mandag 11. juni 2012

Mangfald på Jæren

Den som trur at Jæren berre er landbruk, strender og rullestein, må tru om att! Her er eit mangfald av biotopar for levande liv, så det er berre å velga og vraka om ein vil på fotojakt!

If you think Jæren is just agriculture, beaches and rounded stones, it is time to update your view: there is such a variety in flora and fauna that you'll find interesting and beautiful motives all over the place!

Titt-tei!
Hi there!

 Trur blåmeisa har sugekoppar på tærne,
eller så er lova om tyngdekrafta berre tull!
Does the blue titmouse have glew on its toes,
or is the law of gravity just nonsence?

Tyngdekraft eller ikkje: no er det mat for små meisungar!


Gravity or not: dinnertime for small ones!

Søren og - for sein IGJEN!
 Oh no - too late for food AGAIN!

Kva meiner du med at du ikkje har med meir enn ei pittelita floge?!?
What??!! Nothing more than a little fly??!!

Kom igjen - finn noko betre!
Come on - give us at least some nice worms!

Medan fuglane lever sitt hektiske liv, flyt elva roleg forbi
i grønskimrande solglans mellom bjørk og andre lauvtre 
Busy times for birds - yet the tranquil river flowes by as always,
reflecting the green, green trees and sparkling sunlight

 Og på andre sida av elva veks det ein stor koloni
av den blåaste, skiraste tveskjeggveronika.
 On the opposite riverbank these frail, blue speedwells
lighten up the landscape

Sverdliljer gir Jæren intense fargeklattar no om dagen
 Yellow irises give intense colours to the landscape nowadays!

Og er ein heldig, kjem ein over dammar med eit livleg augestikkarliv.
With some good luck, one may discover ponds with busy dragonflies

- og meir stilleståande fuktelskande plantar. Kjerringrokk, eller -?

 - and plants that love water. Maybe these are
Equiesepums of some kind??

På heimvegen kom eg forbi Hafrsfjord, som var turkis av
algar som kjem nesten kvart år på denne tida.
Heldigvis er dei ikkje farlege for livet i fjorden!


On my way back home, I came past Hafsfjord, which is turqoise
by algeas. This happens almost every year at this time, and
fortunately it does no harm to the life in the fjord!

Strandnelliken blømer enno
The thrifts are still in blooming

Rett under Hafrsfjordbrua nyt ærfugl og terner livet i sola 
 
Just beneeth the Hafrsfjord Bridge, eider
ducks and terns enjoy the sunshine

 Og menneska veit å nyttiggjera seg ressursane i havet utanfor brua.
 The Humans know how to use the resources in the sea outside the bridge

Klart for neste økt!
Ready to catch crabs; just need some bait

Vel - det er sundag. "No crabs today, the boat has gone away ---" 
Sunday - no sale!

Ein herleg fotodag er over, og eg er kjempenøgd med å ha fått låna ei skikkeleg telelinse; tusen takk for både den og turen!!







mandag 28. mai 2012

Vår ved fossen

Denne årstida er full av omskifte; det er berre fem veker mellom dei første og dei siste bileta her! Rett nok er dei fire første tekne i Trøndelag og resten i Rogaland, men ei formidabel omskaping er det uansett.

Between the first four pictures and the rest of them, there is only five weeks. All right - the ones with snow and ice are from the middle part of Norway - and the last ones from Rogaland, on the south western coast - but the change in conditions is immense anyway!

Velkomen til isbad i siste lysglansen frå kveldssola i Hesdalen!
 Anybody for a bath in this day's last sunrays ?

April - det frys, det smeltar, det frys og snør og tinar igjen ---
 In April the weather can't decide wether it is winter or spring ---

Vel - definitivt vinter her, i Bymarka i Trondheim
 No doubt: winter is still reigning in Trondheim in April!

Forresten ser det lovande ut ein halvtimes tid etterpå.
Well - half an hour later, it looks a bit more promising ---

 
13. mai tok eg turen for å sjå om fossekallen hadde fått ungar. Synd at linsa ikkje er betre - det må det bli ei endring på!
On May 13 I went to see if the dipper had given birth yet. Sorry that the lens isn't as good as I would have wanted it to be - that shall be changed!

YES, der var tre stykke av sorten!
 YES, there were three of the kind!

Kvar vart det av maten??
 Where is the food??

Ahh - endeleg! Meg først, MEG FØRST!!!
 Finally!! Me first - ME FIRST!

Ta det no med ro, alle får!
 Take it easy - there is enough for you all

Kom igjen, di pyse, fossen er mykje kjekkare enn det badekaret ditt!
Come on, you wimp, the waterfall is much more exiting than your bathtub!

EG våga ikkje sjå meir - betre å halda seg til slikt som heng fast på ein stad!

Too scary to watch any more - this feels much safer!

Og til slutt litt god gaukesyre som dessert.
Wood-sorrel; welltasting dessert in May

tirsdag 27. mars 2012

Vår i lufta - vår på bakken - VÅR overalt!!

Privilegerte meg som bur rett i nærleiken av alt dette!! Krokodiller i sumpen i Australia er nok fine greier - men eg har rumpetroll i dammen fem minutt herifrå. Og kan noko måla seg med skogen der hasselen drysser pollen over alt, medan kvitveisen skin i kapp med sola? Syden? Takk, eg blir her, eg.

