningar! Og så så slanke, trass i eit liv i Provence ---
Nice creatures! And so slim, despite living in Provence ---

 I Provence klatrar sniglane så nær sola dei kan! Dei må jo vera
ferdig kokte - lettvint matauk; kanskje difor franskmenn er så glade i sniglar?
How on earth can these snails survive in the intense sunshine? They all climb upwards, 
as far as possible - and the warmer sunshine, the better. Ready made dinner for French people?

Svermar på gourmet-jakt
Not quite a butterfly, but fond of nectar anyway!

Denne er i alle fall glad i søte saker
This one also loves sweet drinks

- og denne vert rusa på lavendel
- and this one loves lavender

Det gjer denne og. Han gjekk heilt i spinn!
This one got high on lavender, too - it went spinning around!

Ho ser litt pjusk ut, nøtteskrika - men så er det også over 30 grader.
A Jay comes into the garden - she looks a bit groggy. No wonder; it is more than 30 degrees

Gekkoen er smart; han held til i skuggen.
This gecko is a smart one: he stays in the shadow all day.

Tre-etasjars pasjonsblom; plass til liten og stor
Room for big and small ones in this three floored flower

Eg trur frosken prøver å gøyme seg. Det var kanskje ikkje heilt rette fargen -?
I think the frog tries to hide. Maybe another color would have made it easier -?

Hmm. Eller er han berre fascinert av fiskane -?
Or - is it just fascinated by the fishes?

Denne er den største kvepsen eg har sett i mitt liv! HJELP!
The biggest wasp I ever saw - HELP!

Ein kunne tru det var kvite blomar - men nei, sniglar igjen!
Almost like flowers - but look, they are just white snails! Or - should I say escargots?

mandag 1. juli 2013

Snartur i juli

Hadde litt tid før ettermiddagsjobbing - og eit stort behov for grønt liv. Mellom mange mulige stader å rusla på tur, valde eg til sist ein liten sveip langs Hålandsvatnet; berre nokre hundremetrar - og det vart det mykje glede av!


Before going to work in the afternoon, I had a little stroll along Lake Håland. Just some hundred meters - and there I was, surrounded by green beauty, birds singing and wonderful smell from flowers all over the place. JOY!

Lønna har mista blomane - men frøa er flotte!
The maple tree has lost its flowers - but the seeds are also very colorful!

Idyllisk og fredeleg langs vatnet 
Peaceful path along the lake

Herleg duft av legevendelrota - så lenge ho står ute i naturen 
This flower has the most wonderful smell as long as it is outside.
Too strong scent if one takes it inside, though.

Kor gammalt er dette treet, tru? 
How old -??

Gammalt nok til at det veks sopp på det, i alle fall! 
Old enough for mushrooms growing on it!

Kan ikkje bestemme meg for kven av bileta eg likar best. Kommenter gjerne! 
Can't decide which photo I prefer. Any comments are welcome!

Bjørnebær - minner om at hausten ikkje er langt unna --- 
Blackberry flower - reminds me of autumn coming round the corner ---