søndag 13. januar 2013

Frost

Det knakar og knest når eg går i graset no om dagen, der millionar av isnåler byggjer seg opp heile tida. Ikkje ein gong midt på dagen greier sola å tine dei; det er ein sann fryd for den som er godt kledd!

These days, frost has come to my region: not even at midday can the sun manage to melt ice and ice needles - it is a beautiful wonder for people that are dressed in warm clothes!

Dei to første bileta er tekne 20 meter frå huset mitt. Har det fint, takk!
 The two first pictures are taken about 20 meters from my house. Grateful!

Pytt, pytt!
 On a small, frozen puddle, ice needles are created from "nothing"

I dag var det så vakkert at det fekk vera som det var med alt som eigentleg skulle vore gjort. Starta ved Svarthola på Viste, og gjekk nordover langs havet i eit nærast stilleståande tempo: det var flotte motiv overalt!
 Everything that should have been done today, must wait:
with such conditions for photographing, one
just has to use the opportunity!

Stakkars vesle spire - ikkje særleg lurt!
 Poor little green thing ---

Ja, ja.
 Have a seat!

Om sommaren er desse tistlane lite fristande å
koma borti, og på høgre sida av stien er straumgjerdet
som held hestar og kyr på plass. I dag -? No problema!
 No problem to pass the thistles and the electricity fence
today. In summertime one has to watch out!

Fine er dei no -.
 Bad for clothes - nice to look at!

Havet frys der det får liggja stille
 In a quiet bay, even salt water freezes today.

Dårleg med båtliv i dag!
 No boats here now; they have been taken ashore for the winter

Desse har også gått i land. Trur faktisk det er stokkender.
 These ducks have gone ashore, too - having a nap?

Fuglar eller strå - kva skal ein ha fokus på?
 Shift of focus - and all of a sudden, the motive has changed!

Neppe fare for brannspreiing i denne kulda!
 The tangle is on fire again - but with this ice,
there is no danger

Veit ikkje om denne steingarden har nokon funksjon no, men fin er han då.
 An old stone fence - don't know if it can prevent sheep
from jumping over it, but it is nice, anyway.

Eg har kome fram dit eg eigentleg hadde tenkt meg:
ikkje langt frå Vistnes. Rekna med at her
var ein og annan dam - og det var det!
 At the endpoint, and I got what I was after: frozen ponds and low sunlight.

Så var det berre å supa inn det fine!
Here we go - beautiful motives everywhere!

Så enkelt - så fint.
 So simple - and so nice!

Og eg som trudde isbjørnane berre heldt til i Arktis!
 Until today, I thought that polar bears only live in the Arctic!

HA - kunne nokon ha gjort det betre?
 What an artist!

Eg vert berre meir og meir oppglødd. For ei glede å ha dette så lett tilgjengeleg!
 Getting more and more happy, knowing that I am so
priviledged to have all these wonders so close at hand!

Nei, eg har ikkje gjort noko som helst med fargane.
 I haven't done anything with the colours; it's all the sun's work.

Klokka er ti over fire når sola går i havet - og eg går motvillig i retning heim.
 At ten past four, the sun sets - and I turn towards home.

Men først må eg seia ha det på badet til denne
forstyrra fyren - godt han ligg godt nedpakka!
 Can you see the desperate man? 

Fargeskifte: no kjem dei mjuke lilla - rosa tonane fram.
 Change of colours: time for pink and violet!

Isbjørnen ha endra seg til gullbjørn.
 No polar bear any more: the Golden Bear is here!

Noko seier meg at det kan vera verd å snu seg
 Something tells me it might be worth while to turn around

- og der såg det altså slik ut.
 - and this is what I saw!

Opne grindar - ingen buskap ute no.
 Open gate - no cattle to worry about at this time of year.

Endene tek seg ein kveldstur - og hegren er på plass.
 Time for a little bath for the ducks, and the grey heron is ready for fishing.

Fargane i tistelen er vekke - men gjer det noko -?
 The colours of the thistle are gone - but who cares, with such a sky?

Det er bra eg snart er framme. Stien er polert både her og der!
What a day! But now I can hardly see where to set
my feet, and that is not too smart as the path
is polished with ice ---




tirsdag 27. november 2012

November ---

Det har vore stilt på fotofronten lenge. Regn, regn og atter regn, i lag med mørke dagar, har hemma lysta til å gå ut med apparatet. Slik var det forrige helg og, men akkurat då det var tid for å gå ut ein halvtimes tid, skein det opp! Sola endra det grå, flaumstore haustlandskapet til eit eventyrland - og eg kjende meg som  prinsessa som vart løyst frå den grå trolldomskappa ---

It's been a long time since last blog. The rain has been pouring down for weeks and months, and autumn's darkness lies like a gray blanket over the landscapes. But just as it was time to go out for a short walk last weekend, the sunlight broke through and made the whole scenery shiny and bright - like in a fairytale! I suddenly felt like a princess that was relieved from a depressing spell ----

Klart til å plukkast. Hadde det ikkje vore for nypelusa ----
Ready for picking!