I feel so privileged to live only a few minute's walk  from all this! One fine day I might want to see the crocodiles in Australia - but for now the small tadpoles in a little pond, the pollen of the hazelnut tree, and the wonderful white anemone are more than enough to keep me in the south western Norwegian spring. LIFE is back!

Er dette resultatet av ein frosk sine bragder?
(Eg meiner - to? -?)
The result of one frogs doings?? I mean - two??

Speilegg
Fried eggs 

Og dette skal bli froskar?? Minner meir om nellikspiker!
Frogs to be? More like tacks!

25. mars - og kvitveisen er her!!

Very early spring - the first small anemones
peep up from the ground

Eg veit kvar eg skal finna dei første, skjøre spirane!

I know exactly where to find the first tiny little sprouts

Rein glede!!
 Pure joy!

Kan ikkje halda opp å lata meg fascinera av natavona ---
I can't stop being fascinated by the she-flower
of the hazelnut tree --- 

Ikkje av hannblomen heller, for den saks skuld!
 Well - the he-flower is pretty pretty too!

Her er dei i lag, i perfekt harmoni.
 Here they are together in perfect harmony.

Nøtter er gode for både menneske og ekorn
- kven åt fjorårets produksjon?
Somebody emptied the nutshell from last summer 
- a human being? or maybe a squirrel?

Takrørskogen ved vasskanten er ein flott
bioptop for mange fuglar!
These weeds are a great biotop for lots of birds!

Same sorten siv - tett i tett.
The same kind of weeds

Hyllen er i starten av bløminga, og har framleis
det herlege lilla skjeret.
The elder is in the first fase of blossom - still violet!

Heile skapningen er ein einaste jubelsong - "halleluja!" 
"Hallelujah!"

Og enno er det berre så vidt begynt - skogen
er framleis utan lauv. Berre vent!!
The trees are still without leaves - we have
so much to look forwards to!!


onsdag 7. mars 2012

Tidlegvårtur på Vestlandskysten

- nærare bestemt vest på Bømlo, ei helg i slutten av februar.
Det er kaldt, og havet er uroleg etter stormen dagen før,
så alle båtar ligg på land. 

"Hands up!"
Early spring at Bømlo, on the western coast of Norway. Ready!

 Alt ligg på vent - men bak nausta luktar det intenst av spirande ramsløk -
It's cold and the nature is still in pale colours -

- og det brest då ein knopp her og der! Den knøttvesle
natavona har ein intens raudfarge, men er så lita at
ein må leita etter ho for å oppdaga ho. Det er like kjekt
kvar vår å finna slike blomar; det gir von om nøtter til hausten!
and some tough hazelnut trees can't resist giving sparkling
red fireworks to the otherwise colourless woods!  

Han og ho - litt dårleg stelt med han, kanskje,
men ho ser heldigvis ut til å tolt vinteren ---
He and she - she seems to have mastered the winter well, but he -?

I ly av holmar og skjær er det nesten fristande å leggja utpå med garna!
Tempting to borrow a boat and try --- 

Her ute ved kysten går villsauene ute heile året, og lever gode dagar.
"Wild sheep" - they have a great time in the coastal landscape  

Midt uti myrmarkene kjem vi til den gamle kyrkjegarden 
i Vika, som var i bruk fram til 1912. Dei døde vart frakta i båt,
og borne over stokk og stein frå sjøen og opp på eit høgdedrag
der gravplassen var lødd opp.
A graveyard in the middle of nowhere; used by fishermen until 1912

Gravplassen var enno godt halden, med jarnkors
som framleis hadde tydeleg innskrift:
The graveyard is still very well kept, with names and dates easily read

"Her hviler støvet af Lisabeth Johnsdatter Vike"
- kven var denne kystkvinna, og korleis levde ho? Kvifor
døydde dei to søstrene i nabograva same dag, 11 og
17 år gamle? Romanen skrik etter å skrivast!
"Hereunder rests the dust from Lisabeth ---"   What happened to her? 

Naturen er barsk på Bømlo - som folket også er det.
The nature is rough at Bømlo, as is the people there

Der det eigentleg ikkje er liv laga, klorar dei seg fast
og finn ein leveveg uansett, og skaper ei livsutfalding
som kan ta pusten frå andre!
 Nothing can really live here - but who cares -?!

Dagen er på hell, og vi ruslar tilbake og kjem opp
til kyrkjegarden igjen. Det er i alle fall tydeleg at
her er det ikkje snakk om six feet under -!
"Six feet under" -? Well - - - no. 

Dette lyset rett før sola går i havet, er formidabelt flott!
Just before sunset

Mot nord er skyene rosa -
Towards north: pink light

 - og i vest gyller dei siste strålane skyene så alvelandet kjem fram
- and towards west: golden, glowing  light 

At sola kan gjera slik skilnad -! Same fjella her -
Amazing what difference the sunlight gives -! The same mountains are here - 

- og her!
- and here!

Vi tyner det siste som er igjen av dagslyset,
We can't stop, but use the last remnants of daylight 

men gir oss endeleg når vi er komne til vaktmeister-
bustaden ved gullgruvene på Løkling. Det var ein herleg
tur; ikkje lange stubben, men du verda kor innhaldsrik!
Finally we have to give in, anyway. We have had a wonderful day!