 Det har regna, regna og regna. Her er det berre ei
grøft langs vegkanten som har vorte som ei elv!
Just a ditch along the roadside - it has been RAINING!

- og det dryp enno frå trea over grøfta.
Drops are still falling from the branches above the water

 Men ingen kan påstå at ikkje det er vakkert!
Tilmed straumleidningane vert eit syn i slikt ver
Rainy or not - all the shiny droplets make even the power cords beautiful

 Det er slutten av november - og brunt lauv heng framleis
på vintereika. Forresten - sa eg brunt -??
Even in the end of November, brown leaves still
cling to the winter oak. By the way - brown -??

fredag 12. oktober 2012

Preikestolen / The Pulpit Rock

Sol og klår haustluft - kva er då betre enn å leggja av garde til Preikestolen? Eg vert aldri lei av denne turen, som første gong vart teken i 1976 - lenge før det var vanleg å gå dit. Den gongen var der ein liten parkeringsplass for tre-fire bilar, og var du heldig, greidde du hoppa frå tue til tue på myrene og snika deg langs bergveggen på storemyra - der kunne du finna røter og steinar å hoppa på -  før du jobba hardt for å finna ein gangbar veg oppigjennom Neverdalsurda. Kan hende møtte du ein fire - fem menneske på turen, ikkje meir. I år er det visst 100.000 som går dit --- Men i dag, ein fredag i oktober, var folkemengda til å leva med, og det gjekk greitt an å stoppa i stien og ta dei bilda ein ville utan at tusen menneske måtte venta. Merkeleg nok finn eg nye motiv kvar gong; har ein augene med seg, er det utruleg kor mykje fint som kan finnast!

Sunny, clear, crisp autumn day - a magnificent day for a trip to the Pulpit Rock! The distance is about four kilometers each way, and the climb is some 300 meters - with good shoes and sensible clothing, most people can manage it - but most people will also definitely have a feeling of having done a good job when they return to the car! When I had my first trip up there, in 1976, the rock was hardly known even by those who lived in Stavanger. There used to be a small parking place for three or four cars, and the path was not at all  prepared - it was just made by shoes walking over stones, tree roots and marshland - quite a difficult walk! This year, about 100.000 people make the tour, on a roughly prepared path. It has become quite stony due to all the people who wear it down, and there are plans being made to improve it - still, it is a lot easier to do the trip than 30 years ago!

Fire grader - lamaullgenseren frå Bolivia kjem til sin rett!
Four degrees Celcius - the lama wool cardigan is a must!

Der sola ikkje har teke, er rimen på plass.
In the shadows: frost!

 Over den store myra, ligg der no jernbanesviller -
og over ein roleg myrbekk, ligg der ei svillebru.
Nedi djupet lyser det i gull!!
This picture is taken straight down from a little bridge
over a tranquil stream. Many moors contain iron -
this one contains gold!

 Ein av favorittplassane mine undervegs
One of my favorite spots on the trip

 Dette har du nok sett før - men det er like
imponerande å koma dit kvar gong!
A well known motive - but just
impressing every time I get there!

 Det var så kraftig vind at vi ikkje kunne gå heilt
ut på kanten, og å vera der meir enn
nokre minuttar var utelukka ---
The wind was so strong that we couldn't go out to
the edge - but we had a nice view, anyway.

På heimveg, langt oppe i urda. Hausten går
nok snart over i vinter, det er lite lauv att.
We are on our way back. No doubt that winter is
soon here; most of the leaves are gone.

Ingen tvil om at det har regna mykje i det siste
heller! Dette er teke midt i stien ---
There has been very much rain lately - this photo is from the path ---

Dette og.
And this -

- og dette!
- and this!

Nede på stormyra igjen. Sola står allereie lågt,
endå klokka ikkje er meir enn fire. 
We are almost back down by the car. The sun
is quite low; though it is just four o'clock!

mandag 24. september 2012

Stille kveld på Tungenes

Etter ein kveldstur utan fotoapparat ved haustjamdøger, gnog og verka det i kroppen etter å koma ut att til Tungenes og fanga noko av alt eg dermed berre måtte lagra i hjerneminnet. Heldigvis heldt det fantastiske, klåre haustveret seg til dagen etter, og vinden hadde løya så det var lunt og godt på svaberga. Ein herleg måte å avslutta helga på!

On September 22, when the sun is over the horizon for just as long as it is beneath it, I went to the lighthouse at Tungenes a couple of hours before sunset. But too bad: my camera stayed at home! So the day after, I returned in order to capture the motives that I hoped would still be there. A very nice way to end the week end!

Ein fin grusveg leier ut til fyret på den nordlegaste
spissen av Stavangerhalvøya.
On the friendly little road towards the end of the
Stavanger peninsula, where the lighthouse is placed

 I den låge haustsola brenn det i tang og tare!
In the low autumn sun, the sea tangles onshore are on fire!

 Langs havkanten ligg der store haugar av
ilandskylt tang og tare. Havet er røft her --
There is plenty of sea tangles that has been washed
ashore; the seas are rough here!

 Dekorativt - noko å læra av til neste bordpynting, kanskje?
Decorative - I might try to copy next time I shall
lay the table for a sea food feast

 Verdas største flytande kran er på veg inn fjorden
The world's biggest marine crane is on its way

 Og så fann eg den norske urmannen! Han låg og
duppa så nøgd i brakkvasstjønna.
Eldre enn neandertalmannen -?
Hi there - who are you? My ancestor?? Having a nice day, yeah?

 Berre ein tarestilk på tvers - og vips, så er det fint!
Just some tangle - and that's what it takes to capture a nice shot!

 Sola kjem lågare og lågare - og det gjer eg og.
Hamnar nesten i vatnet sjølv for å koma
lågt nok til å få med  speglinga ---
The sun is getting lower and lower, and I myself almost
fall into the water to get this picture! Difficult to avoid
wet points for the knees and elbows, not to speak of the 
stools from grassing cows --- But it was worth it, wasn't it?

Mykje lettare å ta dette; treng berre å halda
handa framfor sidesola.
Much easier to take; this one only takes a hand
to protect the lens from direct sunlight

Skal akkurat til å pakka vekk stativet, då eg
ser ned - og der ligg denne og ropar!
On my way to fold the tripod - but look, just at the
leg this feather lies, begging to be captured!

Rett før. Rett vest!
Just a minute - and then it's gone!

Og vips, så er dei gule fargane skifta ut med rosa.
All of a sudden, the yellow colours have changed to pink!

Allereie før sola går i havet, byrjar det å skymast.
Eg pakkar sakene og går sakte heimover.
Even before the sun goes beneath the horizon, darkness approaches.

Enno er det likevel lyst nok til å starta ein
svermetur utover i kvelden ---
If you want, you can still have som beautiful,
romantic minutes out there ---

tirsdag 14. august 2012

Jettebra på Sinnes

Endeleg: skikkeleg sommarvarme og sol frå skyfri himmel - og eg kunne reisa på himmeltur til eit jordisk paradis mindre enn to timars biltur heimanfrå! Alle bilda er tekne med Nikon D7000, Nikkor 16-85 mm, handhalde kamera.

Finally, after a cold and rainy summer: we had a wonderful, warm and sunny weekend at Sinnes, less than a two hours drive by car from Stavanger. Handheld Nikon D7000 and Nikkor 16-85 mm were used for all the pictures.

Fossen i Sira, ved utløpet av Sinnesvatnet, er eit eldorado for bading for store og små! Jettegryter med solvarmt vatn, fossestryk for hardhausar, stille vatn for dei meir sedate - der er gode forhold for alle behov.
The waterfall in the river Sira, where it starts out from the
lake at Sinnes, is like paradise for all generations.

 Det tok lang tid før eg rakk å tenkja på å
bada - her var så mykje flott å sjå!!
I forgot about bathing - there were too many wonders to discover!

 Jettegryter fanst i fleng, i alle storleikar og fasongar.
Potholes in all sizes were all over the place

 Kan hende er det forureining, men det får stå
sin prøve: dekorativt er det så det held!
This might be pollution - but it's decorative anyway!

 Det ser ut som ein kan bli sugd ned bak
steinen - best å liggja unna!
Suction behind the stone -??

 Jetten sitt auge
The troll's eye

 Fargerikt elveleie!
Unexpected colours --

Jetten har vore ute og gått ---
The troll's footprint ---

 Midt i august - og det aller første teiknet på at hausten
nærmar seg, har dala ned i ei minigryte.
The first sign of autumn ---

For oss er det uansett full sommar - luksus!
Ahhh - what a luxury!

 OK - der er fleire teikn til at hausten er på veg:
myrulla gir slepp på frøa over ein låg sko.
Well - another sign of the upcoming autumn:
the cotton grass is ready to let the seeds go

 Hm - er det noko feil her?
Something went wrong during landing :-)

 Kvelden nærmar seg, og alt som kan skina, skin.
The sun is soon setting - and everything that can possibly shine, shines!

 Medan eg fotograferer, vert desserten sirlig
tilberedt av ivrige barnehender. Mmmm!!!
Blueberries and cloudberries, picked and prepared
by the children - what a taste of sunshine!!

Plukk et strå og tre dem på - jordbær eller blåbær, samma det!
The way to store blueberries when you don't have a cup 

Tilbake i elva: fantastiske mønster blir laga heilt av seg sjølv!
Who could produce this, if not nature itself?

Straum
Speedy water, and still so calm

Gjennom skogen, på veg til bilen, ligg tjønna og
lyser. Himmelturen er slutt for denne gongen.
On our way back to the car. So simple - so beautiful!